Liv på nettsidene til Nattcuplaga - 09.12.2009

Nattcup 2010 nærmar seg med stormskritt, og det merkar ein også på dei ulike nettsidene til Nattcuplaga. Trenden frå i fjor fortsett med stadig fleire bloggar, siste skot på stamma er Prim.

primfk.blogspot.com kan du lese om kva som skjer i Haram-land og korleis ståda er med folka der ute. I skrivande stund går det ein presentasjonsrunde på Prim-bloggen, og i går var det Håkon som var under lupen - sjekk ut!

Ekkel og Jævlig-gjengen er også igang med å fyre opp stemninga til vinterens vakraste eventyr. På ekkelogjavlig.blogg.no blir stadig nye spelarar presentert i desse dagar.

Nyhende om Stilongs FK kan du lese på my.opera.com/StilongsFK/blog.

Ellers har barliafk.com-redaksjonen rydda opp i linkane i hovudmenyen over, og alle linkane skal no vere oppdaterte og i orden.

Sjekk også Nattcup sine heimesider www.nattcup.net.