Generalforsamling 2015

For første gong arrangerte Barlia Fotballklubb eigen cup. I og med at Nattcup 2015 blei avlyst, kom dagcupen BFK-cup som eit alternativ. Etter turneringa, der BFK enda på sjetteplass, var det som seg hør og bør generalforsamling.

Gjennomsnittsvekta i Barlia Fotballklubb vart som vanleg sjekka ut på starten av kvelden, og gjengen held seg bra. I fjor var snittet 91,38, i år 91,58. Er vi like stabile neste år?

Odd Sveinung takka for maten med en utsøkt tale. Utsøkt var også maten vi fekk servert. Takk til Margot og Cathrine som lagde gryte og foccaciabrød til dei svoltne karane.

Det var tid for å avsløre kven som skulle bli årets spelar (Årets sjampis), der spelarane sjølv bestemmer kven som skal vinne. Vinnaren med 29 poeng blei Odd Sveinung og Bjørnar måtte ta med seg kaktusen. Les meir om kåringa her.

Det var også fleire som fekk prisar. Bjørnar fekk tildelt årets hederspris, blant anna for det solide innsatsen har har lagt ned får å få til BFK-cup. I tillegg fekk han på beina ei varetelling som gav dei oransjekledde 10000 kroner i kassa.

Nytt av året var kahoot-konkurransen. Dette var ein quiz-konkurranse som gjekk over nettet. Bjørnar stakk av med kveldens tredje pris då han vann heile greia.

Utpå kvelden fekk vi besøk av Kato og Ole Magnus. Dei satte igang sin eigenkomponerte selskapsleik, som forøvrig var inngangsbilletten deira til generalforsamlinga.

Seinare på kvelden var det tid for både mimring og nye innslag. Songen stod sterkt i år og det blei framført songar på både norsk, engelsk og, hald deg fast, hindi. Det var med andre ord på tide å bevege seg vidare til Stranda hotell.
 

     Årets Sjampis - Årets Spelar 2015: Odd Sveinung Hareide                         Årets Kaktus - Årets Skjerpings 2015: Bjørnar Nupen