Tilbake til julekalenderen






 

   
   

2. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Laget som får æra av å være først ute i BFKs Julekalender 2011 er Prouberelite. Laget ligg på 29. plass på maratontabellen. Emil Moltu Staurset har ordet.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Klubben er i full blomst. Vi har vore aktive på transfermarkedet, og henta inn nokre nye spelarar. Mellom anna ein særs lovande forsvarar frå Team Libya. Vi har også sendt ein spelar på treningsleir i Bali for å prøve å få eit internasjonalt preg på klubben. Elles skal forma være god på dei fleste. Ein må vel kunne seie at underteikna er det største usikkerheitsmomentet i laget.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2012?
Ein må vel seie at det vil være ein skuffelse dersom vi ikkje kjem til mellomspelet. Men det er små marginar på nattcup, så ein veit aldri kvar det endar.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Utan tvil Thomas "Totto" Kirkebø. Eg reknar med at dei fleste forsvarsspelarane i 5.div framleis treng psykisk pleie etter herjingane til denne karen.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då blir det gjerne at ein set kursen tilbake til rett side av fjorden så fort som mogleg! ;)

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
V
i gler oss noko voldsomt til nattcup, som er vinterens desiderte høgdepunkt. Kan anbefale denne linken: http://www.youtube.com/watch?v=o0Lzeuhh_tE :)

Vi sjåast på parketten!
Mvh Emil