Tilbake til julekalenderen






 

   
   

12. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Kva er Nattcup utan speaker Ronny Ødegård? Det er det vel ingen som veit. Her er våre spørsmål og hans svar til BFKs Julekalender 2011.

1. Kva er dine tankar rundt Nattcup 2012?
Mine tankar om Nattcup er mange:
 - Nostalgi
 - Venner treffer kvarandre igjen
 - Sportsleg og sosial profil
 - Proft gjennomfør arrangement
 - Stor interesse av mange også utanom dei aktive

2. Kven vinn Nattcup 2012?
Puma Queens vinn dameklassa og i herreklassa veit eg ikkje kven som er påmeldt. Trur Shadwell er ferdig i toppen. Nei det vert eit lag frå Haram.

3. Finns det speakerar som kan matche deg på Stranda, i så fall kven?
NEI, det finst ikkje spekarar i Nord-Europa som kan matche meg for og seie det på ein "rølete" måte. Har ennå ikkje tatt ut maksnivået, men Per Tronsen er nok meir "pervers" i sin speakerstil vil eg tru.

4. Ser Nattcup slutten, eller vil den vare evig?
Nattcup bør vare evig om det er nok ressurser som tek tak. men det har komt fleire hallar og arrangemnet rundt omkring som "hermer" etter Strandakonseptet, men ingen vil matche opplegget uansett. Samtidig så er det noke med miljøet rundt Shadwell, Prim og desse Barlia-laga, ja med fleire lag. Det kjem fleire døgnfluger med tida!

4. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
STÅ på alle nattcup gjengangarar både på -og utanfor bana. Håper vi får sjå mange av dåkke i Strandafotballen både i notid og fram i tid. Håper FC Walkover tek tak i spelarlogistikken sin i år og presenterer Christian Jelle Sylte i eit anna format denne turneringa. Barlia Bedrift bør tilbake i manesjen og gutter som Lillestøl og Rødseth bør ha eit snev av fotball i seg før dei stiller. Lars Ringstad har rutina og flyte på. Håper også Christian Malmo får seg eit mål i denne turenringa og at Tobben Langlo lykkast iallefall i teorien for Shadwell! Eg har mykje meir på hjartet men stopper her...

Ja sørn, håper Trøskå har same plass på tribuna i år! Ole Magnar bør halde seg unna kåringa av årets spelar, for fotball har han ikkje greie på.

Lykke til alle saman og god jul så lenge :)

Mvh.
Ronny Ø