Brødrene bråk i New York - 17.12.2008

Tidleg i dag tikka det inn eit bilde frå Statane, nærmare bestemt New York. Ein ikkje namngitt norsk turist frå sunnmørsregionen, har sendt barliafk.com-redaksjonen dette bildet. Motivet er ikkje å ta feil av! Brødrene bråk heng på ytterveggen på eit av New Yorks travlegaste varehus.

Dette er eit fabelaktig tiltak seier økonomisjef i Barlia Fotballklubb, Pål Sindre Frøysa. -Eg og bror min er ikkje framand for publisitet, så dette må vi gjerne ha meir av. Kvifor brødrene bråk pryder eit varehus i USA sin største by vil han ikkje kommentere, og viser til broren Brynjulf for meir informasjon.

Taus Sørå
Også gardemeister Sørå held korta tett til brystet. -Den amerikanske marknaden har alltid vore interessant for Barlia Fotballklubb, seier Sørå, vi føler at klubben er eit norsk eksempel på the american dream, og ser det som naturleg å etablere oss i draumens heimland. Posterane i New York har i alle fall ikkje noko med 15 års jubileumet vårt å gjere, avsluttar Joakim Sørå.

Det har ikkje lukkast redaksjonen og få Brynjulf Frøysa i snakk mellom all pizzakjøring og mørskrelling.