Tilbake til julekalenderen






 

   
   

3. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

BFKs Julekalender 2011 åpnar tredje luke og finn Stilongs. Laget ligg på 19. plass på maratontabellen. Vegard Halkjelsvik rapporterer.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda i klubben er særs bra om dagen. På den sportslege fronten er det nok Cato Longva og Even Vestavik som er nermast trollforma. Når det gjeld party-forma so er Jonas Longva og Vegard Halkjelsvik dei som har best treningsgrunnlag. Om me skal tru rykta som har versert i diverse snuskeblad, har dei to vore observert på dei fleste uteplassane i Bergen. Med opptil fleire øl i handa. Om rykta er sanne, er det nok desse to som kjem til å styre det meste av showet på stilongs sitt hotellrom.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2012?
Me har allereie nådd ei målsetjing, nemleg å få vere med i Barlia sin julekalender. Sportsleg har det gått nedover etter tredjeplassen i 2009. I januar er det på tide å ta ein ny skalp. Å slå ein tidlegare vinnar som Melk eller Los Caballeros hadde vore gildt!

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Definitivt Bjørnar Levi Flem. Han er mykje bedre og mykje kjekkare enn dei andre på laget.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Når ballen er lagt død og ljoset i strandahallen er kveikja, er det store høgdepunktet når Henrik Åkre (med opptil fleire øl innabords) skal intervjuast (på engelsk) av TV Stilongs, direkte fra Stranda Hotell. Det er ei hending ingen bør gå glipp av. Tid og stad (romnummer) vert annonsert på Stilongs-bloggen rett etter at finalen er ferdigspelt.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Stilongs vil ønskje alle som deltek på nattcup ei riktig god jul, so sjåast me på nattcup! Ikkje det at me ikkje ønskjer folk som ikkje deltek på nattcup ei god jul. Det gjer me, men mest dei som deltek på nattcup. Ellers sender me ei ekstra helsing til dei kjekke folka frå Barlia!
Følg med på Stilongsbloggen fram mot nattcup for meir artig lesestoff om dei søte karane frå Stilongs. So avsluttar me med mottoet vårt: Chillan Bob Dillan!

Sjekk ut: http://my.opera.com/StilongsFK/blog/