Tilbake til julekalenderen





Klubbnamn:
Shadwell Town

Frå:
Stranda

Stifta:
1997

Nettstad:
www.shadwell.no


 

   
   

21. desember

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå barliafk.com her.
   
Shadwell toppar som kjent maratontabellen med god margin. Karane, hovudsakleg frå Stranda, er klar for sin ellevte Nattcup og det er sjefen sjølv som fortel situasjonen hos gul-trøyene.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda er vel som den brukar å vere, nokon har trent litt, dei fleste blir tungpusta berre dei ser noko lettkledd under 40.. Når det gjeld skadar så er Ørjan Låstad definitivt ute. Han må renske litt meir opp i ankelen sin, reknar med rullator på mannen innan kort tid, passert 30 har han og. Vi har sjølvsagt eit ess i ermet, ein tett allianse med Sogn Futsal kan gje resultat både no og på sikt. Trollforma står Rune Førde for etter å ha sikra (ufortent) ny kontrakt for Åsane i 2.div. Tobben har gått jamt og trutt til jobb sjølv etter han har fått førarkort så vi ventar han lett på tå. Manager`n gjennomførte 2-3 treningar på Boletorget i haust, men har vore støttemedlem sidan. Sjølv om han er invalid så er det ikkje noko i veien med tenningsnivået og stemma. Han har sunge mykje i haust og låg seinast sist helg i hardtrening i Odda.

Det kan og nemnast at vi har hatt stor pågang av Bosman-spelarar som gjerne vil aksle den gule Hummel-drakta. Kanskje finn vi plass til nokre av desse?

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Målsettinga er den same som alltid, gå vidare frå innleiiande. Kvifor spørje om det?

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
På Shadwell er det vanskeleg å trekkje fram nokon framtredande på førehand. Vi vert kanskje sett på som eit kollektiv, men det er berre vås. Betre individualistar fins ikkje i Nattcup. Problemet er å få det ut på parketten, vi sitt med eit intrykk av at vi ikkje har nådd meir enn 15-20 % av potensialet vårt enda. Mogleg vi var nærare 25% då vi grusa eit sterkt overvurdert Prim i finalen. Det skal dog leggast til at vi vann såpass klart at vi ikkje hadd trengt å gje så mykje, det var meir for å underhalde vårt kjære publikum. Evt joker må bli nokon som ikkje har spelt for oss før, ein veit aldri kva som kan skje når ein får nytt blod.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Øl i klubbhuset, kanskje noko pizza frå far Lillebø, mor Lillebø serverar kaffi til cognacen. Dikting, skryting, mimring (går noko i eitt og blandast lett) og så på hotellet og vise kven som vinn festen KVART år.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Årets trussel : Mogleg vi pussar støvet av gamle Korsan, han har vore roleg i fleire år og treng truleg få ut litt energi på nokre småpjaska på parketten.
Julehelsing til laget : Et godt. Drikk godt. Gå mykje ut. Lag vert tatt ut etter kor stygg pipinga i halsen er til oppmøte i klubbhuset.

Med vennlig hilsen
Geir Lillebø