Tilbake til julekalenderen





Klubbnamn:
FC Walkover

Frå:
Stranda

Stifta:
2006

Nettstad:
www.fcwalkover.com


 

   
   

9. desember

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå barliafk.com her.
   
Ein av nykommarane i fjor var FC Walkover. Gutane frå Stranda og omegn tok publikum med storm, og har, i følge Eivind Rønneberg, ingen planar om å slutte som publikumsfrieria.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda er faktisk heilt fantastisk. Alle har sjølvsagt slutta å trene for å bli mest mogleg klar. Bjørn Olav, eller meir kjend som Bade-Bjørn har òg flytta til Ghana. Der har han gjort musikalsk karriere noko som vi skal utnytte på bana. Vi arbeidar faktisk i skrivande stund på vår musikkvideo òg.

Ja, kanskje litt sportsleg òg:  Ruben arbeidar som kokk, difor et han heile tida dei mest fantastiske rettane som er å oppdrive. Dette medfører sjølvsagt til auka vekt, noko som vi skal utnytte. Han kan kanskje dekkje heile målet under Nattcup 2008? Magnus "Penta" Maråk har òg trappa opp bananetinga, så vi reknar med at han skal vere den med best apeform. Einaste han manglar er vel eigentleg meir hår sidan han lid av ei sein utvikling. Men, vi skal ikkje flire, han er gjennomsnittleg i følgje Noreg sine tal.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Vår målsetjing er vel den same som kvart år. Ta publikum med storm og bringe fram mest mogleg latter og hånflir. Vi vil prøve å score mål i år òg. Elles så kan vi røpe at vi har ein del triks for å få publikum på vår side som mest truleg ALDRI har blitt utført på ein nattcup før. Vent og sjå.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Om vi skal henge fram nokon som framtredande eller ikkje er mildt sagt vanskelig. Vi er alle framtredande på vår eigne sære måte. Om dette blir positivt på bana eller endar opp som rot som alltid, er ikkje lett å seie. Vi har nemlig den taktikken at taktikken kjem av seg sjølv. Det er òg vanskelig og skaffe oss ein taktikk som fungerar med eit lag fullspekka med motsetnader: Vi har sosialistar, FRP-arar, satanistar, gi-faen-nistar, dendrofile (Les: Penta) osv.

Jokeren i år blir vel Anders som no går ei form for sosiologi-linje på NTNU. No skal han lese motstandarane som aldri før.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då skal vi ha trening i kjend Harry Hovde-stil. Vi skal springe gjennom alle brøytekantar og opp alle fjelltoppar. Og når vi er ferdig og luktar daud grevling, skal vi på hotellet. Dette for å spreie god stemning og slik at det kanskje blir lettare å bestille noko i baren.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vi vonar at alle som kan kjem og ser oss spele i år. Dykk kan som alltid forvente mykje moro, og sjølvsagt er maskoten på plass.

Vi vil sjølvsagt at alle stikk innom www.fcwalkover.com og les seriøse artiklar som kjem til stadigheiter. Vi har òg tenkt kanskje å legge ut alle våre svake sider, slik at motstandarane kan lettare ta oss.

Vil sjølvsagt sende hugleik til Sørå som har denne fjonge julekalenderen.

Fred ut, FC Walkover.