Siste nytt før Nattcup 2008 - 04.01.2008

Det er berre timar igjen til Nattcup 2008, og barliafk.com gir deg siste nytt før vinteren vakraste eventyr vert sparka i gang kl 18.00 i Strandahallen. (Les meir om Nattcup på www.nattcup.net).

Som kjent blir ikkje Alexander og Odd Sveinung med for Barlia F.K., men i tillegg til det ga Stian beskjed i går om at han måtte jobbe i helga, og ikkje nok med det; Brynjulf er småsjuk og usikker på om han stiller.

Vi har heldigvis to gladsaker også når det gjeld Barlia F.K., Kim Sture Flo kjem inn som erstattar for Stian og Joakim er på plass i mål. Det var i stund usikkert om Barlia F.K. sin sisteskanse ikkje kunne vere med grunna sjukdom, men han er no på bedringens vei og blir å finne på parketten.

Når det gjeld Farmers har keeper Aril kasta inn handkledet, evt. hanskane, på grunn av sjukdom, det fører nok til at Roger må på stå i mål.

På BFK Bedrift har Claus "Storhønnjskøs" skada seg i foten. Ulykka skjedde i går på fjellet. Claus bevegde seg utanfor trakkemaskina, noko som mange meiner er uforsvarleg. Inn kjem, the one and only, Martin Jelle Sylte, superreserven som scorte mål for BFK Bedrift på CCC i Vestlandshallen i Bergen før jul. Ei solid forsterkning!

I BFK Babes-leiren er alt tilsynelatande fryd og gammen, og det er ikkje meldt om noko problem.

Ellers går det rykter på Stranda om ei fantastisk verdspremiere på Generalforsamlinga på lørdag. Martin, Torgeir, Joakim med fleire har den siste veka vorte observert med videokamera i Stranda og omegn. Kva skal dette bety? I rein Kappa-stil held vi korta tett til brystet, men Torgeir kan røpe at "dette blir heilt tøpp!" i ein kommentar i ettermiddag.