Martin tilbake i Barlia-drakta - 10.11.2007

Tirsdag 30. mai 1997 spelte Martin Jelle Sylte sin hittil siste kamp for Barlia Fotballklubb. Klubbens frammadstormande venstreving scora denne dagen 2 mål i oppgjeret mot Stranda Liga-motstandar Newcastle U.F.K. Etter den flotte mai-dagen i 97 la Martin skoa på hylla, men i helga, 10 år etter, skjer det noko i Bergen!

Martin debuterer nemleg for Barlia-laget BFK Bedrift under helgas Coca Cola Cup i Vestlandshallen i Bergen! Etter 10 år i skugganes dal, dreg Martin på seg den oransje trøya, og seier i ein kommentar at dette blir spesielt.

Sylte-guten har lang ifrå vore vekke frå klubben sjølv om han har stått på sidelinja, han nemleg fungert som åndeleg rettleiar i Barlia Fotballklubb dei siste åra. Denne jobben vil han fortsette med sjølv om han no er tatt opp i BFK Bedrift-stallen.

Fotball-Norge gler seg.
Det er mange i fotball-Norge som er henrykt og hoppande glade for at Martin er tilbake på bana. Ein av mange gratulantar er Stranda sin A-lagstrenar Ronny Ødegård. "Det at han i det heile tatt har gidda å bevegd seg til Bergen er utruleg flott i seg sjølv" seier Ronny og legg til, "eg trur ikkje at Martin kjem til å bidra så mykje på bana med si rotne form, men talentet ligg latent i dinna kroppen!"

Det er med andre ord berre opp til Martin å bevise at både forma og talentet er intakt etter 10 år, vi ønsker han og BFK Bedrift lykke til i Vestlandshallen i helga. Møt opp kl 13.40 og hei fram karane i oransje, om du har moglegheit.