Tilbake til julekalenderen






 

   
   

20. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Folk som likar show - likar FC Walkover. Det er alltid stas å sjå dei gule og svarte på parketten. Laget er å finne på 27. plass på maratontabellen. Eivind "Buster Jr." Rønneberg har ordet.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda i klubben er eigentleg heilt ok. Meir info med bileter kan vi få tilsendt etter vi har hatt julebordet vårt. Eg trur den som held ut lengst der er i best form!

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2012?
Målsetjinga vår er vel som alltid: Vinne publikum! Men sidan dei fleste ser humor i vår galskap så kan vi kanskje gå for ein siger òg? I fjor tok vi vår første siger sidan 2006, så det smakte godt. Ja, nei..Vi går for å toppe heile driten!

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Dette er ein gamble kvart år, men i år held eg ein knapp på Bjørn Olav Vangen Aure/ Bade-Bjørn. Når han får ballen mellom beina sine er det som eit symfoni ute på bana. Riktignok kan teknikken hans samanliknast med den sjukaste dubstep-musikken, men vakkert er det likevel!

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Nei, då blir det kyrkjekaffi på bedehuset på Stranda. Der tek vi nok evalueringa òg. Ruben Silden er vår taktikar, så han har nok innspel på kvifor vi ikkje vann.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Må berre elske Barlia! Stå på folkens! Ellers kan vi love nok ein Nattcup med mykje moro og eventuelle rare påfunn. Berre gi oss ein ball det, så blir det rare greier! Veldig rare greier.

Venleg helsing FC Walkover, Eivind "Buster Jr." Rønneberg.