Generalforsamling 2012

Barlia Fotballklubb er tilbake til scratch og 1994, i 2012 er det ein klubb - eit lag. Dette førte blant anna til ein ny location for generalforsamlinga, nemleg kjellerstova i Barlia 45, og høgdepunktas tid var ikkje over.

Dei festglade gutane møtte opp ein time før enn vanleg. Klokka 19.00 var spelarar og administrasjonen klar for moro i kjellaren til Margot og Roald, Margot hadde koka ei utsøkt gryte a la Barlia og fekk vin og fine ord frå dei oransjekledde.


 

 

 

 

 


Det var mange nye innslag på årets fest. Torgeirs årvisse prisutdeling gjekk ut til fordel for blant anna Årets Sjampis - Årets Spelar / Årets Kaktus - Årets Skjerpings. Kåringa hadde fleire moment undervegs, men det heile munna ut i at spelaren med flest stemmer blei årets spelar og spelaren med minst stemmer fekk beskjed om å skjerpe seg med premien Årets Kaktus. Les meir om kåringa her.

Årets Sjampis - Årets Spelar 2012: Alexander Græsdal                         Årets Kaktus - Årets Skjerpings 2012: Bjørnar Nupen             

Nytt av året var også veging av laget. Lettaste karen var 75,6 og største bamsen var 104,1. Barlia Fotballklubb anno 2012 er 90,45 kilo, om dette er høgt eller lavt veit vi eigentleg ikkje før til neste år då ny veging vil finne stad under Generalforsamling 2013.

Årets programleiar vakna til liv etter kvart, og Alexander losa oss stødig gjennom Odd Sveinung sin takk for maten-tale, Olas takketale og Rellingens (eigenkomponerte?) leikar, for å nevne noko. Eit av kveldens største høgdepunkt var Hans Martin sin nye song "Slik er Barlia", fritt etter Jon Hjørnevik, og prisen årets toppscorar gjekk til Espen, som no er oppe i tilsammen 171 mål for klubben.

Etter at Odd Sveinung fekk ei svært så personleg gåve av Relling, gjekk Barlias nummer 10 av med seieren og potten i veddemålet "Kor mange minutt spelar Torgeir på Nattcup 2012". Oddemann sitt tips var 12 minutt, og Torgeir var på bana i 11,57 minutt. Imponerande av begge to.

Under finn du diverse bilder frå Generalforsamling 2012, før gjengen tok IngersTrans til Stranda hotell.
 


Takk for maten-tale av Herr Hareide.


Torgeir med konkurransen "Kor på kroppen?"
 
Torgeir avslører vinnaren av "Kor mange minutt spelar Torgeir på Nattcup 2012".


Personleg gåve frå Rellingen til Odd.


Espen blei årets toppscorer.


Homlongen stilte med eigenkomponert Barlia-sang, fritt etter Jon Hjørnevik.


Ola og Relling.