Nyheitsarkiv

  Nyheiter frå 2018 og bakover
 
 
  >>>23.02.19 - AVISUTKLIPP.
Lokalavisa på Stranda, Sunnmøringen, har gitt Barlia Fotballklubb litt spalteplass etter seieren i BFK-cup Bergen 2019. Du kan lese avisutklippet her.



>>>09.02.19 - ENDELIG CUPSEIER.
Etter fire finaletap i BFK-cup-samanheng, kom seieren på BFK-cup Bergen 2019. Seieren blei feira på MM Café og Bar i Bergen. Les meir på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>16.09.18 - NOK EIN ANDREPLASS.
15. september gjekk BFK-cup Oslo 2018 av stabelen. For fjerde gong i BFK-cup kom vi til finalen. Der blei TopBins for sterke. Les meir på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>20.02.18 - NY ANDREPLASS.
Lørdag 17. februar arrangerte vi BFK-cup Bergen 2018. Nok ein gong kom vi til finalen. Der blei det tap mot Team Knopfler. Les meir på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>25.10.17 - TORJUS UT/THORO INN.
Torjus debuterte i 2013. Sidan den gongen har det blitt 6 mål og mykje moro. Vi takkar for innsatsen. Inn i stallen kjem Thoro Drege som er kjent for dei fleste. Velkommen!



>>>20.09.17 - OPPDATERINGAR.
Det skjedde endringar etter BFK-cup Oslo 2017. Hans Martin passerte både Joakim og Brynjulf på toppscorerlista. Nupen klatra til 4. pl. Sjekk linkane i menyen over.


>>>20.09.17 - FINALETAP I OSLO.
Lørdag 16. september arrangerte oss BFK-cup Oslo 2017. Vi rota oss heilt til finalen, men tapte 2-1 der. Mykje bra bl.a. 29 scora mål. Les meir på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>28.04.17 - TRE NYE SPELARAR.
Tre spelarar har i løpet av dei siste dagane lagt skoa på hylla for BFK. Det er derfor gledeleg å presentere tre nye spelarar i dag. Alle har tidlegare bakgrunn frå BFK. Meir.



>>>27.04.17 - EXIT: KÅRE & KRISTIAN.
I går takk Alex for seg. I dag har Kåre Martin (14 mål) og Kristian (6 mål) takka for seg. Kåre debuterte i 2001, Kristian i 2013. BFK takkar begge to for tida i klubben.


>>>26.04.17 - ALEX TAKKAR AV.
Ein epoke er over! Alexander gir seg i BFK 16 år etter debuten. Græsen har scora til saman 13 mål frå venstrebacken. Takk for innsatsen Græs, du vil bli sakna.



>>>26.03.17 - 15 LAG I BERGEN.
BFK-cup Bergen 2017 blei ein kjempesuksess i Vestlandshallen i går. Stor takk til general Nupen for ei svært vellykka turnering. Les meir på bfkcup.barliafk.com.



>>>01.10.16 - OSLO-CUPEN AVLYSES.
BFK-cup Oslo 2016 vert avlyst. Dette på grunn av for få påmeldte lag. Vi satsar på fleire lag neste år. Les meir på cupsida www.bfkcup.barliafk.com.



>>>22.06.16 - BFK-CUP OSLO 2016.
BFK-cup Oslo 2016 arrangeres lørdag 10. september, og du kan allereie no melde på ditt lag til turneringa. Les meir på cupsida www.bfkcup.barliafk.com.



>>>06.04.16 - BFK-CUP BERGEN 2016.
I helga arrangerte vi BFK-cup og generalforsamling. Nettsida er no oppdatert med resultat, bilder og anna. Les meir om cupen på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>05.04.16 - KAKTUS OG CHAMPIS.
Som seg hør og bør blei det delt ut prisar på generalforsamlinga. Biff stroganoff ala Barlia 45 blei også servert i Bergen. Sjekk ut linken Kåringar for meir knask.



>>>29.03.16 - STOR INTERESSE.
Til helga arrangerast BFK-cup Bergen 2016. Turneringsgeneral Nupen melder om stor interesse og venteliste på deltakarsida. Les meir: bfkcup.barliafk.com.

 
 
  Nyheiter frå 2015
 
 
  >>>19.09.15 - BFK-CUP OSLO 2015.
I dag arrangerte BFK sin tredje cup for året - BFK-cup Oslo 2015 enda med kvartfinale-tap på Voldsløkka. Les meir om cupen på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>16.03.15 - BFK-CUP BERGEN 2015.
I helga blei det arrangert en ny BFK-cup, denne gong i Bergen. Åtte lag stilte på og BFK kom på en finfin andreplass. Les meir på www.bfkcup.barliafk.com.



>>>05.01.15 - OPPDATERING.
I helga arrangerte vi BFK-cup og generalforsamling. Nettsida er no oppdatert med resultat og anna. Les meir om cupen på www.bfkcup.barliafk.com.

 
 
  Nyheiter frå 2014
 
 
  >>>18.12.14 - BFK MED NY CUP.
I desember vart det bestemt at Nattcup 2015 vart avlyst. BFK syntes dette var synd og stabla på beina dagcupen BFK-cup lørdag 3. januar i Strandahallen. Les meir.



>>>09.05.14 - FEIRING I LONDON.
1. mai-helga feira Barlia Fotballklubb sitt 20-årsjubileum i London med fotballkampar, turistatraksjonar og pengepremiar. Les og sjå meir om turen.



>>>16.02.14 - TUR TIL ENGLAND.
Barlia Fotballklubb fortsett feiringa av 20 årsjubileumet med tur til London 1. til 4. mai. Les kva reiseleiar Hareide har å fortelle om opplegget rundt Englandsturen.


>>>31.01.14 - 20 ÅRSJUBILEUMSFEST.
BFK feira sine 20 år med middag og program i Barlia. Heile 18 programinnlag stod på tapetet og festen blei opna av sjølvaste Bård Tufte Johansen. Les meir.



>>>17.01.14 - SJÅ MUSIKKVIDEOEN.
Verdspremieren på Lyden av Barlia med songen Barlia var lørdag 4. januar kl. 22.00. Videoen er også å finne på verdas største nettstad for deling av videoklipp. Les meir.



>>>16.01.14 - OVER 2500 VIEWS.
Den fantastiske dansefilmen Torgeir lagde til 20-årsfesten til BFK har passert 2500 youtube-visningar. Sjå alle som dansar til Daft Punks Get Lucky. Sjå meir.



>>>14.01.14 - NOK EIN GONG I AVISA.
Barlia Fotballklubb har fått godt med spalteplass i lokalavisa siste tida. Til og med etter 20 årsjubileumet blei det ein liten sak i Sunnmøringen. Les meir.



>>>12.01.14 - OPPDATERT NETTSIDE.
www.barliafk.com er no oppdatert etter den 20. utgåva av Nattcup på Stranda. Toppscorarlister, kampfakta, kåringar, bilder med meir er på plass.


>>>08.01.14 - BARLIA FK I MUSIKK.
Lokalavisa på Stranda, Sunnmøringen, har fått auga opp for Barlia Fotballklubb sine videoar på nettet. Dei har lagt ut sak på sine nettsider. Les meir.



>>>07.01.14 - OPPDATERINGAR.
I dei nærmaste dagane vil internettsida til Nattcup på Stranda bli oppdatert med bilder og tekst frå arrangementet i helga. Les meir på www.nattcup.net.

 
 
  Nyheiter frå 2013
 
 
  >>>25.12.13 - BFK I SYLEN.
Som kjent feirar Barlia Fotballklubb 20 år i 2014, og i lokalavisa Sunnmøringen sitt julenummer er to heile sider via til jubilanten. Les avisartikkelen her.



>>>23.12.13 - OPPSETTET I BOKS.
Kampoppsettet for Nattcup 2014 er klart. Barlia Fotballklubb skal spele sin første kamp fredag 3. januar klokka 20.48 mot Roo United. Les meir på www.nattcup.net.


>>>23.12.13 - PULJENE ER KLARE.
Nattcup-puljene blei trekt i dag på klubbhuset på Stranda. På nattcup.net var det LIVE-trekning. BFK kom i gruppe med Kjelleren, Lillekay og Roo United. Les meir.


>>>17.12.13 - HØR KLUBBSANGEN!
Til 20 årsjubileumet i 2014 har Barlia Fotballklubb laga ny klubbsang. Videoen kjem under generalforsamlinga, men sangen kan du alt høre no. Les meir.


>>>26.11.13 - TEASER.
I førre månad var deler av laget i studio og spelte inn ny klubbsang. I desse dagar blir ferdigstillinga av musikk-videoen jobba med i Bergen. Ein liten smakebit får du her.


>>>24.11.13 - FØREBUINGA ER IGANG.
I 2014 feirar BFK 20 år, og føre-buinga til jubileet er alt igang. Førre helg var ein del av laget i Bergen og spelte inn ny klubbsong. Følg med på barliafk.com framover.



>>>21.10.13 - NO OGSÅ PÅ YOUTUBE.
I løpet av den siste månaden har du hatt mulighet til å laste ned og spele av "Fra bar til bar til Barlia" på nettsida vår. No får du sangen også på Youtube. Les og hør meir.



>>>15.10.13 - NY RINGETONE?
I førre månad blei studioversjonen av "Fra bar til bar til Barlia" lansert. Sangen kan du høyre her på barliafk.com. No er ringetonen klar, og du kan laste den ned her.



>>>09.10.13 - BFK - 19 ÅR!
Barlia Fotballklubb feirer i dag 19 år. Feiringa blir forbigått i stille, men førebuingane til neste års 20-årsjubileum er alt i gong. England og nye songar er nokre av stikkorda.



>>>26.09.13 - STUDIOINNSPELING.
Då Kristian kom til Barlia bidrog han ikkje berre på parketten. 2013- toppscoraren klemte til med eigen sang. No har Nupen fiksa studio-innspeling av debutsangen. Meir.



>>>25.09.13 - BARLIA ER PÅMELDT.
Påmeldinga til Nattcup 2014 er opna, og Barlia Fotballklubb har allereie meldt seg på turneringa som går av stabelen 3. til 4. januar 2014. Les meir på nattcup.net.



>>>23.01.13 - NY SPELAR PÅ PLASS.
Under Nattcup'13 lånte BFK moldenseren Kristian Havnes Klemetzen. No har Kristian takka ja til fast plass på laget. Han har valgt drakt nummer 14. Velkommen!


>>>17.01.13 - LTS TAKKAR FOR SEG.
Det vart i dag klart at Lars Thore legg skoa på hylla. Vi takkar han for innsatsen og ønsker lykke til vidare. Lars Thore debuterte for BFK i 1994 og har scora 15 mål.



>>>10.01.13 - OPPDATERT SIDE.
www.barliafk.com er no oppdatert med tekst, bilder, kampfakt osb etter forrige helgs Nattcup på Stranda. Sjekk også ut www.nattcup.net for maratontabellar og bilder.


>>>04.01.13 - NY SPELAR INN.
Det jobbast iherdig med å få på plass ein siste spelar til Nattcup. I timane før cupen startar er det ein tidlegare Molde-spelar som ser ut til å vere klar for Barlia F.K.


>>>03.01.13 - KAMPOPPSETT.
Kampoppsettet for Nattcup 2013 kan du laste ned i word-format på www.nattcup.net. Der finn du også anna oppdatert informasjon, påmeldte lag og nyhende.


>>>02.01.13 - NIC INN - FRØYSA UT.
Brynjulf ventar barn dei nærmaste dagane, og har blir derfor ikkje med på årets Nattcup. Inn som vikar kjem tidlegare FK Barlia-spelar Nicolai Græsdal.


>>>02.01.13 - SKADER OG SJUKDOM.
Det er all grunn til bekymring i BFK om dagen. Den innleigde storspelaren frå Hareid har blitt sjuk, og Herr Ringset har skada seg på ski. Nye folk er på vei inn.


>>>01.01.13 - NUPEN MØTER...
Det tredje og siste Nupen møter...-intervjuet er med ein tidlegare Barlia-spelar som under Nattcup 2013 skal spele mot nettopp Barlia Fotballklubb. Les meir.



>>>28.12.12 - NUPEN MØTER...
Dagens Nupenmøte byr på ein gammal ringrev i Barlia Fotballklubb-samanheng. Det er klart for det andre intervjuet i Nupen møter...-serien. Les meir.



>>>20.12.12 - NUPEN MØTER...
Under oppkjøringa til Nattcup 2013 har Bjørnar Nupen har satt igang ein liten intervjurunde. Første mann ut er Eivind "Buster Jr" Rønneberg frå FC Walkover. Les meir.


 
 
  Nyheiter frå 2012
 
 
  >>>02.12.12 - PROGRAMLEIAR 2013.
Det vart i går kveld klart kven som skal vere programleiar under Generalforsamlinga i 2013. Og det er ingen kven som helst som skal leie det festlege laget. Les meir.


>>>18.11.12 - STERKE SIGNERINGAR.
Sidan Stian la opp som BFK-spelar har klubben jobba med mulege nysigeringar og eventuelle låne- avtalar. I dag kan vi stolt presentere to klassespelarar. Les meir.



>>>15.11.12 - NYE DRAKTER.
Det blir i disse dagar jobba med nye drakter i klubben. Draktsjef Torgeir Hoff melder om tidenes finaste BFK- drakter, men held ellers korta tett til brystet ang. utsjånad.


>>>12.11.12 - STIAN TAKKAR AV.
I slutten av forrige måned meddelte Stian Melchior at han gir seg i BFK. Stian har vore med sidan 1999 og har scora 42 mål. Takk for innsatsen og lykke til vidare Stian.



>>>09.11.12 - VENTELISTE OPPRETTA.
Påmeldinga til Nattcup 2013 har vore svært god, og på herresida er alle dei 24 plassane fyllt opp. Venteliste er oppretta for den populære cupen på Stranda. Meir.


>>>28.10.12 - BFK ER PÅMELDT.
I går var det opna for påmelding til Nattcup 2013, og allereie i dag er det påmeldt 5 lag. Barlia Fotballklubb er eit av dei. Les meir på www.nattcup.net.


>>>27.10.12 - KLART FOR PÅMELDING.
På Nattcup på Stranda sine nettsider kan ein i dag lese at påmeldinga til Nattcup 2013 er i gang. Les meir om cupen på sida til vinterens vakraste eventyr.


>>>09.10.12 - EIN MYNDIG KLUBB.
Det er i dag 18 år sidan Barlia Fotballklubb blei stifta. Dette blir markert med kaker og kaffi i Barlia 45. Klubben er no myndig og kan gjere som den vil.


>>>24.01.12 - STRYK AV RONNY.
Brynjulf fekk stryk av speaker Ronny under Chippen-konkurransen som blei arrangert fredagskvelden på Nattcup 2012. Bryn sitt "Chippen-spark" er festa på tape. Sjå meir.



>>>23.01.12 - BILDER FRÅ NATTCUP.
Vi har samla nokre bilder frå Vinterens vakraste eventyr - Nattcup på Stranda, der seieren over fjorårs-vinner Melk blei ein høydare. Sjekk ut linken Bilder eller sjå meir her.



>>>16.01.12 - GENERALFORSAMLING.
Etter Nattcup 2012 var unnagjort, var det tid for årets fest, nemleg Generalforsamling i BFK. Nytt av året var samlingsstaden: kjellerstua i Barlia 45. Les meir.


>>>11.01.12 - ÅRETS SPELAR.
Kåringa Årets Sjampis - Årets Spelar vart innført for første gong i 2012. Vinnar: Alexander Græsdal. Grattis! Årets Kaktus går til Bjørnar Nupen - Sjerpings Nupvik! Les meir.



>>>10.01.12 - OPPDATERT FAKTA.
Kampfakta, toppscorarlister, maratontabell og så bortetter er oppdatert. Sjekk ut menyen over for dei ulike oppdateringane etter vinterens vakraste eventyr.



>>>08.01.12 - GRATTIS TIL LOS.
Barlia Fotballklubb gratulerer Los Caballeros og Podemos med seierane under Nattcup 2012. Takk til folka bak arrangementet for nok ei god turnering i Strandahallen.



>>>06.01.12 - FORSTERKNING.
BFK har i løpet av dei siste timane forhandla om ein superspiss frå austlandstraktene. Kor mykje vedkommande kjem til å spele under cupen er uklart. Time vil sjå.



>>>05.01.12 - ENDELEG OPPSETT.
Etter ein del endringar er kampoppsettet for vinterens vakraste eventyr - Nattcup på Stranda, klart. Sjå oppsettet og les meir om Nattcup på www.nattcup.net.


 
 
  Nyheiter frå 2011
 
 
  >>>24.12.11 - GOD JUL FRÅ BFK.
Barlia Fotballklubb ønsker alle ei riktig god jul. Vi gleder oss stort til den verkelege høgtida som startar fredag 6. januar 2012 klokka 18.00 i Strandahallen.



>>>23.12.11 - VANSKELEG PLAY-OFF.
Puljene til Nattcup 2012 blei trekt i dag. BFK havna i pulje HD med Stilongs, Isane og Kremen FC. Laga vi skal møte i play-off kjem frå pulje HC - "dødens pulje". Les meir.



>>>21.12.11 - SLANKARE ADM.
I går kunne barliafk.com melde om at ny administrerande direktør er på plass. I dag presenterer klubben ein slankare administrasjon. Sjå administrasjonskartet her.



>>>20.12.11 - NY ADM. DIR. I BFK.
Det vart i dag klart at Pål Sindre Frøysa går frå økonomisjef-stillinga si til å ta over for Nils Erik Espelund som administrerande direktør i Barlia Fotballklubb. Les meir.


>>>01.12.11 - JULEKALENDER 2011.
Også i år er det duka for BFKs Julekalender, og 2011-versjonen er svært lik dei forrige versjonane. Første luke vart opna i dag. Sjekk ut BFKs Julekalender 2011 her.


>>>10.11.11 - INGEN OLIVEN.
I og med at BFK Farmers blei lagt ned i går, blir det ingenting av generalforsamlinga på Oliven restaurant. Nytt festlokale er alt ordna - følg med på eventen.


>>>09.11.11 - BFK FARMERS EXIT.
P.g.a. bl.a. spelarmangel vart det i dag bestemt at BFK Farmers blir lagt ned. Laget stiller derfor ikkje på Nattcup. BarliaFK takkar for 12 fine år, og ønsker alle lykke til vidare.



>>>22.10.11 - GENERALFORSAMLING.
I 2012 prøver vi ein ny vri. Generalforsamlinga blir arrangert på Oliven Restaurant lørdag 7. januar kl. 20.00. Noko blir nytt, men det meste blir som før. Les meir.


>>>21.10.11 - BFKs JULEBINGO 2011.
6. juledag (30.des) kl. 20.00 blir det vorspiel og julebingo på paviljongen på Fursetsida på Starndafjellet. Ta mynt og gode vennar. Sjekk ut eventen her.



>>>28.09.11 - NATTCUP 2012.
Leiinga i Nattcup på Stranda har gjort klart for påmelding. Barlia Fotballklubb stiller med begge laga første helga i januar. Sjekk ut www.nattcup.net for meir info.



>>>05.08.11 - BFK BABES AVVIKLA.
Jentene i BFK Babes har i sommar bestemt seg for å legge ned laget grunna tynn stall og stadige utskiftningar. Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen og sju kjekke år.


>>>18.01.11 - 301 FOR SHADWELL.
Etter Nattcup 2011 blei Shadwell det første laget som passerte 300 poeng på Nattcup sin maratontabell. Det er svært tett i toppen. Damer: her. Herrer: her.



>>>17.01.11 - FESTRAPPORT.
Etter Nattcup 2011 fulgte  som vanleg Generalforsamlinga. Referat med bilder, film og tekst finn du under linken Generalforsamlingar i menyen over. Eller trykk her.


>>>16.01.11 - EIT SISTE FARVEL.
Til Generalforsamling 2011 hadde Henrik laga ein avskjeds-film kalla "Eit siste farvel". BFK Bedrift er ikkje lenger, men dei lev vidare gjennom filmen som du no kan sjå her.



>>>15.01.11 - BESØKSTALL 2010.
Nettavdelinga til BFK har utarbeidd ein oversikt over besøket på barliafk.com i 2010. Ikkje uventa er det store forskjellar på besøket i dei ulike månadane i året. Les meir.



>>>14.01.11 - MEIR OPPDATERING.
Toppscorarlista og maraton-tabellane for dei ulike Barlia-laga er no oppdatert med fakta frå Nattcup 2011. Sjå nærmare på menylinkane under Statistikk.


>>>13.01.11 - OPPDATERING N'CUP'11.
Barlia Fotballklubb sine resultat under Nattcup er no oppdatert på nettsida. Sjekk ut linken Kampfakta under dei respektive laga i hovud-menyen øverst på denne sida.


>>>05.01.11 - ØKONOMISK RAPPORT.
Barlia Fotballklubb sin økonomisjef Pål Sindre Frøysa kjem i desse dagar med sin økonomirapport for klubben. Du kan no lese eit utdrag frå denne rapporten. Les meir.



>>>02.01.11 - KAMPOPPSETT N'2011.
Nattcupstyret har lagt ut følgande kampoppsett for 2011-utgåva av den tradisjonsrike turneringa i Strandahallen. Kampane til Barlia-laga er utheva. Les meir.


 
 
  Nyheiter frå 2010
 
 
  >>>10.12.10 - JULEKALENDER 2010.
Det blei ikkje julekalender i år, men Bjørnar Nupen savna julelukene så mykje at han samla info frå ulike Nattcup-lag. Derfor blir det kalender likevel. Nr 10 er årets første luke.


>>>15.10.10 - INFO OM GENERALFOR.
Les informasjon om Generalforsamling 2011 +  Avskjedsfest for BFK Bedrift, samt kven som blir programleiarpar for den store kvelden på Møteplassen. Les meir.



>>>13.10.10 - SPELARAR INN OG UT.
I slutten av forrige måned kunne barliafk.com melde at BFK Bedrift vart avvikla. Det har dei siste dagane vore litt opprydding i stallane i Barlia Fotballklubb. Meir.


>>>12.10.10 - IVER TIL BFK FARMERS.
Det vart i dag klart at Iver Ringstad Krohn blir Barlia F.K. Farmers-spelar. Ein fin tilvekst for Farmarane som har mista to spelarar siste tida. Meir informasjon kjem i morgon.



>>>26.09.10 - BEDRIFT ER HISTORIE.
Etter seks år og åtte cupdeltakingar vart det i dag bestemt at Barlia F.K. Bedrift vert lagt ned. Dette kom fram etter at det vart opna for påmelding til Nattcup 2011. Meir.


>>>30.04.10 - NY HOVUDSPONSOR.
Barlia Fotballklubb har vore utan hovudsponsor nokre år, men etter gode forhandlingar med Engeset Mekaniske Verksted i løpet av våren, vil BFK fane logoen til EMV. Meir.



>>>18.02.10 - BFKs NUMMER 6.
Etter Ole Petters bortgang i 2007, valgte vi i Barlia Fotballklubb å frede spelartrøye nummer 6. Til minne om Ole Petter har vi også laga ei minneside. Les meir.



>>>08.02.10 - NYE SKJORTER I SAL.
BFK slepp i dag fire nye skjorter i webshopen. Har du sansen for Adm. dir. Espelund? Kjenner du Thoro? Likar du Torgeir? Eller er Barlia best på russisk. Les og sjå meir.



>>>17.01.10 - GENERALFORSAMLING.
For sjette året på rad kunne Barlia Fotballklubb invitere til generalforsamling på lørdagen etter at Nattcupen var ferdig i Strandahallen. Les meir her.


>>>14.01.10 - ADMINISTRASJONSKART
Den stadig veksande administrasjonen i Barlia Fotballklubb, har gjort til at www.barliafk.com har sett seg nødt til å sette opp eit kart. Les meir her.



>>>13.01.10 - INTET NYTT PÅ TOPPEN.
Maratontabellane for Nattcup på Stranda er oppdatert med resultata frå 2010-versjonen av turneringa. Trykk her for damene sin maratontabell, og her for herrene.


>>>12.01.10 - RESULTAT OPPDATERT.
Nattcup 2010 er historie, og Barlia Fotballklubb si heimeside er oppdatert kampfakta, toppscorerlister og BFK-ligaen. Les meir i hovudmenyen over.


 
 
  Nyheiter frå 2009
 
 
  >>>29.12.09 - ROMJULSTURNERING.
For femte året på rad blei romjulstruneringa i Barlia Fotballklubb arrangert, og det blei eit nykomponert lag som gjekk av med seieren. Les og sjå meir.


>>>29.12.09 - TO GJESTESPELARAR.
Pga spelarmangel stiller BFK Babes med to gjestespelarar under Nattcup 2010. Desse to er Maria Berge og Rikke Relling, sistnevnte skal stå i mål. BFK ønsker lykke til!



>>>28.12.09 - KAMPOPPSETT.
Etter trekninga på klubbhuset den 23. desember, er kampoppsettet til Nattcup 2010 klart. barliafk.com gir deg oppsettet med utheva kampar for Barlialaga. Les meir.


>>>17.12.09 - INGEN GOLDEN GOAL.
BFK har forsøkt å få TV2- programmet Golden goal på besøk under Nattcup. I dag vart det kjent at forhandlingane stranda, og det beklaglegvis ikkje på Stranda.
Meir.


>>>16.12.09 - PROGRAMLEIARAR.
Programleiarparet for generalforsamling 2010 blir Joakim Relling og Espen Hove. Dei to tok seg i dag tid til å svare på nokre spørsmål i førjulsstria. Les meir.



>>>15.12.09 - INFO; NATTCUP OG GEN.
Informasjon om påmelding, betaling og anna rundt Nattcup 2010 og generalforsamlinga på Møteplassen i Stranda sentrum, finn du ved å trykke på: Les meir.



>>>14.12.09 - HOVE I STILONGS.
Frontfigur for Nattcup, og Barlia F.K. sin storscorar, Espen gjorde i forrige veke eit intervju med Stilongs FK i samband med Nattcup'10 på deira blogg. Meir.



>>>12.12.09 - ROMJULSTURNERING.
Tirsdag 29. desember (5. juledag) klokka 14.00 arrangerer Barlia Fotballklubb romjulsturnering i Strandahallen. Dette skjer for femte året på rad. Les meir.



>>>11.12.09 - RETTELSE.
I går kunne barliafk.com melde om at koordinator av 1ste grad Malin Andrea ikkje skulle vere med under Nattcup 2010. Dette kan gledeleg tilbakevisast i dag :-)



>>>10.12.09 - STATUSRAPPORT - BFK.
Barlia Fotballklubb kan melde om at også i 2010 stiller alle fire Barlialaga til Nattcup. Her kjem ein liten statusrapport frå Barlia F.K., Farmers, Babes og Bedrift. Meir.



>>>09.12.09 - LIV PÅ NETTSIDENE.
Nattcup 2010 nærmar seg med stormskritt, det merkast også på dei ulike nettsidene til Nattcuplaga. Trenden frå i fjor fortsett med stadig fleire bloggar. Les meir.



>>>06.12.09 - MARIUS MOE TILBAKE!
Under Nattcup 2010 kjem Marius Moe til å aksle Barlia-trøya igjen etter fire år i Team Libya. Marius sin gjesteopptreden er i målet til laget Barlia F.K. Les meir.



>>>01.12.09 - INGEN JULEKALENDER.
Det blir ingen julekalender fra Barlia Fotballklubb i år, dette blei klart i dag, då det ikkje dukka opp juleluke for 1. desember på heimesida www.barliafk.com. Les meir.



>>>09.09.09 - 15 ÅRSMARKERING.
BFK gjorde stas på seg sjølv med eigen stand under Strandadagane fredag 4. og lørdag 5. september. Dette i samband med at klubben er 15 år i 2009. Les meir.



>>>11.08.09 - STRANDADAGANE 2009.
I samband med BFK sitt 15 års jubileum i 2009, stiller vi med stand på Strandadagane 4. og 5. sept. Det vert tombola, triksekonkurranse++ frå stand-teltet vårt. Les meir.



>>>04.03.09 - NYE VARER I SHOPPEN.
Nye produkt har no kome i Barlia Fotballklubbs webshop. Kva med ei Barlia-skjorte til hunden? Eller eit BFK babypledd? Sjekk ut fleire artiklar i BFKs Webshop.


>>>12.02.09 - STILONGS MED BLOGG.
Ein av dei store overraskelsane på Nattcup 2009 var Stilongs FK. No er også gutane frå HaNo og Vartdal å finne på den store vide veven. Sjekk ut sida deira her.



>>>06.02.09 - OPPDATERTE LINKAR.
Linkar-sida er no oppdatert med både heimesider til nye lag og nye sider til gamle klubbar. Har du tips til andre linkar vi bør legge ut? Gi ein lyd i gjesteboka. Les meir.


>>>01.02.09 - EKKEL PÅ NETTET.
Mange av klubbane, som deltek på Nattcup på Stranda, har dei siste månedane gått over til blogg. Ein av bloggane som er flittig oppdatert er ekkelogjavlig.blogg.no. Les meir.



>>>24.01.09 - EIN POKAL BLIR TIL.
Under Barlia Fotballklubb sin 15 års jubileumsfest vart glasspokalen for toppscorar-tittelen utdelt for første gong. Pokalen er av svart, oransje og klart glass. Les og sjå meir.



>>>14.01.09 - SHADWELL PÅ TOPP.
Maratontabellane for Nattcup på Stranda er no oppdatert med resultata frå årets arrangement. Trykk her for damene sin maratontabell, her for herrene.


>>>12.01.09 - OPPDATERINGAR.
Bilder, resultat og målscorarar frå forrige helgs Nattcup 2009, samt statistikk, er no oppdatert. Sjekk ut linkane for dei ulike laga i hovudmenyen over.



>>>08.01.09 - G.-FORSAMLING + 15 ÅR!
Barlia Fotballklubb arrangerte i helga den 5. general-forsamlinga i klubben si historie. Samtidlig feira klubben sitt 15 års jubileum. Fyldig rapport frå festen finn du her.



>>>07.01.09 - GR.VINNAR MED 12 P.
Bombene stod i kø under Nattcup 2009. Fleire gruppe-vinnarar, som Hoggorm, Kappa Nova og Barlia F.K., vart utslått i play-off-kampane. Les meir og Barlia-innsatsen her.



>>>02.01.09 - NATTCUP 2009.
Ventetida er over, og i kveld kl 18.00 startar vinterens vakraste eventyr. I samband med Nattcup 2009 har vi lagt ut kampoppsettet med utheva Barlia-kampar. Meir.



>>>01.01.09 - GJEST PÅ BFK BEDRIFT.
Det har lenge vore klart at Bedrift sin nr. 7, Jon D. Høyland, skal til Brasil og sole flesket under Nattcup'09. Inn som stedfortreder kjem Kim S. Flo. Vi ønsker lykke til!



>>>01.01.09 - GØTT ÅR!
Barlia Fotballklubb ønsker alle eit riktig godt nyttår. I morgon brakar det laust i Strandahallen med Nattcup 2009. Cupen vert opna med BFK Farmers-kamp klokka 18.00.


 
 
  Nyheiter frå 2008
 
 
  >>>29.12.08 - ROMJULSTURNERING.
For tredje året på rad blei BFKs romjulsturnering arrangert. Som vanleg stilte FC Walkover som gjestar. Her er ein liten rapport frå cupen i Strandahallen. Les meir.


>>>28.12.08 - BFKs JULEBINGO 2008.
Etter over 40 besøkande i fjor, vart 2008-arrangementet av BFK sin julebingo avholdt på den nyopna utestaden Grand i Stranda sentrum 2. juledag. Les meir her.



>>>27.12.08 - BFK-TRENING.
Også i år har BFK treningar i Strandahallen i romjula. Dette både for å trimme vekk juleflesket og forberede seg til vinterens vakraste eventyr. Les og sjå meir.


>>>25.12.08 - KAPPA-TIPS.
Kappa Nova har satt opp ei liste over deira favorittar og outsiderar til Nattcup 2009. Noko overraskande er Barlia F.K. ein av favorittane, har Kappa tenkt på Farmers? Meir.



>>>24.12.08 - GOD JUL!
Barlia Fotballklubb ønsker alle ei riktig god jul med å opne den siste luka i BFKs Julekalender (til høgre). Et og drikk godt, så er det berre å ladde opp til høgtida i januar! Meir.



>>>17.12.08 - BFK I NEW YORK.
Tidlegare i dag tikka det inn eit bilde til barliafk.com-redaksjoenen frå andre sida av den store dammen. Brødrene bråk er tydelegvis stor i USA. Les meir.


>>>03.12.08 - MEIR MEDIA.
I går kunne vi i barliafk.com-redaksjonen melde om spalteplass i Sunnmørsposten. I dag har BFK-kalenderen vore på Radio Ålesund og hos Konrad i SMP. Les meir.


>>>02.12.08 - KALENDEREN I SMP.
Tidlegare har BFK-kalenderen fått spalteplass i lokalavisa Sunnmøringen. I dagens utgåve av regionalavisa Sunnmørsposten er kalenderkarane igjen på plass. Meir.


>>>01.12.08 - JULEKALENDER 2008.
Den tradisjonsrike julekalenderen frå Barlia Fotballklubb startar opp i dag. Til høgre kan du opne den første luka. Kos deg med galskapen! Ris og ros kan skrivast i gjesteboka.



>>>28.11.08 - NYE HEIMESIDER.
Den nye trenden i nattcup-miljøet er blogging. I alle fall så har det dukka opp to nye klubbsider siste tida. Sjekk ut Kappa Nova og Melk sine my opera-bloggar for meir info.


>>>14.11.08 - PK BLIR MANAGER.
Det vart i dag klart at Per Kristian Vågsæter trer inn i stillinga som manager for BFK Bedrift, og sluttar dermed som spelar. Superreserve Martin Sylte blir no fast spelar.


>>>10.11.08 - BARLIA F.K. - 15 ÅR!
Generalforsamling 2009 & 15 års jubileumsfest går av stabelen lørdag 3. januar. Med andre ord blir det dobbel fest på Møteplassen kl 20.00. Påmelding skjer HER.



>>>09.11.08 - ÅRETS JULEGÅVE 2009.
Kalendersalet i BFK går knirkefritt, og det er ikkje mange eksemplar igjen. Har du enno ikkje sikra deg ein kalender, eller er du ute etter ei glimrande julegåve - Trykk her.


>>>08.11.08 - NYE DRAKTNUMMER.
BFK stiller med nye drakter til Nattcup 2009, og i den forbindelse har ein del spelarar skifta draktnummer. Du kan sjå kven under linken spelarar i menyen over.



>>>06.11.08 - OMLEGGING.
I disse dagar held vevsida barliafk.com på å leggast om. Derfor kan du få problem med nokon av sidene og linkane, men alt skal vere i orden innan kort tid.


>>>10.10.08 - NATTCUP 2009.
Forberedelsane til vinterens vakraste eventyr er alt i gang. Alle fire Barlia-laga er påmeldt Nattcup 2009, som går av stabelen 2. - 3. januar. Meir info: www.nattcup.net.



>>>30.09.08 - DUGNAD NUMMER 2.
Torvlegging ser ut til å bli ein spesialitet for Barlia F.K., og søndag 21. september var Kim V., Martin, Nils Erik (Bjørklund?) og Torgeir i aksjon i Oksvika. Sjå meir.


>>>09.09.08 - KALENDEREN I SYLEN.
Ryktet om Barlia Fotballklubb sitt kalenderprosjekt når stadig nye høgder. Lørdag 6. september pryda BFK-gjengen sistesida i lokalavisa Sunnmøringen. Les avisutklippet.



>>>01.09.08 - BARLIAKALENDER 2009.
Fotograf Cecilie Dalen har i sommar, saman med 12 utvalgte karar i BFK, laga Barliakalenderen for 2009. DU har no ein unik sjanse til å få kjøpt dette produktet! Meir.


>>>25.07.08 - DUGNAD.
I 2009 feirer BFK 15 år, og dette skal ikkje gå upåakta hen. Innkjøp av nye drakter er nemleg i kjømda, og då passar ein dugnadsjobb på Strandafjellet utmerka. Les meir.



>>>03.06.08 - CLAUS BLIR LÆRLING.
Etter 3 år som spelar i BFK Bedrift, har Storhønnjskøsen lagt skoa på hylla. Claus trer inn i ei administrerande rolle, medan Kurt kjem inn i Bedrift-varmen. Les meir.


>>>27.03.08 - BFKs PÅSKEBINGO`08.
Påskebingoen vart gjennomført lørdag 22. mars, og det vart fullt hus og stormande jubel. Faktisk så fekk vi ikkje inn fleire folk i kjellerstua. Her er ein liten rapport frå kvelden.



>>>16.03.08 - BFKs PÅSKEBINGO`08.
Etter suksessen med julebingo, har det kome forslag om å spele bingo i påska også. Derfor blir det samling i kjeller-stua hjå Sørå lørdag 22. mars (påskeaften) kl. 19.00 Meir.


>>>18.02.08 - HOMLONG TALER.
Det har tatt litt tid, men no er endeleg talen til Hans Martin ute i videoformat. Homlong fortel historia frå 2005, men 2008-versjonen har ein heilt ny vri. Sjå filmen her :-)


>>>26.01.08 - SJÅ, LAST NED OG LÆR.
Etter fleire oppfordringar er Barliasangen no lagt ut som mp3-fil, i tillegg til teksten. Du kan no sjå, høre og lese sangen. Kan du ikkje sangen frå før, så øv deg her :-)


>>>25.01.08 - GENERALFORSAMLING.
Det har tatt litt tid, men no er det lagt ut bilder og tekst frå General-forsamling 2008. I midten av februar vil det også komme ein film frå Camp Hans Martin. Les meir.



>>>11.01.08 - MARATONTABELLAR.
Maratontabellane er oppdatert etter Nattcup 2008. BFK Babes beheld 2. plassen sin, medan alle herrelaga i Barlia avanserar. Sjå tabellen for damer her. Herretabellen her.


>>>10.01.08 - ØK.AVDELINGA STYRKA.
Den økonomiske avdelinga i Barlia Fotballklubb blei for ei vekes tid sidan styrka. Frå 1. januar har klubben igjen fått økonomisjef, i tillegg til ein assistent. Les meir.



>>>09.01.08 - BARLIASANGEN.
Under Nattcup 2008 lanserte Barlia Fotballklubb sin nye klubbsang med musikkvideo, og sangen blei ein kjempesuksess. Sjå Lyden av Barlia med Barliasangen her.


>>>08.01.08 - MÅL NR. 1000 I BARLIA.
Frå 1994 og fram til Nattcup 2008 var det scora 969 mål i Barlia Fotballklubb. Kven hadde trudd at ein debutant frå Skodje kom til å bli historisk for Barlia? Les meir.



>>>07.01.08 - 30000 BESØKANDE!
Barlia Fotballklubb er stolt over å kunne melde om at i dag passerte vi 30000 besøkande på sida vår. Sidan 2000 og fram til i dag har det vore ca. 4000 besøkande årleg.



>>>06.01.08 - BFK MED OK INNSATS.
Alt i alt må vel Barlia Fotballklubb sjå seg ok nøgd med Nattcupen. BFK Babes sin fjerdeplass blei bestenotering. I veka som kjem vil det komme fleire oppdateringar.


>>>06.01.08 - LOS SIN TREDJE.
Los Caballeros stakk av med seieren på Nattcup 2008. Dette var tredje gongen Loscab vann Nattcupen, og dei har dermed fått vandrepokalen til odel og eige. BFK gratulerer!


>>>04.01.08 - SISTE NYTT!
Det er berre få timar igjen til vinterens vakraste eventyr, Nattcup 2008, og her kjem siste nytt frå alle dei fire laga i Barlia Fotballklubb. Les rapportane her.


>>>03.01.08 - STIAN OGSÅ UTE.
Det skrantar for laget Barlia F.K., i tillegg til at Græsen og Odd ikkje kjem til cupen, ga Stian i dag beskjed om at han ikkje blir med. Kim S. Flo kjem inn som erstattar.


>>>02.01.08 - KAMPOPPSETT.
Vinterens vakraste eventyr nærmar seg med stormskritt og i dag gi vi deg kampoppsettet for Nattcup 2008 med utheving for dei fire Barlia-laga. Les meir her.


>>>01.01.08 - SERVERPROBLEM.
Barlia Fotballklubb startar det nye året med serverproblem, og har ikkje fått oppdatert barliafk.com sidan romjula. Likevel ønsker vi alle eit godt nyttår, lykke til med 2008!


 
 
  Nyheiter frå 2007
 
 
  >>>30.12.07 - ROMJULSCUP.
I år som i fjor hadde Barlia romjulscup i Strandahallen. Dette først og fremst for å spele litt fotball og for å møte gamle kjente i jula. Les meir om 5. juledag-cupen her.


>>>29.12.07 - BFKS JULEBINGO 2007.
I går gjekk BFKs julebingo 2007 av stabelen på kjellerstua i Casa del Sørå. Cirka 20 stk. hadde møtt opp for å spele om fine premiar i godt lag. Her er ein liten rapport.


>>>23.12.07 - PANZER PÅ NETT.
I går starta Panzer Fotball opp si eiga nettside. Heimesida føyer seg i rekka av Nattcuplag-sider, og vi anbefalar ein tur innom www.panzerfotball.com.



>>>20.12.07 - KIM INN, NILS UT.
Etter 3 år på BFK Bedrift har Nils Einar valgt å legge skoa på hylla, men han fortsett som Ass. materialforvalterass. Inn kjem ein gammal kjenning i BFK. Les meir.


>>>15.12.07 - NYE FJES PÅ FARMERS.
Bjørnar Aure og Erlend Langelo vart i dag presentert som Barlia F.K. Farmers-spelarar. Begge gler seg til å aksle den oransje trøya, og vi ønsker dei to velkommen til oss.



>>>07.12.07 - JULEGÅVER PÅ NETT?
Det er 17 dagar igjen til jul, og du slit kanskje med julegåvekjøpa? Kanksje
BFKs Webshop kan vere løysinga? For meir info: Sjekk ut dagens luke i julekalenderen.


>>>05.12.07 - MELK PÅ INTERNETT.
I dag fekk vi meldinga om at Melk har kome seg på nettet. Vi gratulerer og legg ut den lange linken: student.hivolda.no/
~elveland/melk/Index.html



>>>01.12.07 - KALENDEREN I GANG.
Barlia Fotballklubb sin årlege julekalender startar i dag 1. desember, og det blir ei ny luke kvar dag fram til julaftan. Sjekk ut kollona til høgre, eller les meir her.


>>>30.11.07 - TORGEIR TRENG HJELP!
Likt med Nattcup08 er førebuingane til Generalforsamling 2008 i full gang, men alle ting er enno ikkje på plass. Derfor kjem Torgeir med følgande beskjed. Les meir.



>>>24.11.07 - JULEKALENDER 2007.
I dag er det ei veke til 1. desember, det betyr at det også er ei veke til BFK lanserar sin julekalender for 2007. Vi samlar i desse dagar inn info til kalenderen. Følg med! :-)



>>>15.11.07 - LIV PÅ NETTET.
Det nærmar seg Nattcup 2008, og det dei andre nattcup-laga sine heimesider vaknar atter til liv. Ei av dei er Kappa Nova si side, der det er daglege oppdateringar. Les meir.


>>>12.11.07 - CCC FOR BFK BEDRIFT.
I går stilte Barlia F.K. Bedrift på Coca Cola Cup i Bergen, og plussane var mange, laget scorte mål, det gjor også Martin i sitt comeback! Bilder og kampfakta.



>>>10.11.07 - MARTIN TILBAKE!
Etter 10 år i skugganes dal er Martin Jelle Sylte tilbake på bana. Han er tiltenkt ei jokerrolle på Bedrift. Martin har dei siste åra fungert som åndeleg rettleiar i klubben. Meir.


>>>08.11.07 - SKOTSK KUNSTVERK.
Ein av våre mange langdistanse-supporterar, Ingvild Sandnes, har sendt Barlia F.K. denne gåva frå Skottland. Vi takkar for det flotte bidraget frå Edinburgh. Cio!



>>>29.10.07 - RONNIE SLUTTAR I BFK.
BFK Farmers-spelaren Ronnie Furset gir seg i Barlia Fotballklubb etter 4 år i klubben. Han stoppar på 33 mål. Vi takkar Ronnie for innstasen og ønsker lykke til vidare.


>>>13.10.07 - NYE KLESPLAGG.
Etter eit halvt år med webshop, over 1000 besøkande og nesten 60 solgte artiklar, er det no rydda plass til nye produkt. Sjekk ut nye og gamle artiklar på shopen. Meir.



>>>10.10.07 - FORUM UT, FACE INN!
BFK-forumet, som har vore på denne sida i vel eit år, er no fjerna og diskusjonsboksane er flytta til gruppa vår på facebook. Sjekk ut facebook-gruppa vår her.


>>>09.10.07 - BFK TENÅRING I DAG!
På dagen i dag er det 13 år sidan Barlia Fotballklubb vart stifta av Joakim Sørå, etter idè frå Brynjulf Frøysa :-) Under linken Historie i menyen over kan du lese meir.



>>>08.10.07 - ALLE 4 LAGA PÅMELDT.
Det er berre nokre få døgn sidan det vart opna for påmelding til Nattcup 2008. Cupen er snart fullbooka, og alle 4 Barlia-laga er påmeldt. Meir info finn du på nattcup.net.


>>>18.09.07 - NY SERVER PÅ PLASS.
Barlia Fotballklubb si heimeside er no oppe og går igjen. Det var lenge uvisst kor lang tid serveromlegginga ville ta, men det tok ikkje meir enn ein dag før alt var på stell igjen.


>>>17.09.07 - SERVERPLASS.
Firmaet som har serverplassen til Barlia Fotballklubb si heimeside, har gitt beskjed om at www.barliafk.com ikkje vil vere tilgjengeleg dei neste dagane. Dette grunna omleggingar.



>>>04.07.07 - LAGBILDER.
Fleire har etterlyst lagbilda vi tok under Nattcup`07. No er dei to bilda lagt ut, i tillegg til at det eine bilde er har fått sponsorane våre på ei linje under. Sjekk ut her.


>>>30.03.07 - BFK PÅ FACEBOOK.
I desse facebook-tider heng Barlia Fotballklubb seg på og startar eiga gruppe på det populære nettsamfunnet, som i dag har ca 17 mill. brukarar. Gå til facebook.com.


>>>18.03.07 - GODE BESØKSTAL.
Det er ei veke sidan BFK starta opp sin webshop. Butikken har vorte godt besøkt av heile 100 ulike treff, i tillegg er 5 produkt er solgt, noko som er over all forventning.



>>>11.03.07 - BFK WEBSHOP.
BFK opnar i dag sin eigen web-shop. Butikken byr på supporterutstyr av ymse slag til ein rimeleg penge, og det beste av alt; delar av kjøpssummen går til BFK. Sjekk ut!



>>>05.02.07 - NORDFJORDEID 2001.
Det er ikkje berre "Homlongdansen" som har dukka opp i det siste. Sjå Barlia F.K. og FK Barlia si deltaking på Natt-cup på Nordfjordeid i 2001, der Barlia F.K. tok sølv. Sjå film.


>>>02.02.07 - HOMLONGDANSEN.
Under Nattcup på Nordfjordeid i 2001 oppstod "Homlongdansen", også kalla "Homlepongdansen". Etter ei opprydding i gamle cdar, dukka filmen opp. Sjå filmen her.



>>>24.01.07 - NY SIDE FRÅ ØRSTA.
Ørsta/Volda-gjengen i Systembolaget har for ei tid tilbake laga ny heimeside. Den tidlegare www.tiltopps.com er skifta ut med ein freewebs-versjon. Sjekk ut meir.



>>>22.01.07 - BEDRIFTERS PÅ NETT.
Det fantastiske bandet The Bedrifters, som har sitt utspring i Barlia F.K. Bedrift, har no opna eige nettstad. Sjå og les meir på den gilde www.thebedrifters.com.


>>>16.01.07 - GENERALFORSAMLING.
No er alt frå Generalforsamling 2007 og festen på hotellet etterpå ute på sida. Filmar av The Bedrifters og talen til Homlong er også klart. Enjoy!!
Les meir.


>>>15.01.07 - VEGEN TIL SØLVET.
Den kneskadde Hege fungerte som manager for BFK Babes under Nattcup 2007. Hennar notatar under turneringa har ført til sagaen "Vegen til sølvet". Les meir.



>>>14.01.07 - OPPDATERINGAR.
Alle tabellar og lister, samt bilder er no oppdaterte etter Nattcup 2007. Så alt frå toppscoarlista til BFK-ligaen er klart. Sjekk ut alt dette i hovudmenyen over.



>>>10.01.07 - ESPENS 150. MÅL.
Under Nattcup 2007 scora Espen Hove sitt 150. mål for Barlia Fotballklubb. Klubben bøyer seg i støvet for Hove-raua, og ser fram til dei 150 neste. Los Cab filma målet.



>>>08.01.07 - NATTCUPOPPSETTET.
Takk til alle som var med å gjere Nattcup 2007 til ein suksess. Meir info frå årets turnering, samt Generalforsamlinga og festen etterpå, kjem til helga.


>>>07.01.07 - SØLV TIL BFK BABES!!!
BFK Babes tok sølv på Nattcup 2007. I den spelemessig jamne jentefinalen blei det 2-1-tap mot Spenstige lår. Heile Barlia F.K. gratulerer jentene sine med 2. plassen :)


>>>04.01.07 - KVEN VINN NATTCUP?
I dag vart maraton-quiz-konkurransen "Kven vinn Nattcup 2007?" avslutta, og etter 3 rundar med stor deltaking, er vinnaren kåra. Les meir.




>>>03.01.07 - NATTCUPOPPSETTET.
Kampoppsettet for Nattcup 2007 er ute på heimesida www.nattcup.net for lenge sidan, her har du ein versjon med utheving for Barlia-laga. Les meir.


 
 
  Nyheiter frå 2006
 
 
  >>>31.12.06 - ROMJULSTURNERING.
I går arrangerte Barlia Fotballklubb turnering i Strandahallen. Med 4 Barlia-lag og FC Walkover vart det ein bra cup, og ei god gjennomkjøring. Les og sjå meir.



>>>30.12.06 - KVEN VINN NATTCUP? - R.3
Tredje og siste runde i den uhøgtidlege quizen "Kven vinn Nattcup?" er no ute på veven. Dei 10 finalistane er klare til å bli stemt fram som vinnar. Les meir.



>>>26.12.06 - K.V.N.? - RUNDE 2.
Vi er komen til runde 2 i "konkurranse-quizen" Kven vinn Nattcup 2007? 12 lag er utslått i første runde, og det er 18 lag igjen. Les meir og runde 2.



>>>24.12.06 - GOD JUL FRÅ BARLIA.
Barlia Fotballklubb ønsker god jul til alle med å opne siste luka i BFKs Julekalender 2006. Vil også takke alle som har vore med og bidratt til julekalenderen. Les meir.



>>>23.12.06 - TREKNING AV N.-PULJENE.
I kveld har det vore trekning av Nattcup 2007-puljene. (Les meir om trekninga på www.nattcup.net) Her er nokre bilder frå hendinga på klubbhuset.



>>>22.12.06 - KVEN VINN NATTCUP?
På fleire nattcupsider har det i den seinare tid vore ulike meiningsmålingar. Vi hiv oss på bølga, og har laga vår eigen vri på voten "Kven vinn Nattcup 2007?". Les meir.



>>>19.12.06 - BARLIA-TRENING FREDAG.
Det vert Barlia-trening på fredag 22. desember. Stad: Strandahallen Klokka: 18.15. Les meir på forumet.



>>>17.12.06 - PÅMELDINGFRIST TIL G'07.
Hittil har 19 av 42 meldt seg på Barlia Fotballklubbs Generalforsamling 2007, og påmeldingsfristen er lørdag 30. desember 2006. Meld deg på her.



>>>13.12.06 - OPPKJØRING TIL NATTCUP.
Det foregår mykje trening i BFK Bedrift-leiren for tida, men blir det trena på riktig måte? Og kva er grunnen til dei dårlege resultata dei siste åra? Les mer her.



>>>10.12.06 - PROGRAMLEIARAR 2007.
Barlia Fotballklubb offentleggjer i dag kven som blir programleiar for Generalforsamling 2007. Kven er det som har fått det ærefulle oppdraget? Er det ein ein kjendis? Ein glamour-modell? Ein tidlegare fotballspelar? Les kven det er her.



>>>07.12.06 - GODE BESØKSTAL.
Besøkstala på www.barliafk.com auka stadig. BFKs Julekalender ser ut til å trekke mange lesarar, noko som blant anna har ført til at vi i dag har passert 22000 besøkande. Dagens luke - BFK Bedrift.



>>>05.12.06 - BEDRIFT PÅ SISTE?
På heimesida til Prim presenterer dei i desse dagar ei rangering om korleis dei tur Nattcup 2007 endar. Dårleg lesing for Barlia F.K. Bedrift. Les meir.



>>>01.12.06 - BFKS JULEKALENDER.
I dag lanserer Barlia Fotballklubb sin julekalender for 2006, og første luke er alt opna. Vi håper kalenderen fell i smak i adventstida. Les meir.



>>>30.11.06 - GENERALFORSAMLING'07.
Tradisjon tru arrangerer Barlia Fotballklubb generalforsamling med middag og program lørdagen etter Nattcup. Alle spelarar og personar med verv i klubb er invitert. Påmelding skjer på forumet. Les meir om Generalforsamling 2007 her.



>>>29.11.06 - NY SIDE FOR KAPPA.
Kappa Nova har laga ny lay-out på heimesida si. Leven har utarbeidd ei snasen side med bilder, pollar og ei og anna nyhende, bl.a. om vår egen Bryn. Les meir om saka her.


>>>26.11.06 - 2007-MOTEN ER HER!!
Barlia Fotballklubb kan herved presentere Nattcup-moten 2007. I år er det oransje slips som er tingen, og skal du vere in, så er det berre å bestille. Les meir om slipsa her.


>>>25.11.06 - TO BFK-LAG PÅ CCC.
I dag vart Barlia F.K. Farmers, som andre lag i Barlia Fotballklubb påmeldt Coca Cola Cup i Sunnmørshallen lørdag 30. desember.
Meir info ligg på forumet.


>>>21.11.06 - OPPKJØRING TIL NATTCUP.
Nattcup 2007 nærmar seg, og deltakarlags heimesider kvikknar til liv igjen. BFK Bedrift er alt i gang med opp-kjøringa, noko du kan lese meir om på forumet vårt. Meir.



>>>20.11.06 - LOS CAB-TV.
Ein av dei store Nattcup-favorittane er Los Caballeros. I den seinare tida har det begynt å skje ting på nettsida deira, og no lanserer dei Los Cab-TV. Sjekk ut meir her.



>>>19.11.06 - NATTCUPVERET.
Internettsidene til Shadwell Town presenterer no veret for Strandahallen. Du kan med andre ord følge med på veret for staden som arrangerer Nattcup 2007 i starten av januar. Les meir her.



>>>18.11.06 - SPONSOR PÅ NETT.
I den seinare tid har ein av sponsorane våre dukka opp på nettet. Engeset Mekaniske Verksted AS finn du på adressa www.engeset.no. Sjekk ut!



>>>15.11.06 - BETALING.
Det vart i dag sendt ut mail om betaling til alle som har bestilt varer frå vår utstyrsponsor G-Sport Bergen. Har du ikkje fått mailen, kan du lese samme infoen her.



>>>13.11.06 - ENDELIG BESTILLING.
Bestillingsfristen for Barlia- bukser og genserar har no gått ut, og det vert sendt ut mail om betaling ein av dei komande dagane. Les meir.



>>>10.11.06 - NY DESIGN
Nattcup-laget Los Caballeros har laga nytt design på heimesida si, i tillegg til det har ein del ny info kome ut på sidene deira. Les og sjå meir på www.loscab.tk.



>>>09.11.06 - COCA COLA CUP
Barlia F.K. er i dag påmeldt Coca Cola Cup i Sunnmørshallen lørdag 30. desember. Les meir på www.cocacolacup.no.



>>>02.11.06 - NATTCUP 2007
Heimesidene til Nattcup 2007 blei i dag opna for påmeldingar. Barlia F.K. og Barlia F.K. Bedrift er nokon av dei første påmeldte laga. Les meir på www.nattcup.net.



>>>29.10.06 - BESTILLINGAR HITTIL
Til no har det komt inn 11 bestillingar (29.10.06), sjekk bestillingslista her.



>>>28.10.06 - BUKSE OG GENSER
Det er laga klart eit bestillingsskjema for kjøp av Barlia- bukse og genser på forumet. Pris for buksa: 250 kr, genseren kosta også 300 kr. Trykk her for å gå til bestillingsskjemaet.



>>>07.10.06 - NATTCUP 2007
Frå fredag 5. januar til lørdag 6. januar går Nattcup 2007 av stabelen i Strandahallen. Dette får Barlia Fotballklubb opplyst av Nattcup-leiinga. BFK stiller med samtlige lag.



>>>04.10.06 - ESPELUND VERT ADM DIR
Den tidlegare BFK-Bedriftspelaren Nils Erik Espelund går inn i stillinga som administrerande direktør i Barlia Fotballklubb. Ei av hovudoppgåvene til Nils Erik vert å oppretthalde den stabile økonomien i klubben. -Eg gleder meg til å tiltre i jobben, seier Nils i ein kjapp kommentar over telefon. Espelund startar arbeidet 1. januar 2007. 



>>>01.10.06 - "THORO" SIGNERER
Thoro Olav Drege signerer for BFK Bedrift. 11 år og 33 dagar sidan han scora sist gong for Barlia F.K., er han igjen under klubbens vingar. Vi ønsker lykke til.



>>>30.09.06 - ESPELUND LEGG OPP
Den habile BFK Bedriftspelaren Nils Erik Espelund har bestemt seg for å legge fotballskoa på hylla. Etter to år i oransje trekk forsvarspelaren seg tilbake, og Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen. Det vert i desse dagar forhandla fram ein avtale der Nils Erik skal tre inn i ei administrativ stilling i klubben.



>>>29.09.06 - NICOLAI TIL FARMERS
Det vart i dag klart at Nicolai Græsdal går frå FK Barlia til BFK Farmers. "Nicen" får der drakt nummer 13.



>>>28.09.06 - OPPDATERINGAR
Det er i desse dagar ein del utskiftningar og forandringar som vert gjort i Barlia Fotballklubb. Dette gjeld også heimesida vår, derfor kan den til tider være "nede".



>>>22.09.06 - SAMANSLÅING
Skipinga av det nye "Liabygdalaget" fører til at FK Barlia blir slått saman med Barlia F.K. Det blir i desse dagar jobba med å få klar Barlia F.K.-stallen for 2007, som kjem til å bestå av 10 spelarar, då dette er maks spelarantall ifølge nattcupreglane.



>>>19.09.06 - NYTT LIABYGDALAG
Liabygderane i Barlia Fotballklubb har i haust bestemt seg for å skipe eige lag. Dette rammar tre av fem lag i klubben vår. Barlia F.K. mistar Joakim Dalen, Ole Kr. Lied og Geir M. Lied, FK Barlia mistar Marius Moe og Kåre M. Ringset, og Barlia F.K. Farmers mistar Stig T. Lied. Dei tre første har vore med sidan 1999, dei to neste sidan 2001, og Stig har spela ein sesong i klubben. Vi takkar alle Liabygderane for innsatsen og dei fine åra. Lykke til vidare!



>>>28.08.06 - FRÅ FARMERS TIL HIL
BFK Farmers-spelarane Aril Ravnøy og Kato Vangen har i dag avslutta si tid i Barlia F.K. Dei har berre spela henholdsvis eit halvt og eit år i klubben, men går no til Hoggorm IL. Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen, og ønsker lykke til vidare.



>>>29.03.06 - SHADWELL.NO
Strandas nest største stoltheit, Shadwell Town har skaffa seg .no-domene. Sjekk du den feiande flotte www.shadwell.no.



>>>18.03.06 - NATTCUP 2006
Den habile BFK Bedriftspelaren Ole Petter, har sendt følgande filmsnutt frå Nattcupen som var i januar. Sjå filmen her.



>>>08.03.06 - FC WALKOVER
Ein ny Stranda-klubb har i vinter sett dagens lys, og vi har lagt ut link til heimesida deira under linken
Linkar i menyen, sjekk ut. (-:


>>>07.03.06 - ENERGI-CUP FOR BFK Be?
Ole Petter har lufta eit forslag til cupdeltaking for BFK Bedrift i forumet. Les meir i forumet.



>>>06.03.06 - VESTBORGCUP 2006
Bilder av BFK Farmers på Vestborgcup'06 ligg no ute. 



>>>08.02.06 - VESTBORGCUP 2006
BFK Farmers tok andreplassen på Vestborgcup`06. Dermed vart den tre år lange sigersrekka til Barlia-lag avslutta. Tabellar og resultat er oppdatert, bilder frå cupen kjem.



>>>02.02.06 - VESTBORGCUP 2006
Til helga er det Vestborgcup på Stranda, og BFK Farmers forsvarar tittelen frå i fjor. Vinn dei i år, er det fjerde året på rad at eit Barlia-lag vinn denne cupen. Alle vi andre ønsker Farmers lukke til. Full oppdatering kjem over helga. (BFK Babes stiller ikkje).



>>>26.01.06 - DIKT I GARDEROBA
Rett før Nattcup 2006 fekk Barlia F.K. følgande dikt av storskalden frå Strandadalen. Les meir.



>>>25.01.06 - INGEN CCC FOR BEDRIFT.
Det vart vanskeleg å samle troppane for BFK Bedrift til CocaColaCup i Bergen den 12. februar, men eit anna "Stranda-lag" stiller på turneringa. Les meir på www.campstranda.tk.



>>>20.01 - COCA COLA CUP??
Søndag 12.02.06 er det CCC i Vestlandshallen utanfor Bergen, og BFK Bedrift lurer på å stille lag igjen. Det er laga til eit påmeldingsskjema for Bedrift-spelarane på forumet. Sjekk ut forumet
her.


>>>10.01.06 - NATTCUP 2006.
Resultat, bilder, tabellar osb frå Nattcup 2006 er no oppdatert, sjekk ut menyen.



>>>09.01.06 - GENERALFORSAMLING.
Mykje info med bilder og tekst frå Generalforsamlinga og festen etter Nattcup er lagt ut på linken Generalforsamlingar. Les meir.



>>>07.01.06 - NATTCUP 2006.
Barlia Fotballklubb gratulerer Prim med sigeren på Nattcup 2006, vi gratulerer også våre eigene gutar (BFK Farmers) med den finfine fjerdeplassen, og ikkje minst Aril, som blei årets spelar!



>>>06.01.06 - NATTCUP 2006.
Barlia Fotballklubb ønsker alle laga som stiller til Nattcup'06 lykke til!! Måtte det beste Barlia-laget vinne! Trykk her for å sjå kampoppsettet.



>>>05.01.06 - NY LINK.
Det er lagt ut ny link på linkar-sida.



>>>04.01.06 - NATTCUP 2006.
I samband med turneringa til helga, luftar ein av Barlia F.K. sine eminente angriparar tankane sine. Les meir.



 
 
  Nyheiter frå 2005
 
 
  >>>31.12.05 - FELLESTRENINGAR.
I romjula 2005 gjennomførte vi to treningar for å få vekk litt juleflesk og få litt ballkontroll. Les meir.



>>>30.12.05 - BFK BEDRIFT I 100!!
Sjølv om det var fellestreningar i romjula, satte BFK Bedrift opp eigne ekstra-treningar. (For å verte enda betre??). Les og sjå meir her.



>>>26.12.05 - T. HOVE TIL FK BARLIA.
Etter at Marius måtte hive inn handduken til Nattcup, har FK Barlia fått seg ein ny keeper. Les meir.



>>>24.12.05 - GOD JUL.
Det meldast om god julestemning og kos frå alle "BFK-heimar", god jul!!



>>>23.12.05 - TREKNING NATTCUP 2006.
I dag vart gruppene og kampoppsettet for cupen i januar klart. Les meir.



>>>21.12.05 - NATTCUP 2006.
Lite nytt frå julekalenderen dei siste dagane, men i dag kjem det ein liten kommentar frå Barlia Fotballklubb. Sjekk ut julekalenderen her.


>>>18.12.05 - FORUM.
Barlia Fotballklubb har i dag skaffa seg forum, der det meste kan diskuterast. Sjekk ut linken BFKs Forum i menyen eller trykk her.


>>>17.12.05 - NATTCUP 2006.
I dag er det ein av favorittane som skal under lupen. Desse karane overraskar ikkje om dei stikk av med pokalen til odel og eige etter Nattcup'06. Sjekk ut Los Caballeros her.



>>>16.12.05 - NATTCUP 2006.
Årets cup bli bombandert med lag frå Haram, og det er jo bra! Vasco de Fiasco er eit av dei. Les meir her.



>>>15.12.05 - NATTCUP 2006.
Kanskje eit av dei farligste laga til Nattcup, Systembolaget, orienterer om ståda i klubben her.


>>>14.12.05 - NYTT DOMENE.
Barlia Fotballklubb har skaffa seg nytt domene for heimesida. Det nye domene er: www.barliafk.com.



>>>14.12.05 - NATTCUP 2006.
Bak juleluka i dag er det melding frå Ekkel & jævlig-gjengen. Trykk her.



>>>13.12.05 - GENERALFORSAMLING.
Det er til no 31 stk som har meldt seg på Generalforsamling 2006. Trykk her for meir info og påmelding.



>>>13.12.05 - NATTCUP 2006.
I dag er det Kappa Nova sine tankar rundt cupen som vert publisert på den såkalte julekalenderen.



>>>12.12.05 - NYHEITSARKIV.
Etter at det i den siste tida har kome så mange nyhende på denne sida, har det no blitt oppretta eit nyheitsarkiv. Hurra!



>>>
11.12.05 - NATTCUP 2006.
Det var ingenting bak "julekalender-luka" i går, men i dag er det Raging Retards som kjem med litt info.



>>>09.12.05 - NATTCUP 2006.
Ei ny luke er opna i "julekalenderen" til Barlia Fotballklubb, trykk her og sjekk ut kva Prim har på hjarte.



>>>08.12.05 - NATTCUP 2006.
Nattcup 2006 ser ut til å bli ein kanonbra cup, laga strøymer på og det er tydeleg ein verkeleg god gjeng som styrer nattcup i år. For å fyre stemninga endå meir opp, vert det på denne gilde internettsida lagt ut litt førjulsinfo frå nokre av laga som stiller til cupen i januar. Først ut: Shadwell. Trykk her og les meir.



>>>08.12.05 - NYE LINKAR.
Linkar-sida er oppdatert med nye linkar.



>>>03.12.05 - NATTCUP 2006.
I går vart BFK Babes, som femte og siste lag i Barlia Fotballklubb, påmeldt Nattcup'06. Dette er første gongen alle Barlia-laga stiller på ein og samme cup. Les meir her.


>>>02.12.05 - NYTT AVISUTKLIPP.
Av den eminente Shadwell-spelaren Hogne Folkestad har BFK fått ein ny artikkel å ha i samlinga. Denne artikkelen er frå 2004 og omhandlar Nattcup'04 og 10-årsjubilêet vårt. Sjekk ut linken Avisutklipp under Fakta om BFK i menyen over.


>>>01.12.05 - NYE LINKAR.
Det har kome nye linkar på Linkar-sida, og linken Artiklar har i dag dukka opp i menyen - sjekk ut, sjekk ut!!



>>>13.11.05 - COCA COLA CUP 2005.
Barlia F.K. Bedrift deltok i dag på CCC i Vestlandshallen utanfor Bergen. Resultat og bilder er lagt ut.


>>>19.10.05 - CCC FOR BFK BEDRIFT.
Det vart i dag klart at Barlia F.K. Bedrift stiller på Coca Cola Cup i Vestlandshallen, Bergen søndag 13. november. Også eit anna "Stranda-lag" skal være med på cupen, nemleg Camp Stranda Fotball. Les meir om CS Fotball på www.campstranda.tk, og om CCC på www.cocacolacup.no.



>>>17.10.05 - NY MANN PÅ BEDRIFT.
Det vart i dag klart at BFK Bedrifts spelar nr. 11, Torstein Engeset, legg opp som Barlia-spelar. Mannen som skal fylle 11er-drakta frå no av er tidlegare manager PK Vågsæter. Vi takkar Torstein for innsatsen, og ønsker PK velkommen som spelar.



>>>01.10.05 - NATTCUP 2006.
I dag vart BFK Bedrift, som det fjerde Barlia-laget, påmeldt Nattcup 06. Frå før har FK Barlia, Barlia F.K. og BFK Farmers meldt seg på cupen. Les meir på www.nattcup.net.


>>>27.09.05 - GENERALFORSAMLING.
Lørdag 7. januar 2006 kl 20.00 er det klart for Generalforsamling i Barlia Fotballklubb. Som vanleg er det Møteplassen i Stranda sentrum som er samlingsstad etter Nattcup 06. Cupen er avvikla tidlegare på denne dagen. Trykk her og les meir.



>>>26.09.05 - TO NYE SPELARAR.
Det vart i dag klart at Stig Tore Lied og Arid Ravnøy er i BFK Farmers sin stall frå Nattcup 2006. Vi ønsker begge to hjarteleg velkommen!!



>>>23.09.05 - FØRSTE LAG PÅMELDT.
FK Barlia er herved, som første lag, påmeldt Nattcup 2006. Espen, Jogeir, Bjørnar, Torgeir, Marius, Kåre, Odd og Nicolai er klar. Lars Thore blir ikkje med denne gongen. Han reiser tilbake til USA 3. januar, og får dermed ikkje med seg turneringa og den o`store Generalforsamlinga.



>>>22.09.05 - NATTCUP 2006.
Nattcup 2006 er no klar for å ta imot påmeldingar på www.nattcup.net. Sjekk ut!


>>>22.09.05 - LOS CAB. PÅ NETT.
Los Caballeros har fått seg ny heimeside, sjekk ut www.loscab.tk



>>>26.08.05 - PRESSEMELDING.
Trykk her for å lese pressemeldinga som er lagt ut frå BFK Bedrift.



>>>01.08.05 - KNALLHARD VEKE.
Heile 5 treningar har BFK Bedrift gjennomført i veke 30. Trykk her og les og sjå meir og saka.



>>>26.06.05 - BFK BEDRIFT-TRENING.
Søndag 26.06 gjennomførte Barlia F.K. Bedrift si første trening nokon gong. Trykk her for å lese meir og sjå bilder frå treninga.



>>>01.04.05 - SESONGEN OVER.
Barlia Fotballklubb takkar alle spelerar, medhjelparar, sponsorar, motspelarar, cup-arrangørar osb for 2005-sesongen. Vi er klare for nye sprell i 2006.



>>>29.03.05 - VESTBORGCUP-BILDER AV BABES OG FARMERS LAGT UT.
Bilder av "Bronse-laget" BFK Babes og, ikkje minst, "Gull-laget" BFK Farmers frå Vestborgcup 2005, er lagt ut på respektive linkar i menyen.



>>>28.03.05 - BILDER LAGT UT.
Bilder frå Generalforsamlinga 2005, er lagt ut på linken Generalforsamlingar under Fakta om BFK.


>>>06.02.05 - BFK FARMERS VANN, BRONSE TIL BFK BABES.
Vestborgcup 2005 vart arrangert 4.- 5. februar. Farmers gjekk ubeseira gjennom trurneringa og fekk gull. I jenteklassa vann Babes bronsefinalen. Meir info på linkane over.



>>>28.01.05 - SJÅ TALEN TIL HOMLONG
Hans Martin sin tale på Generalforsamlinga 2005 er lagt ut på linken ved samme navn under Fakta om BFK og Generalforsamlingar.


>>>13.01.05 - NATTCUP 2005
No er resultater, bilder, toppscorerlister og anna frå Nattcup 05 oppdatert på dei respektive linkane over. Det vil også komme meir.



>>>09.01.05 - NATTCUP 2005
Barlia Fotballklubb gratulerer Los Caballerlos med seieren på Nattcup 05.



>>>06.01.05 - NY BFK BEDRIFT-SPELAR
Henrik Bjørdal vart i dag klar for Barlia F.K. Bedrift. Den tidlegare Kjølås- og Strandaspelaren kom til BFK Bedrift på free transfer. Vi ønsker Henrik velkommen!



>>>01.01.05 - SPELARAVGANG
Etter tre år i Barlia Fotballklubb har Martin Espelund valgt å slutte i klubben. Vi takkar Martin for innsatsen og ønsker lykke til vidare.


 
 
  >>>Til toppen.