Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
20. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Team Libya

Frå:
Liabygda

Stifta:
1998



  Foran Nattcup har fleire "gamle" lag våkna til liv, eit av dei er Team Libya. Laget spelte Nattcup på slutten av 90-tallet, og litt inn i dette tiåret. Til saman har Liabygda-gjengen skrapa til seg 80 maratontabellpoeng. Sjølv om spelarane ikkje er dei samme som før, er dei ikkje ukjende med Nattcup i Strandahallen, spelerstallen består stort sett av tidlegare Barlia-spelarar. Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen liabygdarane gjor for klubben i dei opptil 7 åra dei var hos oss. I dag er det den tidlegare FK Barlia-keeperen Marius Moe som fortel.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Laget venter på nye drakter som er i anmarsj frå Tegu-sport. Vi kjøper litt kvalitet til laget slik at dei varar lenge. Draktane er kvit fra topp til tå med ein liten svart stipe på sida av overdelen. Det er Kappa drakter, så dei ser OK ut også. Har ein trist nyhet når det gjelder for vår del, men sikkert ein veldig god nyhet for motstandarane vi skal møte. Geir Magne Lied har svikta oss, han skal besøke dama i Bodø under nattcupen, og det er da veldig dårlig pri synest vi. Det blir også ein god del trening i romjula i vår lille gymsal på Liabygda skule, der vi skal trene på taktikk, hurtighet, treffsikkerhet og innspark:)

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Målsettinga for Nattcupen er topp 4, og det har vi ein veldig god sjangs til. Vi stiller med eit sterkare lag enn det vi har hatt i tidligare turneringar. F.eks. til grendacupen på Stranda for 3 år sidan der vi vant med 2 bakfulle personar(Moe og Dalen), og vi har også vunne dei siste 6 åra i Stordal. Laget er også eldre og har dermed litt meir rutine å briefe med.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Ingen som trer frem som noken joker, Så eg vil heller nemne heile laget: vi har kjempen Marius Andre i mål som kan ta det meste av det som kjem mot han (ein reaksjon som andre berre kan misunne seg over). Kåre Martin vil bruke sin ro og forståelse av spillet i forsvar, han vil også fortsette å skåre med heile kroppen (sine edlare delar om det også er ønskelig). Stig Tore vil lure og irritere motspillerane så lenge han gidder, det samme gjelder Kristian Smoge (så lenge dei to gidder, erTeam Libya ustoppelig). Alle kjenner Joakim Dalen, han tar full fart, gir alt og driter i om han sjølv får låkt, så noke meir trenger vi ikkje sei der. Ole Kristian og Jan Morten Overå skal være våre to målorgier, så når den første ballen er i mål av dei to (i den første kampen) så vil dei klare å karre seg opp til eit tosifra tal før turneringa er ferdig. Utenfor banen vil dere sjå mykje til 3 edle herrer på dansegolvet laurdag kveld.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
For min og noken andre på laget del blir det overnatting på hotellet frå fredag til søndag, så da er det partey for alle pengan:) Dansing og kong alkohol vil ha ein sentral rolle.

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Først må vi jo takke Barlia for dei fine åra vi hadde med dykk. Vi kommer til å sakne generalforsamlinga etter nattcupen, så vi ønsker alle Barlia laga ei god jul og eit godt nyttår. PS: Husk at vi kommer frå den rette sida av fjorden og vi vil dermed komme over for å hente noke som etter kvart vil tilhøyre oss:) Vi vil også ha den 7 strake sigeren frå grendacupen i Stordal i bagasjen.

Hjertlig hilsen Team Libya