Kven vinn Nattcup 2007? - Resultat - 04.01.2007

I dag har vi avslutta maraton-quiz-konkurransen "Kven vinn Nattcup 2007?", og vinnaren er herved kåra. Barlia Fotballklubb gratulerer Prim med seieren. Under ser du resultata frå dei 3 avstemningsrundane.



Runde 1 vart innleia 22. desember 2006, og avslutta fire dagar seinare. Laga vart då delt inn i ti grupper på tre lag. Dei seks gruppene med mest stemmer gjekk vidare til runde to.

Desse rauk ut i runde 1
Gruppe 1 (Shadwell Town, Hard 2 get, Team Magic)
Gruppe 8 (Lacaos, Most Wanted, Noname)
Gruppe 9 (Systembolaget, Team 1337, Sporty Boys)
Gruppe 10 (Rushden & Diamonds, Stabburet Stranda, Barlia F.K. Bedrift)

Vinnar av denne runden vart Gruppe 5 (Barlia F.K., Hoggorm IL, Vestborg Boys), med 10 røyster som var 19% av alle stemmene.

Totalt vart det registrert 52 røyster på runde 1, noko som er meir enn 10 stemmer pr. dag.



Runde 2 bestod av ni grupper med to lag pr gruppe, også denne runden gjekk over fire dagar. (Frå 26.12 til 30.12) Dei fem gruppene med flest stemmer gjekk vidare til tredje og siste runde.

Desse rauk ut i runde 2
Gruppe 2 (Vestnes Futsal, Playboys)
Gruppe 3 (FC Walkover, Hoggorm IL)
Gruppe 7 (Johnny Håvågs AllstarTeam, Flipperdicksv)
Gruppe 9 (Team Libya, Fjellbu)

Vinnar av runde 2 blei Gruppe 6 (Barlia F.K. Farmers, Prim), med 23 % av stemmene.

Totalt vart det registrert 44 røyster på runde 2.



Runde 3 (finalerunden) starta 30.12, og varte i 5 dagar, fram til 04.01. Her vart dei fem gruppene frå runde 2 delt opp i ein og ein, og kvart enkelt lag stod åleine.

Mange har vore med å røyste, og i runde 3 var det registrert 64 stemmer.

Topp 3:
1. Prim - 15 stemmer - 23%
2. Barlia F.K. - 14 stemmer - 22%
3. Los Cab. - 8 stemmer - 12%

             Vinner av
"Kven vinn Nattcup 2007?"

            
PRIM