Tilbake til julekalenderen






 

   
   

10. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Bak dagens juleluke finn vi Panzer Fotball. Panzergjengen finn vi på 34. plass på maratontabellen. Anders Tronstad har ordet.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda kunne knapt vore betre i klubblokala til Panzer om dagen. Klubben og stallen har fått ein ny giv, med nye fjonge drakter frå tekstil-leverandøren Nike og ei Facebook-gruppe som er så aktiv at mobilen pip for notifications i eit sett. Fleire av oss har til og med byrja med futsal! Iver Krohn og Martin Espelund (begge på årets lag ved førre turnering) er no henholdsvis fotballinvalid og skiløpar, så dei blir vekke, men vi er trygge på at vi har funne gode substitutt.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2012?
Målsettinga er å levere ei minst like god turnering som dei to føregåande åra vi har delteke: Kvartfinale. Vågalt, all den tid vi ikkje har ei skikkeleg keeper-løysning pr. dags dato (I skrivande stund 8. november), men det er viktig å gå ut høgt.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Når det kjem til spelarar ein skal sjå opp for, så er det vanskeleg å kome utanom ein revitalisert Nicolai Græsdal. Mannen har gått ned 40 kg (!) og har spelt regelmessig futsal i heile vinter, så her stillast det skyhøge krav frå omgivnadane. Elles så er det alltid knytt spaning til Yngve Midthjell og kva forfatning han er i. Ein parkett-virtuos (I si tid krinsmeistar innandørs saman med Gunnar Espelund for Stranda) som vi kun høyrer frå ein gong i året, og det er under nattcup. Sist gong vi stilte fekk han raudt kort i ein amper kvartfinale mot Vestnes Futsal, og der enda også ferda våra. Viktig mann!

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då tek mest truleg Nicolai Græsdal seg ein proteinshake og ei skive lavkarbobrød med cottage cheese og avokado, før vi sett kursen for det slitte gjestgiveriet ved lakeseelvas bredder. Der blir det mest truleg å finne ei tilbaketrukke rolle i baren, der vi, akkurat passe elitisk og hipster-aktig, skal hovere over eurodancen som blir spelt i "dænsingen".

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Åtvaring gjeng ut til Hoggorm, som på mange måtar er vår dikotom i Nattcup-landskapet: Der dei stiller med herda 3.div-spelarar, folk med kampar i 1.div for Hødd og fabelaktige sveisar, så stiller vi med folk med 30 a-kampar for Stranda, ferdigspelt karriere, keisame ingeniørjobbar og ruskete sveis. Vi vonar at vi treffast på parketten, og at vi kan syne at kollektivisme vil slå individualisme! Ha elles ei god jul, og ein stor takk rettast til dei som tek på seg å organisere dette.