Tilbake til julekalenderen






 

   
   

21. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Med deltaking på Nattcup 2012 vil Barlia Fotballklubb bli det åttande laget som passerar 200 poeng på Nattcup sin maratontabell. Per dags dato er laget å finne på åttandeplass med 189 poeng. Joakim Sørå rapporterer.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Spelarane på laget er lokalisert rundt omkring i det ganske land. Bodø, Odda, Stordal, Bergen, Kristiansand og Oslo er heimstadane til dei oransjekledde, så ståda blir nok raskt oppsummert i minutta før første kampen på Nattcup 2012. Det skal likevel nevnast at superangripar Stian Melchior er tilbake etter tre år på sidelinja, og det er store forventningar til mannen som har scora 40 mål for klubben.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2012?
Det er som vanleg å komme seg frå gruppespelet og få dei 19 sluttspelpoenga.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Som tidlegare nevnt er det knytta store forventningar til fjellklatrar Muskelmelchior frå Norddal, men oberstgeneral Hareide frå det kongelege norske forsvar kan nok også overraske på parketten. Utanfor bana samlar heile klubben seg i eit håp om å få møte/lokke fram Brian i løpet av kvelden/natta.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
I og med at klubben er tilbake til 1994-nivå med ein klubb og eit lag, er generalforsamlinga blitt ein eksklusiv fest i kjellerstua i Barlia 45. Margot skal koke og servere. Tradisjonane med talar og priutdelingar lev vidare i beste velgåande. Det ryktast at Græsen skal ha stand-up.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Ønsker alle ei god jul og eit godt nyttår. Er gjerne med å bettar på kor mange minutt Torgeir Mounir Hoff for under Nattcup 2012. 100 kr på 8 minutt.