Nupen møter... Eivind "Buster Jr" Rønneberg - 20.12.2012

Under oppkjøringa til Nattcup 2013 har Bjørnar Nupen har satt igang ein liten intervjurunde. Første mann ut er Eivind "Buster Jr" Rønneberg frå FC Walkover.

Det blir ikkje ett gjensyn med FC Walkover på Nattcup 2013. Det blir jo ett stort nederlag for alle som har utvikla ett lite kjærleiksforhold til laget ditt. Kva er grunnen til fraværet?

1. På papiret var vi berre 3 personar som kunne stille i år. Og så må du dele det på Walkoverkvotienten (1/2) og då hadde vi berre 1.5 personar klar. Personar på laget har tydeligvis fått seg liv, ungar og andre ting å styre med. Men, eg vel likevel å tru at vi kjem svakare tilbake neste år!

Kjem du til å være tilstede på Nattcup? Og kva er dine forventninga til turneringa?

2. Eg skal prøve mitt beste på å trykke det stygge trynet mitt opp i Strandahallen. Der skal eg vere våken heile natta, kome med djupe observasjonar og brøle litt.
Êg har nemlig med åra fått ein fetish for tre-benkane i tribuna på Strandahallen. Følelsen av ein nummen rumpeball etter 4 timar i strekk med gløsing er og forblir orgasmisk.


Har du nokon som du kjem til å holde ett ekstra godt auge med på? Barlia FK har jo 2 nye ansikt på parketten i unge Torjus Aaland og den meir etablerte stjerna Kåre Martin Ringset.

3. Torjus Aaland har eg alltid hatt eit sensuelt forhold til og trur han kjem til å bli viktig. Men, så lenge så draktene er Barlia-oransje, så lyser mine auger opp. Ser òg fram til at Torgeir Hoff skal ta overstegsfinter.

Vi veit jo alle at du kjem til å bli stjerna på festen. Men, har du nokon tankar om årets lag og spelar?

4. Eg såg at laget Dunder Mifflin var påmeld, noko som innstinktvis fekk meg til å fnise. Tenk om Dwight Schrute spelar på det laget?
Nei, eg seier det eg har sagt før, Torjus Aaland årets spelar og Prim årets lag.


Til slutt. Har du nokon ord du vil dele med alle våre lesera no i tida før Nattcup?

5. Nattcup er eit viktig anker og eit fantastisk arrangement. Nattcup er helga då vi kan mimre, elske og sutre. Vi kan sitje i tribuna og bli daudtrøtte og love at neste år, då skal vi leggje oss tidleg! Gler meg!


Takk for at du tok deg til å svare. Og alle vi i Barlia kjem til å savne deg og dine lagkamerata på parketten.