Tilbake til julekalenderen






 

   
   

14. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Nattcup 2012 går for første gong sidan 1999 utan Shadwell. Laget som toppar maratontabellen med 301 poeng har no takka av. Ein epoke er over og manager Geir Lillebø fortel om ståda hos gultrøyene.

1. Korleis er ståda i Shadwelleiren om dagen?
Stoda er strålande. Vi har ein haug med barn å ta tak i, og veldig kjapt nærmar det seg eit nytt Shadwell. Pål starta dette for mange år sidan, akkurat som med håravfall heng dei andre seg på. Til Nattcup 2026 bør vi ha eit lag som er kapabelt til å gå videre, samt vere slagkraftig i kjeften og på banketten. Gjengen vil nok samlast i ny og ne, men det blir meir som ein samanhengande bankett frå fredag ettermiddag til tidleg søndag med varierande lokasjonar.

2. Er Nattcup eit sakn, eller er de berre glad at det er over? Blir det comeback?
Nattcup blir eit sakn, heilt klart. Veldig mange hyggjelege folk å snakke med mellom kampane, mange å krangle med underveis i kampane i tillegg til det faktum at Manager`n har hatt 22 timar på å få ut aggresjonen som har bygd seg opp gjennom eit heilt år. På den andre sida er det mindre kjentfolk som er med enn det var før og det gjer det litt mindre attraktivt. I tillegg er det et forbanna stress å reise til Stranda første helga etter nyttår når du akkurat har kjørt den samme turen og du skal piske deg sjølv og andre opp om natta i grisever for å plage deg sjølv i ein kald hall og mot nokre kvalpar som er godt trent.

3. Kjem nokon av dykk til å vere i kulissane under Nattcup 2012?
Tobben blir der nok som representant og ikkje minst speider for Nordfjordfotballen. Vi ventar og at ei Shadwell-drakt vil liggje i midtsirkelen akkompagnert av eit minutts applaus for å hedre dei gamle tjukke skrottane. Elles er det nok fleire av spelarane som er aktuelle for andre lag, dog har vi alle på langsiktige kontrakter så eg ventar framleis på bod. Dei over 40 kan gå billig, elles firar vi ikkje på krava.

4. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Tips : Spring minst mulig, du veit kor jævlig det er med gangsperre kombinert med fyllesjuke.

Med vennlig hilsen
Geir Lillebø, Shadwell.