Generalforsamling 2005

Barlia Fotballklubb hadde generalforsamling på Møteplassen i Stranda sentrum laurdag 08.01.05. Dette var kvelden etter at Nattcup 2005 var vel gjennomført i Strandahallen, og folk som har, hadde eller følte dei hadde ei tilknyttning til klubben fekk komme på den uformelle festen. (Sjå bilder heilt nederst på sida).

BFK gjorde stor stas på seg sjølv under Generalforsamlinga eller årsmøte i klubben. Møteplassen var fylt til randa med folk, og det vart eit lystig lag. Det var fleire høgdepunkt i den sosiale samlinga, med bl.a. dans og talar. Bjørnar spanderte mør på alle som kom etter at han hadde vunne ein mørkveil på "chippen"-konkurransen under Nattcup 2005.

Odd Sveinung opna festen, med sin apell og skål til det sosiale i fotballspelet og alt rundt det. Moralen var at det viktigaste er å ha det artig og møte gamle kjente.

Hans Martin fulgte opp med tale som toppscorar på Barlia F.K., sjølv om han spora fort av, førte han festen til nye høgder med sine pubertale historier. (Sjå talen ved å trykke play i boksen til høgre).

BFK Bedrift sitt bidrag på talarstolen var Jens Fredrik, som la ut om visjonane til bedriftslaget. Jens kunne melde om at årets målsetting var nådd i og med at BFK Bedrift klarte å score eit mål på Nattcup 2005. Neste år skal laget gå for ein seier!!

Rekka av talar vart avslutta med den tidlegare Barlia-spelaren Thoro. Her fekk vi vite mykje om "bror" hans og deira forhold på godt og vondt. Thoro forklarte, medan Henrik tegna og ringa inn dei kritiske områda. Det vart ei heildundrande avsluttning med ulike parodiar og historier.
-

Kvelden vart runda av med tur på hotellet der DJ Endre Fagerstrøm utropte Barlia Fotballklubb til "vinner" av dansegolvet, kanskje ikkje så rart
i og med at dansegolvet var smekkfullt av spelerar frå BFK.

Det var ei skamskøy kveld, og vi håper Generalforsamlinga 2006 blir like bra. Snakkast til neste år!!