17.
desember



Cupnamn:
Nattcup på Stranda

Frå:
Stranda

Stifta:
1995

Nettstad:
www.nattcup.net
 

BFKs Julekalender 2008
-

 


Tilbake til hovudsida

Dagen i dag
17
. desember er den 351. dagen i året og den 352. i skuddår. Det er 14 dagar igjen av året.

1652 –
Jan van Riebeeck observerer kometen C/1652 Y1 (fra Kapp det gode håp).

1989 –
Den første episoden av The Simpsons blir sendt.

1989 –
Brasil holder det første frie valget på 25 år.


Meir info?

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå
www.barliafk.com
her
.


Meir kalender?

- Les BFKs Julekalender for 2007 her.

- Les BFKs Julekalender for 2006 her.

- Les BFKs Julekalender for 2005 her.

Det er ikkje berre Nattcup-laga som skriv i BFKs Julekalender 2008. I dag presenterer vi ei helsing frå cupleiinga. Vinterens vakraste eventyr er Nattcup på Stranda, og Nattcup-generalen har ordet:



1. Korleis er ståda i nattcupgjengen om dagen?
Ståda oss nattcupgjengen er super, vi har klart å skaffe oss nye sponsorar i finanskrisa, noko vi er særdeles fornøgd med:) Ellers er vi strålandes fornøgd med korleis påmeldinga gjekk, 3 1/2 dag på å fylle 34 plasser sei vel det meste. Så vi har særdeles stor tru på at dette blir ein ny høgdare i nattcuphistoria:):)

2. Kva forventningar har dokke til Nattcup 2009?
Vi har vel dei samme forventningar som kvart år, at alt skal gå knirkefritt utan at bråk og uro. Det har vi aldri vore plaga med, verken gjennom cupen eller på festen. Vi har også nokre overraskelsar som vil komme under cupen og dette vil noke glede den enkelte. Vi håper sjølvsagt at alle lag storkosar seg like mykje som oss gjer i løpet av 22 timar med fotball. Gleden er også stor at det kjem nye lag til "nattcup-familien". Vi ser at vi har eit særdeles godt rykte i Haram og i Volda/Ørsta området. Spesielt frå Volda/Ørsta har vi mange nye lag. Vi er fremdeles usikker på om vi skal utvide cupen med to lag på damesida, det hadde jo vore kjekt med fleire damer. Men dette vil vi ta ei avgjersle på i løpet av desember.

3. Avslutning.
   (kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Som sagt tidligare vil vi at alle lag skal kose seg under Nattcup, og det trur vi at folk flest gjer. Det ser vi også på overnattinga hjå Stranda Hotell, det er har faktisk tatt seg bra opp i år og det er enda fleire i år enn i fjor som vil delta på festen laurdag. Ei sann glede!!! Som general kan ikkje eg sei ken min favoritt til seieren er, men eg vil sei såpass at eg trur vi har ein ny vinnar som aldri før har vunne i 2009:) Kanskje Barlia?? Eg vil ellers gi stor ros til alle som har komt med kommentar og bemerkningar rundt Nattcup dei siste vekene, det er utrolig kjekt å sjå at dei samme folka kjem tilbake år etter år:) Vi hørte i fjor at Prim og Los Cab hadde spelt sin siste nattcup, men dei dukkar opp i år igjen:) Dette er ei glede:) Ellers vil eg som mr.juni i Barlia-kalenderen anbefale alle om å kjøpe kalenderen:) Dette er noko alle heimar burde ha:)

Eg ønskjer alle lag velkomen til Nattcup 2009, og hjelp oss gjerne på alle felt, slik at vi blir den beste innendørs-turneringa på SUNNMØRE:)

God Jul og Godt Nytt år:)

Mvh. Espen Hove - Nattcupgeneral:)

PS. Vi sjåast på nyåret!!!
 
Nattcup 2008 sine sponsorar: