Ny hovudsponsor for Barlia Fotballklubb - 30.04.2010

Barlia Fotballklubb har vore utan hovudsponsor nokre år, men etter gode forhandlingar med Engeset Mekaniske Verksted AS i løpet av våren, vil BFK fane logoen til EMV i framtida.

Begge partane er nøgde med avtalen som er gjort, og for Barlia Fotballklubb sin del går avtalen først og fremst ut på at klubben får sponsa 60 NIKE Dri-fit-skjorter med Engeset Mekaniske Verksted AS sin logo på bringa/magen, som vist på bildet lenger nede på denne sida. NIKE-skjorta er av materialet Dri-fit som trekk svetta vekk frå kroppen, reklamerer nike.com med.

Skjorta tilhører det samme settet som Barlia Fotballklubb kjøpte inn i fjor, og spelarane har no komplett draksett, overtrekksdress og treningsskjorte.

Alle tilsette på Engeset Mekaniske Verksted får også ei skjorte kvar som ein del av avtalen, tilsaman 10 skjorter i alt. I tillegg til dette er det avtalefesta at Barlia Fotballklubb driftar nettstaden www.engeset.no. Ta ein kikk på heimesida ved å trykke her, eller på firmalogoen over.

Skjortene vil vere ferdig hos trykkeriet i løpet av juni, og dei vil bli utdelt til spelarar og administrasjon utover sommaren.

Med dette vil Barlia Fotballklubb takke Engeset Mekaniske Verksted AS, og ikkje minst prosjektingeniør Nils Einar Ringstad, for den inngåtte avtalen. Vi håper at samarbeidet vil fungere godt.

Slik vi den nye treningsskjorta til Barlia Fotballklubb sjå ut.