8.
desember





Klubbnamn:
FC Walkover

Frå:
Stranda

Stifta:
2006

Nettstad:
www.fcwalkover.com
 

BFKs Julekalender 2008
-

 


Tilbake til hovudsida

Dagen i dag
8
. desember er den 342. dagen i året og den 343. i skuddår. Det er 23 dagar igjen av året.

1904:
Den første grammofoninnspillingen blir foretatt i Norge, idet Adolf Østbye og Carl Mathiesen spiller inn "Bal i Hallingdal" i musikkværelset på Grand Hotel i Kristiania på oppdrag av et britisk grammofonselskap.

1941 –
Andre verdenskrig – USA erklærer krig mot Japan som følge av angrepet på Pearl Harbor dagen i forveien.

1976 –
Den amerikanske gruppa The Eagles gir ut et av de mest solgte album noensinne, Hotel California.

1980 –
Den engelske musikeren John Lennon (The Beatles) blir skutt og drept av Mark David Chapman, utenfor sitt hjem i New York.


Meir info?

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå
www.barliafk.com
her
.


Meir kalender?

- Les BFKs Julekalender for 2007 her.

- Les BFKs Julekalender for 2006 her.

- Les BFKs Julekalender for 2005 her.

Dei siste åra har BFK Bedrift fått ein konkurrent når det gjeld show og underhaldning på Nattcup. Gutane i FC Walkover har blant anna minst like dårleg målforskjell som Bedrift-karane, og dei er ikkje framand for eit og anna publikumsfrieri heller. Eivind Rønneberg har ordet:

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda i klubben er faktisk svært uviss. Vi har vel null kontroll som vanleg. Men dagane før Nattcup 09’ nærmar seg reknar eg med at vi har full kontroll. Det er sjølvsagt ein del psykiske skader ute og går, men elles reknar eg med at vi er friske. Når ein aldri spelar fotball eller trenar, kjem skadene svært sjeldne, anna
enn at blodårene er tetta av McDonald’s-burgerar og ymse anna moro.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2009?
Målsettinga vår er vel som vanleg å delta og få latter inn i Nattcup. Kvaliteten på dei øvste laga er mildt sagt formidabel, difor føler eg at vi må bidra på botnen. Vi vil òg styrkje samhaldet i laget. Sidan vi er svært spreidde for alle vindar må vi få tilbake det geniale samhaldet. Dette har vi funne ut at retninga er det organisatoriske. Med å vere beinharde på å passe på verdisakene våre vil kanskje det få ein positiv boost på parketten. Viss dette slår feil går vi over til voodoo, jødedom eller vi skal sjå ein heil cricketkamp. Vi vil òg prøve å score mirakuløse mål. Første året scora vi eitt, andre to, blir det tre i år?

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Vi vonar at ein av dei mest framtredande vil bli maskoten vår. I fjor var det munnspelande og hyperglade Ole Kristian Årdal. Sist vi sjekka opp han var han på haiketur i California. Om ikkje han vendar heim i brask og bram får vi finne ein annan til å fylle dei skoa. Jokeren på laget i år må bli Magnus ”Penta” Maråk. Han har for ei tid tilbake tatt augeoperasjon. No ser han faktisk ballen! Kanskje kan han bli det store ankeret som vi treng. Før var Christian Sylte vårt anker, men den rolla tok han frå benken. Vi har òg stortrua på Bjørn Olav Vangen Aure som segla opp med fantastiske taklinga og spesielle manøvrar mot Hoggorm sist vi møttest. :-)

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då gjer vi sikkert det vi kan som best, leggje på oss med eit nokon lunde høgt karbohydrat-inntak.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Viss vi vinn Nattcup 09’ skal eg, Eivind Rønneberg, drikke champagne frå rumpesprekka til Bjørn Olav Vangen Aure. Og eg er ein mann av mitt ord.

Må òg nemne at ein burde besøkje www.fcwalkover.com sidan vi har ein del gåande der når det nærmar seg.

PS: Kven vinn Nattcup 2009?.
Vi vil nok hevde at Barlia Bedrift tek innersvingen i år. Vi har høyrt at Per Kristian Vågsæter har lagt skoa på hylla for å leie laget. Han har i lengre tider no studert Sir Alex Ferguson sin leiarmåte og skal køyre Bedriftslaget til siger. Vi alle ser vel at Bedrift har noko godt på gong. Vi dreg vertfall parallellar mellom Martin Sylte sine overstegsfinte og Cristiano Ronaldo sine.