Ronny Ødegård
-

 



 

24.
desember

Speaker og altmulegmann Ronny Ødegård er kjent for alle som har tatt del i Nattcup på Stranda. Han skjuler seg bak den siste luka i BFKs julekalender 2010. God jul!

1. Kva forventningar har du til Nattcup 2011?
Eg har alltid store forventninger til nattcup. Fulle tribuner. Mykje spennande fotball med nærvar, dramatikk og stemning. Men kanksje det viktigaste, nattcup samlar mange tidlegare fotball spelarar og setter miljøskaping i høgsetet, noko som utøve mimrefaktoren.

2. Kven blir den store profilen på laget ditt i år?
Årets damespelar trur eg faktisk i år kjem frå ein av dei unge på årets damelag til Stranda. Det har no vore mange år med ein spelar frå Spenstige lår som har mange tidlegare toppspelarar, men i år tek ei av dei unge prisen.

3. Kven blir årets spelar på Nattcup 2011?
Her er det mange om "beinet" Trur faktisk det kan verte ein svært ung spelar på denne prisen.

4. Kva er dine tankar om at Barlia F.K. Bedrift ikkje lenger er med på Nattcup?
Svært trist at Barlia FK Bedrift er fraværande. Dei er ein attraksjon med talentet spesielt mynta på andre arenaer enn parketten i Strandahallen. Eit lag med lagfølelse og stor sosial faktor. Claus Arve og Rune er nokre "hølsarar" på spakar og anleggsmaskiner, men vi skulla gjerne sett dei også i år på bana med sviande tacklinger :)

5. Har du noko eller nokon du vil trekke fram, evt gi ris eller ros?
Det er mange som kunna eller burda fått ros, men dette vil eg ikkje trekke fram fordi nattcuphistoria er lang med mange personer som har gjort ein stor innsats. Nokon går og nye kjem. Kontinuiteten i nattcup organisasjonen er viktig og kanskje viktigast er den entusiasma og ungdomsprofilen som det er i arrangørstaben. Ikkje minst så bør laga som kjem igjen år etter år ha største rosen, det viser at dette fenger og gir stoltheit i laget ein spelar for, som i neste omgang er limen og samholdet i alle dei laga som har vore med på nattcup.

Skulla gjerne vore med å vist nokre finesser, men eg trur eg held meg på sidelinja. Tippar det er eit fåtall av deltakarane på årets nattcup som er i stand til å fullføre ein maraton!! Det er lov til å prøve :)

Lykke til vil eg seie til alle som skal delta på ein eller annan måte :)