Torgeir treng di hjelp! - 30.11.2007

Det er ikkje berre Nattcup 2008 som er i kjømda, førebuingane til Generalforsamling 2008 er også i full gang, men alle ting er enno ikkje på plass. Derfor kjem Torgeir med følgande beskjed:

Vyrde lesar!
Generalforsamling 2008 nærmar seg med stormskritt, og Barlia Fotballklubb treng di hjelp! I tradisjons tru vil den unge og svært så lovande Torgeir "Teknikk" Hoff også stå for den sedvanlege prisutdelinga. Sidan eg fortsatt bur i ørkenbyen Bergen, har eg ikkje full kontroll over alt som går føre seg i alle krikar og krokar i den vidtomfamnande Barlia-familien. Eg ønskjer difor at DU sender meg ein mail med forslag til prisar, og kven som bør få denne prisen. Kom gjerne med fleire forslag. Prisane bør begrunnast med noko som har hendt siste året, eller noko som baserar seg på denne personen sin karakter, gjerne over tid. Det kan vere pinlege episodar, morosame episodar, gode tiltak etc.

Send mail til: torgeirhoff@hotmail.com, med topic: "Eg tykkjer du er ein deileg mann". Om du allerie har sendt ein slik mail, vel: "Free XXX Martin Sylte".

Bestikkelsar vert mottatt med stor takk.

På gjensyn!
Torgeir