10.
desember





Klubbnamn:
Barlia F.K.

Frå:
Stranda

Stifta:
1994

Nettstad:
www.barliafk.com
 

BFKs Julekalender 2008
-

 


Tilbake til hovudsida

Dagen i dag
10
. desember er den 344. dagen i året og den 345. i skuddår. Det er 21 dagar igjen av året.

1906 –
Theodore Roosevelt mottar Nobels fredspris.

1969 –
Linebåten "Ulstein 2" grunnstøter og går ned ved Runde på Sunnmøre. Seks omkommer.

2007 –
Al Gore og FNs Klimapanel mottar Nobels fredspris.

I dag er det også FNs dag for menneskerettighetene.



Meir info?

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå
www.barliafk.com
her
.


Meir kalender?

- Les BFKs Julekalender for 2007 her.

- Les BFKs Julekalender for 2006 her.

- Les BFKs Julekalender for 2005 her.

På FNs dag for menneskerettane, er det Barlia F.K. sin rett til å snakke ut om ståda i laget.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Einaste som har skjedd siste året er nok at forskjellen mellom dei aktive og de passive i laget har blitt større. Medan dei aktive held matchvekta, jobbar dei passive seg stadig mot Shadwell-form, noko som talar til vår fordel viss vi ser på maratontabellen. Skal ein tru bilda frå salgssuksessen BFK Kalenderen 2009, så skal forma vere framifrå, så Barlia F.K. stiller, som vanleg, som outsider.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2009?
Målsettinga er nedfelt for mange år sidan, og etter å ha kome oss til sluttspelet og fått dei 19 poenga, voknar nattas kongar, som vi alltid er på Nattcup.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Dei framtredande spelarane for oss i år blir panser 1 og 2 i forsvar. Det ryktast og både Rellingen og Homlongen har hatt store sesongar bak seg, noko Barlia F.K. kjem til å nyte godt av på Nattcup 2009.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då er alt duka for årets fest, nemleg Generalforsamlinga i Barlia Fotballklubb på Møteplassen. Denne gongen blir det ekstra stas, i og med at klubben feirer sitt 15 års jubileum. Det bli middag, taler, offisielt og uoffisielt program for å nevne noko. Etter vi er ferdige på Møteplassen blir det den obligatoriske turen på Stranda hotell, men ein skal vel ikkje så vekk i frå at det blir ein tur på den nye uteplassen Grand også!

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vinterens vakraste eventyr - Nattcup på Stranda er eit av årets høgdepunkt! 2009-utgåva kjem til å bli minst like bra som dei foregåande åra. Ønsker arrangørar og deltakarar lykke til, så måtte det beste Barlia-laget vinne, både i herre- og dameklassa.

PS: Kven vinn Nattcup 2009?.
Rykta skal ha det til at Systembolaget blir gode i 2009, så då sett vi pengane på dei, men sjå også opp for gamle travarar som Los Caballeros og Prim.

God Jul!

Helsing Joakim Sørå