Generalforsamling 2006

I samband med Nattcup 2006, var det laurdag 7. januar 2006 kl 20.00 klart for Generalforsamling i Barlia Fotballklubb. Som vanleg var det Møteplassen i Stranda sentrum som var samlingstad for klubben, før vi tok turen til Stranda hotell. (Bilder nederst på sida).

I år hadde BFK ståande ein del pengar på konto, og det blei derfor spandert middag på alle i klubben, 46 av 52 stk deltok. (Takk til Coop Mega Stranda som laga ein knallgod lasagne med salat og brød). Kveldens programleiarar, Bjørnar og Torgeir, losa oss stødig gjennom eit moro program, der det først vart servert ein variert og artig BFK-quiz, deretter var det tid for prisutdelingar, og her er prisvinnarane:
(Les og sjå meir om prisvinnarane her).
 
  • Toppscorarar for 2005:
    Espen og Håkon (11 mål kvar).
    Gåve: Diplomar og namnam.
     
  • Årets prestasjon:
    Aril (Spelte stort og blei Årets spelar på Nattcup 2006).
    Gåve: Snus og diplom.
     
  • Årets bleieskiftarbeider:
    Monika (Gratulerer Monika og Knut Harald!).
    Gåve: Bleier og dipolm.
     
  • Årets muskelmann:
    Torgeir (Den treningsvillige FK Barlia-spelaren pumpar så ofte han kan).
    Gåve: New Energy og Powerade.
     
  • Årets sløving:
    Martin (BFKs åndelige veileder tek dagane roleg).
    Gåve: 10 par sokkar og ein Britney-singel, samt diplom.
     
  • Årets matros:
    Nils Erik (Etter fadesen i Bergen, fekk marinen ein ny maskot).
    Gåve: Matroshatt og diplom.


Aril og Håkon var ikkje til stades på Generalforsamlinga 2006, men resten av prisvinnarane mottok premiane sine i eigen person.


>>>Trykk her og les og sjå fleire bilder av dei
     vene prisvinnarane.

Etter prisutdelinga var det tid for konkurranse. Torgeir og Bjørnar ropte opp følgande personar: Hege, Joakim R., Odd S., Merete, Stine, Thoro, Espen og Anders F.

Konkurransen gjekk ut på at desse åtte seg imellom skulle finne ein partner og kline med, den som klina heftigast i løpet av 2 minutt vart vinnaren. Publikum var dommar, der "hyllest-metoden" var måleeininga. Det enda slik: (Tipp kven som vann??)

           
>>>Trykk her for å sjå nærmare på denne herlige konkurransen, der vinnarane drakk for å glømme??

Etter at krampelatteren hadde lagt seg, var det tid for film. Hellevik-company hadde mekka ein film frå Nattcup 2006, og programleiar-paret følgte på med ein dansefilm frå Casa del Sørå, våren  2005, eit trist syn for dansehistoria.

Folk var i siget, og etter at Jon David hadde delt ut Innsatsprisen for Nattcup 2006 til alle spelarane på BFK Bedrift, som var dagskort på Stranda skisenter, var det Odd Sveinung sin tur med takk for maten-tale, der han også reklamerte for den fantastiske vinen "Casa del Sørå".

Thoro følgte opp fjorårets tale med "Traktorhistioria", Hans Martin drog han endå lenger, og tok opp igjen tråden der han slapp i fjor.
Ein liten smakebit av Hans Martin sin tale finn du ved å trykke play i ruta til høgre.

Stemninga var i taket, og dei 60-70 gjestane på Møteplassen tok turen til Stranda hotell, som allereie var smekkfullt. I fjor vann BFK dansegolvet, men i år var konkurransen mykje hardare. Sjølv om BFK ropte høgast, var både Prim og Shadwell i fleirtal. (Prim vann turneringa fullt fortjent i år, Barlia Fotballklubb gratulerer!)

Ei kanonbra turnering med fest var gjennomført. Ekstra kred til Nattcup-styret, alt gjekk knirkefritt! Her er nokre bilder frå Generalforsamlinga, samt festen på hotellet etterpå, snakkast neste år: