Claus blir assisterande materialforvalterassistentlærling - 03.06.2008

Etter 3 år som spelar på BFK Bedrift, har Claus Arve Rødseth (bildet) bestemt seg for å legge skoa på hylla. Storhønnjskøsen trer inn i ei administrativ stilling, og blir assisterande materialforvalterassistent Nils Eduardo Ringstad sin læregut. Den som skal ta over draktnummer 16 på BFK Bedrift er Knut Einar Langlo.

Via eit telegram leiinga i Barlia Fotballklubb fekk for ei tid tilbake, kom beskjeden om at Claus trappa ned aktiviteten på bana. Samtidig understreka han at han var klar for å ta på seg administrative oppgåver i klubben, som for eksempel å assistere asstisterande materialforvalterassistent Ringstad. Derfor vart assisterande materialforvalterassistentlæring-stillinga oppretta. Nils Einar har dermed fått ein mann under seg, og om det blir slavearbeid på Claus, eller om Nils Einar sidestiller sin lærling og behandla han med respekt, vitast ikkje. Saudefjøset på Myrstad er tomt, så Claerns Mogens aka Storhorn kan gå ei dyster tid i møte.

Som spelar vert Claus huska for både store og mindre store stunder. Alt frå hjerteskjerande traklingar til historiske mål som einaste målscorar for BFK Bedrift på Nattcup 2007. Det er med andre ord eit stort tomrom Storhønnjskøsen etterlet seg på bana, og det er dette rommet Knut Einar Langlo skal fylle. Knut, aka Kurt, var med som reserve både på Coca Cola Cupen i Bergen i november 2007, og på Nattcup 2008, men det er først no han verkeleg er tatt inn i varmen. -Å fylle skoa til Claus ser eg på som ei formidabel oppgåve på mange måtar, seier Kurt i ein kort kommentar etter signeringa.

Vi takkar Claus Arve for innsatsen på bana og ønsker han lykke til i si gjerning som lærling i Barlia Fotballklubb, samtidig ønsker vi Knut Einar velkommen til klubben.