Tilbake til julekalenderen






 

   
   

8. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Nattcup på Stranda går utan BFK Bedrift. Laget takka av i 2010. Då hadde laget spelt 31 kampar, vunne 0 kampar, spelt uavgjort 1 kamp og tapt 30 kampar. Målforskjellen blei til slutt 11-228, eller -217. BFKs Julekalender tok kontakt med tidlegare manager for showlaget, PK Vågsæter.

1. Korleis er ståda om dagen?
Ståda er som alltid på topp.. (sensur).

2. Er Nattcup eit sakn, eller er de berre glad at det er over?
Det er klart det er eit sakn, sjølv no, månedsvis etter at vi la laget på is og etter eit ukjent antall timar med terapi, slit underteikna med nattesøvnen eit par fullmånar i året. Men klart, det er slik det må være. Vi ga oss på topp og håper minnet om kanskje det minst samspelte laget i verda vil leve vidare i alle våre fans sine varme hjarte!

3. Kjem nokon av dykk til å vere i kulissane under Nattcup 2012?
Vi blir sjølvsagt å finne i den glorete nyoppussa Strandahallen for å heie fram laget som fortsatt held seg vedlike og vi håper at vi fortsatt er velkomne på banketten. Fotballskoa er lagt på hylla, men danseskoa er nypolerte og trimma for en heilaften, det er iallfall sikkert. Det ryktast også, sidan prisen på is-spray og isposar har skutt i veret då stoltenbergregjeringa har sendt alt til nordpolen, i eit desperat forsøk på å fryse ned igjen isberga og hindre oversvømmelsen av lekteren på Aker brygge, at Claus Romle Rødseth stiller som iskald kritiker på sidelinja med eit spann kunstsnøv i si høgre hand. Dette for å ta seg av eventuelle skader på parketten. Men dette er førebels berre eit rykte.

4. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Ønske alle ei framifrå god jul og lukke til på parketten! Må også sei at eg er spent på om iTrain epedemien til Mr. Bjønnjar Nepviknes vil syne resultat!