Relling og Hove blir programleiarpar i 2010 - 16.12.2009

Programleiarparet for årlege generalforsamlinga i Barlia Fotballklubb er eit oppdrag som går på rundgang mellom dei ulike laga i klubben. Lørdag 9. januar er det klart for generalforsamling 2010, og paret som skal lose Barlia-folket gjennom eit forhåpentlegvis variert og fyldig program, blir Joakim R. og Espen.

Ønsker du å stille med ein programpost eller et innslag på generalforsamlinga? Då er det berre å gi ein lyd til ein av dei to Barlia F.K.-spelarane.

Utifrå bildet til høgre lova det godt for det vordende programleiarparet, steminga mellom dei to er i alle fall upåklageleg.

Under kan du lese eit kjapt intervju barliafk.com gjorde med Espen og Joakim R. no i den travle førjulstida.



 

Kvar forventningar har du til å vere programleiar under generalforsamlinga 2010?

 
Joakim R.: Forventningar? Ehmm.. Nei, har ingen forventningar, eg tek det som det kjem! Men eg trur det er viktig å ikkje ha for høge forventningar, då blir det vanskelig å levere.   Espen: Vi to kjem til å ta generalforsamlinga til nye høgder, det er eg ikkje i tvil om. Det spørs sjølvsagt kva form Rellingen er i, men høge forventningar må ein ha, så dette skal gå fint!
     


Er du nervøs foran arrangementet?
 

Joakim R.: Eg er aldri nervøs, det har eg ikkje vore sidan tyskeksamen i andreklasse på videregåande, utan at eg skal komme nærmare innpå det (les tyskhistoria :)   Espen: Eg er ikkje nevneverdig nervøs foran programleiaroppdraget. Eg er vand med å snakke foran folk i mitt virke som lærar på Stranda ungdomskule.
     


Kva trur du om din makker?
 

Joakim R.: Espen? Ja... Nei... Han blir vel berre ei støtte, så det blir nok eg som må heve programmet!   Espen: Eg håper berre at Rellingen er flinkare å snakke enn å skrive, det kjem nok til å bli ein del overraskelsa utover kvelden :)

Barliafk.com-redaksjonen takkar dei to programleiarane for svara, og ønsker dei begge lukke til under generalforsamlinga 2010.