Dugnadsjobb for Barlia Fotballklubb - 25.07.2008

I 2009 feirer Barlia Fotballklubb 15 år, og dette skal ikkje gå upåakta hen. Klubben har nemleg planar om å gå til innkjøp av nye drakter, og då passar ein dugnadsjobb på eit hyttetak på Strandafjellet utmerka.

Barlia Fotballklubb fekk i sommar ein henvendelse frå ein hytteeigar på Strandafjellet om å vere med på å legge eit torvtak. Mandag 21. juli, tok dei 11 frammøtte med, dugnadsformann og leiar i draktutvalet, Torgeir S. Hoff til på arbeidet. Den arbeidsvillige gjengen hadde fått torva på plass etter 4-5 timar, og draktsettet hadde blitt litt billegare.

Oppmøtet var veldig bra for å vere midt på sommaren, spesielt gledeleg var det at alle laga i klubben var representert på dugnaden. Det dukka opp også folk frå sjølvaste administrasjonen ved Adm. dir. Nils E. Espelund og Ass. materialforvalterassistentlærling Claus A. Rødseth.

Under ser du blinkskudd frå dugnaden, takk til alle som var med. Meir info om det nye draktsettet vil komme seinare.

PS: Desse var med på dugnaden: Torgeir, Joakim R., Nils Erik, Jon David, Claus Arve, Martin, Fredrik, Merete, Espen, Håkon Mikal og Kim
.
 


Håkon, Kim og Jon David i full sving.


Adm. dir. Espelund tek i eit tak saman med Joakim R.


Hytta blei enda flottare med nytt torvtak.