16.
desember





Klubbnamn:
Barlia F.K Babes

Frå:
Stranda

Stifta:
2000

Nettstad:
www.barliafk.com
 

BFKs Julekalender 2008
-

 


Tilbake til hovudsida

Dagen i dag
16
. desember er den 350. dagen i året og den 351. i skuddår. Det er 15 dagar igjen av året.

1770 –
Ludwig van Beethoven blir født i Bonn, Tyskland.

1773 –
«The Boston Tea Party» som var opptakta til den amerikanske frigjeringskrigen, finn stad.

1991 –
Kasakhstan blir uavhengig (frå Sovjetunionen).

1998 –
Operation Desert Fox – Storbritannia og USA begynner å bombe Irak, grunna Iraks utvisning av FNs våpeninspektørar.

1998 –
Den første utbetalinga av kontantstøtta finn stad.


Meir info?

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå
www.barliafk.com
her
.


Meir kalender?

- Les BFKs Julekalender for 2007 her.

- Les BFKs Julekalender for 2006 her.

- Les BFKs Julekalender for 2005 her.

Etter ein andre- og fjerdeplass dei siste to åra, er det kanskje BFK Babes sitt år i år. Dei er i alle fall på offensiven i følge Andrea og Stine...

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
I løpet av året 2008 har omtrent alle på Barlia FK Babes endeleg emmigrert frå bygda og blitt fine byfolk, trafikklys & rundkjøring viser seg å vere noko nytt og framandt for fleire av oss. T.d. i byar som Trondheim, Tokyo, Brisbane, Ålesund, Bangkok og Bergen. Medan Monika framleis kan gå trygt frå Maro til Stranda Hotell utan bekymringar sidan ho har tatt på seg ansvaret for å oppretthalde folketalet heime på Stranda. PS: Noko vi tenkjer Frank Sve sett svært stor pris på.

Når det kjem til spelarform kan vi rapportere at samspelet mellom Stine og Andrea berre blir betre og betre ettersom dei no òg spelar på lag på heimebane som sambuarar i bartebyen. Merete og Hege har vorte verdsvandte og kan blandt anna kome med diverse asiatiske-kampsport-triks dersom det blir nødvendig på parketten. Kung Fu Fighting, HUH!

Raudtoppen Tonje er regjerande toppscorar på laget, noko vi håper blir oppretthaldt ved komande cup. Kamilla ligg som nr 2 på scoringslista, vil ho i 2009 klare å slå Tonje?

Malin har valgt å gå nye vegar, men er no etter eit fotballopphald komt seg tilbake på bana etter ei kort, men suksessfull modellkarriere (les: bad santa).

Beate er den yngste jenta på laget, men lat ikkje kallenamnet LISJÅ lure dokke, ho har blitt eit år eldre.

Monika har i haust varma opp til Nattcup 2009 ved å trene med 6 div. Blood, sweat and tears!!

Malin Andrea har i år som i fjor vore ein flittig dommer for Sunnmøre fotballkrets, så dersom det ligg an til feil dømming i hallen, vil ein kunne høyre det kjente " E BLIR FORBANNA" frå Frk. Grøndahl høgt å tydelig frå benken. Blir det ei lurefløyte i lomma?

Barlia FK Babes har også fått seg ny 2.keeper, G.I. Jane, Anna Lina, frå Eidsdal, som kan ta knekken på dei fleste både som keeper og som forsvarar. Noko som kan føre til både sterkare motivasjon og konkurranseinstinkt for sjølvaste fantomet Karina, årets kvinnelege spelar Nattcup 2007.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2009?
Kort og godt kan vel ikkje sei noko anna enn at det er VÅR tur å vinne 2-1. Og ja, vi siktar til dokke Spenstige lår!!

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Ettersom at Barlia FK Babes består av spelarar som alle har særskilte og framtredande eigenskapar som kjem til å setje preg på Nattcup 2009, kan vi ikkje utpeike nokon enkeltperson til joker. Men vil få fram at vi har eit meget unikt støtteapperat som kan vere med å psyke ut motstandarane. Hege sine ubeskrivelige høge heiarop, Malin Andrea sine raske kommentarar og ikkje minst Barliagutane våre brølande på tribuna, noko som tilsaman dannar eit dreamteam av eit støtteapperat som ingen kan måle seg med!!

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Genaralforsamlinga og ikkje minst feiringa av Barlia FK 15 år!!! Noko som inneheld STORE mengder alkohol og STORE mengder latterkuler :)

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vi i Barlia FK Babes ønsker alle ei riktig god jul og godt nyttår :) Men vi må dessverre meddele at dykk får kjempe mellom sølv og bronsje, for i år er GULLET vårt :)

PS: Kven vinn Nattcup 2009?.
Har ikkje vi sagt det? Men, dog det skadar vell ikkje å seie det igjen: BABES! :)