Tilbake til julekalenderen






 

   
   

6. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Det er ikkje berre dei deltakande laga som har fått plass i årets julekalender. Leiaren for Nattcup på Stranda, Espen Hove, har også svart på nokon spørsmål.

1. Korleis er ståda om dagen i Nattcupleiren?
Alt ligg til rette for nok ei strålande helg i Strandahallen. Vi har meir enn nok herrelag tilgjengelig, så får vi sjå om vi klarer å dekke opp dei siste plassene på damesida før jul.

2. Kjem det nyvinningar eller endringar til Nattcup 2012?
Det er lite med nyvinningar og endringer i 2012. Men vi er sjølvsagt åpne for idear. Ein skal vel ikkje endre på noko som fungerar.

3. Kven vinn Nattcup 2012?
Når det gjelder damesida, så har jo Spenstige Lår sagt at dei ikkje blir med og da ligg vel veien vidåpen for Puma Queens som slår Team Taskedyr 3-1 i finalen.

På herresida er det umulig å spå ein vinner, du hadde vel fått igjen ganske mykje på oddsen hadde du satsa 100 kroner på Melk i fjor. Vi har alt i fra gamle ringrever som Kappa Nova og Prim til dei unge og framadstormande Langlo 3 Legends og Prouberelite. Av 24 lag vil eg tru at kanskje 10 lag er gode nok til å vinne. Men tek ein råsjans og sett 10 kroner på at Hoggorm klarer det i 2012, men da er ein avhengig av å behalde spelarane fra Hødd.

4. Ser Nattcup slutten, eller vil den vare evig?
Eg håper jo sjølvsagt at det varer til evig tid, men da er vi avhengig av at noken kjem å tek over stafettpinnen på arrangørsida. Eventuelt får ein halde på stafettpinnen eitt par ekstra etapper. Denne turneringa skal haldast til evig tid!!

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vil avslutte med å rette ein stor takk til Shadwell som desverre har meldt at dei legg skoa på hylla etter fantastiske år på parketten og banketten. Dykk vil bli savna! (sjåast i 2013?)

Vi møtes i Strandahallen !!

Mvh.
Espen Hove
-Nattcupgeneral-