Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
17. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Shadwell Town

Frå:
Stranda

Stifta:
1997

Nettstad:
www.shadwell.no



  Vi er komen til 17. desember, og julekalenderen møter i dag nokre gamle ringrevar. Etter mange år i "gamet" leiar denne gjengen Nattcups ærverdige maratontabell med 220 poeng. Det er Stranda-laget Shadwell Town som har ordet i julekalenderen til Barlia Fotballklubb.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Når det gjeld skadar så slit Shadwell med nokre av dei. Manager`n har som vanleg glasanklar og er etter alle solemerker ute av drift. Tobben slit med ein endetarmsinfekjson etter ein luguber kylling men klubblegen behandlar han med kortisonsprøyter sett rett i brunauget så det ser ut som han er i full trening rundt Luciatider. Roy drog på seg ei skade under jakt då han skaut ein vaksen grizzly i staden for ein elg. Han bomma litt på uttrykket "skogens konge". Skada kom då han måtte slepe Ole Brumm fleire mil åleine.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Målsettinga er som alltid å gå vidare frå gruppespelet, samt få velta ein og anna lettbeint lettvektar på vegen.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Føler meg ganske sikker på at Hogne vert toppscorar i turneringa, ein gong må det løsne, han har blåst ein stad mellom femti og seksti 100%-sjansar utandørs i år så vi vonar han kviknar til når han kjenner parketten. Elles så er Stian rapportert å ha tenkt på å trene så det kan verte spanande å endeleg få prov på om det er "tanken som tel". Utanfor bana er alle i Shadwell vinnarar, lite naudsynt spørsmål.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Når ballen vert lagt død er det formodentleg opp i klubbhuset for eit kjapt årsmøte før det vert skrøner og allsang servert frå ymse hald. Sidan vi ikkje klarte å ta knekken på vandrepokalen sist (det gjekk an å fikse den) kjem vi til å knabbe den om vi ikkje får den på lovleg vis. Denne gongen skal den knusast til det ugjenkjennelege.

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Kan starte med å oppfordre folk til å vitje den fantastiske heimesida www.shadwell.no.Som den skikkelege klubben vi har er det sjølvsagt .no domene. Nytt av året er oppdatert vèrvarsel til nattcup frå Storm, ein av sponsorane våre. Registrer dokke på forumet og fyr opp til hyggjeleg og utriveleg prat.

Truslar driv vi ikkje med, vert ikkje folk litt skjelven på pungen av å møte 100 kilo mannfolk er dei for dumme til å skjøne noko som helst. Julehelsingar kjem vel automatisk med denne helsinga?

Mvh Geir Andre Lillebø