Nupen møter... Brynjulf Frøysa - 28.12.2012

Då er turen komen til det andre offeret i intervjurunden. Denne gongen er ingen ringare enn ein av veteranane i klubben, Brynjulf Frøysa. Mannen med fleire kallenavn enn der er lag på Nattcup!

Det er jo snart Nattcup, årets høgdepunkt, og redaksjonen er spent på forma til vår alles trucker?

Forma er som vanleg spissa inn mot årets (strengt tatt einaste) sportslege høgdepunkt. I kva grad dette vil gi utslag på parketten er likevel meir uviss. Så lenge eg klarer meir speletid enn årets programleiar samt scorar eit mål eller to mot Kappa i kjent stil så får det være godkjent!

Det er jo eit par nye ansikt på laget i år. Har du nokon forventningar til Torjus og Kåre Martin?

Det må være lov å stille store forventningar til begge to med tanke på bakgrunnen deira og det faktum at Barlia F.K ikkje hentar inn kva som helst. Her har klubben gjort ein god jobb som det vil bli hausta frukter av i løpet av cupen! At Torjus har levd det gode liv i Geiranger i periodar får vi håpe ikkje har satt han for mykje tilbake, medan rykta frå sikre kilder skal ha det til at det ikkje er noko å frykte på forma til fortsatt lovande og evigunge comeback-kid Ringset.

Vi forventa jo i år, som dei fleste tidligere år, at Hans Martin kjem i sitt livs form. Ser du for deg Homlongen på årets lag?

Hanse-mann leverar jamt og trutt kvart år, like sikkert som at Mintu-eimen legg seg tjukk i nr. 45 og at vår kjære elektrikar blir årets spelar. Men dessverre, Hans Martin når nok ikkje heilt opp til årets lag trass solid innsats. Er redd husbygging har hatt sin pris i år, men håpar sjølvsagt å bli motbevist! Har i år meir trua på unge Hoff som ein runner-up som kan snuse på ein slik plass. Så slepen teknikk og kropp bygd for små flater skal ein leite lenge etter!

Dine forventningar til kem som kjem på årets lag? Og som blir årets spelar?

For vår eigen del, enkelt! Græs og Græs! Andre lags spelarar her eg for liten kjennskap til å kunne utpeike som klare kandidatar til å komme på årets lag, men både Kappa Nova, Prim og Los Caballeros bør kunne ha representantar inne i det gode selskap.

Til slutt, har du nokon ord til alle våre lesera?

Ei riktig god jul til alle, så sjåast vi forhåpentlegvis til dyst og lystig lag første helga i januar!