Marius Moe tilbake i Barlia Fotballklubb - 06.12.2009

Under Nattcup 2010 kjem Marius Moe til å aksle Barlia-trøya igjen etter fire år i Team Libya. Marius skal vokte buret for laget Barlia F.K.

-Eg gledar meg til å kle meg i oransje og svart igjen, seier Marius over telefonen, sjølv om det berre er ein gjesteopptreden. -Eg har jo mange sesongar bak meg i Barlia Fotballklubb, og eg ser fram til å spele med gamle kjente igjen. -Å få spele på laget Barlia F.K. har eg ikkje gjort før, og eg ser på dette som et privilegium.

Marius kjem altså til å vokte det målet som Joakim Sørå har hatt ansvar for, Joakim går dette året over i ei rolle som manager og kampleiar for karane på Barlia F.K.

På spørsmål om kva ambisjonar han har for Nattcup 2010 seier Marius; -Det er klart at Barlia F.K. må tilbake i toppen, og eg vil gjere mitt for å få dei oransje opp blant topp 4 minst! -Det er viktig å ha høge mål, så årets keeper-tittelen tek eg gjerne med meg eit år til.

-Eg vil også legge til at eg synes at folka bak Nattcup bør dele ut ein publikumspris under turneringa, då vil kanskje steminga bedre seg. Stemninga er ofte god i starten av cupen, men i lange periodar er den laber. Ein pris som for eksempel årets supporter kunne kanskje vore med på å heve stemninga, avsluttar Marius Moe.

Marius spelte for laget FK Barlia frå 2001, og heilt til laget vart lagt ned i 2006. Sidan har han spelt for sitt kjære Team Libya fra feil side av fjorden.