BFKs julebingo 2007 - 29.12.2007

Julesteminga syda i Barlia, og i den samanheng var det vel ingenting som var meir naturleg enn å arrangere BFKs julebingo 2007. Her er ein liten stemningsrapport frå 4. juledag.
 

Åndeleg rettleiar Martin og Adm. dir. Nils Erik er klar for bingo.


Nokon av premiane.


Konsentrerte bingospelarar.


Bingostemning!


Roger med bingovert Joakim i bakgrunnen.
Heile 19 "Barlia-personar" hadde møtt opp i kjellerstua hjå familien Sørå for å spele bingo. Bingoerfaringa var svært varierande, nokon var proffe og hadde til og med med seg bingopennar, andre spelte bingo for første gong.

Premiane var også svært variert. Mellom kortstokkar, stearinlys-sett og cdar, kunne ein vinne Converse-sko, Bergans tursekk og ikkje minst hovedpremien, som Lars stakk av med. Den gjevaste premien var ein middag på restaurant Oliven på Stranda til verdi av 600 kroner. I tillegg til alt dette kunne ein vinne kikkert, elektrisk tanks, Barlia-skjorter og mykje meir. Med andre ord premiar for ein kvar smak.

Barlia Fotballklubb vil takke følgande sponsorar:
(Ta gjerne turen innom heimesidene deira ved å trykke på logoane).