Kim Fjørstad tilbake i Barlia Fotballklubb - 20.12.2007

BFK Bedrift sin spelar nummer 8, Nils Einar Ringstad, har valgt å legge skoa på hylla. Nils fortsett i stillinga som assisterande materialforvalterassistent i Barlia Fotballklubb, men blir ikkje å finne på parketten. Inn kjem ein gammal kjenning i Barlia-samanheng.

Kim Fjørstad var ein av dei framtredande spelarane på Barlia F.K. på midten av 90-tallet. På to sesongar (1995 og 1996) bøtta Kim inn heile 54 mål, og den dag i dag ligg Kim høgt oppe på Barlia Fotballklubb si toppscorarliste, faktisk heilt oppe på 3. plass.

Mandag 16. september 1996 var sist Kim var i aksjon for BFK, og på Nattcup 2008, over 11 år seinare, skal han igjen aksle den oransje trøya.

Kim, som har budd ei tid i Sverige, går rett inn i BFK Bedrift-stallen, som erstatter for Nils Einar, og seier i ein kort kommentar at han gler seg til å spele for klubben igjen.

Den tidlegare svensken var berre ein korpstur frå å bli med på Atle Hole sitt bilde til høgre frå 1996, men no vil Kim få fleire sjansar til å bli fotografert i oransje.

Barlia Fotballklubb ønsker Kim velkommen tilbake, og takkar Nils Einar for innsatsen så langt.