FC Walkover
-

 



14.
desember

Sjølv om det er 14. desember har Barlia Fotballklubb sin julekalender berre kome til luke 2, men for ein godbit! Værsågod: FC Walkover og Eivind Rønneberg.

1. Kva forventningar har du til Nattcup 2011?
Forventningane er vel som åra før, relativ lav. I fjor kunne vi ha teke vår første siger, men vi klussa det til med å generelt ver oss sjølv lik. Vi får vel berre herje vidare og sørge for at publikum får seg ein god skratt. Vi er ikkje så nøyen bakover, men vi vil gjerne ha meir mål framover! Det blir nok nokon scener i år òg skal dykk sjå! :P

2. Kven blir den store profilen på laget ditt i år?
Vi har blitt røva for NOK ein klassespelar. I år er det Magnus "Penta" Maråk som såg sitt snitt i å pakke snippsakene sine og reise. Han har blitt så glad i det sagnomsuste hotellet inni fjordane der, så han skal visst spele for eit lag der. Flagget har vore til halv stong lenge, men vi får berre dure på vidare. Dette fører sjølvsagt til at vi må skaffe oss ein ny person som kan ta den særs viktige "chippen". I fjor var nemleg Penta kvelden sitt største høgdepunkt i følgje Strandafotball.no. Men, kven blir ikkje profilar på laget? I år trur eg Christoffer "Toffen" Sve blir svært sentral. Dette har eg ingen grunnlag å vete noko om, men no har eg lagt lista!

3. Kven blir årets spelar på Nattcup 2011?
Årets spelar blir "Tobben". På tide han dreg seg på parketten igjen!

4. Kva er dine tankar om at Barlia F.K. Bedrift ikkje lenger er med på Nattcup?
Med sjokk og vantru las eg beskjeden på Barlia FK si vevside. Dette gjer sjølvsagt at det er FC Walkover som må føre fakkelen vidare for udugelegheit. Dette blir sjølvsagt ei mildt sagt formidabel utfordring med så fantastiske profilar på bedrift. Eg hugsar enno friskt Nils Einar Ringstad sin "power roll" frå ein tidligare Nattcup.
Vonar at dei vender attende snart, vi saknar dykk!

5. Har du noko eller nokon du vil trekke fram, evt gi ris eller ros?
Vil takke Barlia FK for å alltid ta vare på oss og ta oss under vingen. Vi takkar for genialt engasjement på Barliafk.com og romjulsturneringa som vi har fått lov til å vere ein del av.


FC Walkover skal forresten treffast 18.desember for fellestrening (julebord), så i år går vi for gull!


Venleg helsing FC Walkover
ved Eivind Rønneberg