3.
desember



 
Nytta modellar i Barliakalenderen 2009:

Januar -
Per Kristian Vågsæter

Februar
-
Knut Einar Langlo

Mars
-
Joakim Relling

April
-
Henrik Halvorsen Bjørdal

Mai
-
Brynjulf Fabio Frøysa

Juni
-
Espen Hove

Juli
-
Stian Ljøen Melchior

August
-
Rune Lillestøl

September
-
Torgeir Sæten Hoff

Oktober
-
Martin Gerhard Sylte

November
-
Håkon Mikal Dalen

Desember
-
Thor Olav Drege

BFKs Julekalender 2008
-

 


Tilbake til hovudsida

Dagen i dag
3
. desember er den 337. dagen i året og den 338. i skuddår. Det er 28 dagar igjen av året.

1943 –
Den svenske regjeringen gir tillatelse til at norske militære kan trene og utruste 8000 reservepoliti-soldater og 1500 rikspoliti på svensk jord.

1977 –
Den polske skihopperen Adam Małysz blir fødd.

1989 –
Det første toppmøte på Malta mellom Sovjetunionen's president Mikhail Gorbatsjov og den amerikanske presidenten George Bush ender med enighet om troppereduksjoner i Europa.

1992 –
To bomber går av i sentrum av Manchester og sårer 65 mennesker.


Meir info?

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå
www.barliafk.com
her
.


Meir kalender?

- Les BFKs Julekalender for 2007 her.

- Les BFKs Julekalender for 2006 her.

- Les BFKs Julekalender for 2005 her.

BFKs Kalender for 2009 har vorte ein stor salgs- og julegåvesuksess. Etter over 100 solgte eksemplar og avisoppslag i lokalavisa Sunnmøringen, var turen i går komen til regionalavisa Sunnmørsposten. Dei to avisartiklane kan du lese ved å trykke på linkane under.

Artikkel i Sunnmørsposten (på trykk 2. des 2008)

Artikkel i Sunnmøringen (på trykk: 6. sept 2008)

Tidleg i vår diskuterte Henrik og Torgeir eit spenstig tiltak som både ville gi klingande mynt i klubbkassa, samt sørge for at merksemdstranga vår vart tilfredsstillt. Dette resulterte i at ein gjeng med tolv barske karar frå Barlia Fotballklubb i sommar var med på eit prosjekt med arbeidstittelen "Årskalender 2009 - Kremen av BFK".

Gjengen med karar har i løpet av eit par ettermiddagar vore samla i fotostudioet til Cecilie Dalen for å verte fotografert til det som vil bli ein veggkalender der kvar månad er pryda av lekamen til ein BFK-herremann i ein utfordrande, sensuell og, ja gjerne, dyrisk og pirrande positur. Minimalt med klede er nytta, utan at det på nokon måte har vorte vulgært. Ein vil heller nytte ord som kunstnarisk og eksperimentelt.

Kven vil vel ikkje sjå PK tolke januar, Espen som Mr. Juni eller ein Martin i oktoberstemning, som er nokre av godbitane? Denne 2009-kalenderen er eit must på alle veggar og ikkje minst ei perfekt julegåve, men ver snar - tingingspågangen har vore særs stor på det avgrensa opplaget.

Pris per stk: 299,-

Om du er interessert, noko ein person med god smak vil vere, meld deg inn i denne facebookgruppa og skriv inn talet på kalenderar du ønskjer å tinge på diskusjonsforumet under topic'en "Tinging av kalender". Inviter gjerne andre potensielle kjøparar til denne gruppa!

Om du helst vil tinge kalenderen på ein meir diskré måte, send ein mail til: torgeirhoff@hotmail.com, merk mailen med emnet "Kalender".

NB! VI GJER OPPMERKSAM PÅ AT TINGING AV KALENDER ER BINDANDE.

Til slutt vil Barlia Fotballklubb rette ein stor takk til fotograf Cecilie Dalen for eit framifrå stykke fotograferings- og redigeringsarbeid, samt evne til å overkome til dels sterke scener frå "photoshoot'en".


PS: Les meir om Cecilies fotografering her.

PS2: Interessert i andre BFK-produkt?

Då kan du vitje Barlia Fotballklubb sin eigen webshop ved å trykke på logoen til høgre!