Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
14. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Kappa Nova

Frå:
Stranda

Stifta:
1997

Nettstad:
Trykk her



  Eit av dei store Stranda-laga er Kappa Nova. Laget har vore med i mange år, og har vann Nattcup 2003. Dette er altså ikkje ein gjeng som eit tek lett på, noko maratontabellen viser. Kappa har fjerdeplassen med 173 poeng. I dag er det manager, og tidlegare midtstoppar Lars Even Helstad som svarar på julekalenderspørsmåla.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Alt er vel slik som det brukar å vere i Kappa Nova-leiren. Nokre spreke og nokre mindre spreke. Virkar som om vi har fleire spreke i år enn i fjor. Håper med andre ord på å få eit betre lag i år enn i fjor, sjølv om vi ikkje var så dårleg i fjor heller. Mangla litt i starten av turneringa og på slutten var det marginane som øydelagde for oss. Satsar på å få trimma i form alle i stallen i år og rykta skal ha det til å at alle på laget er i gong og mosjonerar om ikkje anna.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Er vel som vanleg å vinne Nattcup som er målet reint sportsleg, men det vil nok bli tøft. Ser på oss sjølv som outsider og at vi kan nå heilt til topps med litt marginar på vår side. Sosialt er målsetjinga å vere mest mogleg sosial og henge ilag med bra folk på Nattcup. Er viktig for oss å få samla den rette gjengen til denne truneringa og det ser ut til at det skal gå bra i år også.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Laget vårt er i alle fall fullt av jokerar, for alle kan avgjere kampar om dei er i sona (sona er Melk'n sitt ord for å levere varene). Har ingen svake punkt på laget og det er vel eit godt kort å ha når det dreg seg til. Håper at dei aktive spelarane tek eit ekstra tak i år. Har nokre gode nyheier på spelarfronten, men dei vil bli publisert på vår nettside når vi føler for det. Vent i spaning... Utanfor bana har vi også rikleg med profilar. Er ikkje meir å seie om den saka.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Reknar med at vi har ein tradisjon som skal følgjast i år som alle andre år. Middag, øl, gin, FA Cup og Knut Erik-show heime hjå familien Helstad. Har planar om å lage til litt overraskingar på denne samankomsten i år og håper at det vil ta festen til nye høgder...

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Ta turen innom nettstaden vår http://student.hivolda.no/helstl/kappanova2/ og legg gjerne igjen ei helsing i gjesteboka. Kom også med tips om kva vi kan skrive om på nettstaden vår. Elles gledar vi i Kappa Nova-leiren oss stort til cupen med stor C. Gledar oss til å treffe folket igjen!