Sterke signeringar - 18.11.2012

Sidan Stian Ljøen Melchior la opp som BFK-spelar har klubben jobba med mulege nysigeringar og eventuelle låneavtalar. I dag kan vi stolt presentere to klassespelarar.

Første mann ut er ein gamal BFK-kjenning som spelte for laget FK Barlia frå 2001 til 2006, der scora han 14 mål i si bakspelarrolle. Vi ønsker Kåre Martin Ringset velkommen tilbake i klubben, og håpar han vil trives like godt i Barlia F.K. som han gjorde i FK Barlia. Det blir forventa ein "tilbakekomsttale" av dei sjeldne under Generalforsamlinga etter Nattcup 2013. Kåre får draktnummer 12.

Den andre signeringa er eit nytt blad i BFK-samanheng. Torjus Aaland akslar Barlia Fotballklubb si trøye for første gong under 2013-utgåva av Nattcup. I følge han sjølv er han lagets potet og kan spele i alle posisjonar, noko han heilt sikkert for høve til også. Vi forventar oss store ting av BFK sin spelar nummer 13, både på og utanfor parketten.