Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
2. desember
-

 
         



Klubbnamn:
FC Walkover

Frå:
Stranda

Stifta:
2006

Nettstad:
www.fcwalkover.com



  BFKs julekalender er ein "pulsmålar" på Nattcup-laga fram til arrangementet i Strandahallen. Første helga i januar vert turneringa sparka i gang, og det ser ut til å bli ein like stor suksess som i 2006.

I dag er det nykomlingen
FC Walkover frå Stranda som svarar på dei fem spørsmåla julekalenderen har stilt.


1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Nokon av profilane har allereie vore ute i dyst på parketten. Dette var under Junior-KM. Resultata viser at vi er klar. Med tap som 9-0 mot lukrative Stordal, viser at vi er klar til å gjere parketten vår! Ingen er for så vidt skada kroppsleg, men vi har ymse andre skader. Vår spelande trenar Ruben S. Langlo er vi usikker på. Dette fordi han leiger hybel med ein tamil som heiter Anton (som ein digresjon: Finn ein annan tamil i verda som heiter Anton. Tek du utfordringa?) Vår kjære Penta har vore i hardtrening. Han tek no over 100 kg i benk. Dette gjer han for å kompensere for dei utruleg dårlege fotballeigenskapane. Vi vonar at han blir vår mann med godforma. Han et òg rundt 4 bananar etter kvar trening. Det same kan vi ikkje seie om vår kjære Espen Gjærde: han et fire combiar.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Vår målsetjing er å bli seeda saman med alle dei beste laga. For deretter å tape alt som ingen annan har tapt før. Samstundes vil vi ha minst eitt mål. Om det må bli eit sjølvmål, så får det berre bli slik. Vi er ikkje så kresne på det.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Vi er eit lag med berre framtredande spelarar. Alle har sine kvalitetar. Samstundes er det to vi heilt klart må trekkje fram: Christian ”Syltekrukka” og Esben Magnell. Unge herr Sylte vil bli vår sweeper. Han skal ligge bakerst og fordele ballar. Vi vonar at desse skal bli brotne. Dette fordi keeper Magnell kan vise sine eminente dugleikar på strek.  Måla tek Christoffer ”Toffen” Sve seg av.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Då sit vi framleis i garderoba, klar for kamp. Dette mest truleg fordi vår sportslege leiar, Espen Gjærde, har gitt oss feil beskjed. Vi tek difor festen der. Ein kan ha det mykje moro med ein fellesdusj og ”Badebjørn” Aure.

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vi vonar at folk besøkjer vårt lille hjørne på verdsveven. WWW.FCWALKOVER.COM!

Om vi blir seeda som oss vil, møter vi den rake motsetninga: nemleg Los Caballeros. Dei skal få smake parkett…. Om nokon på ein eller annan måte blir støytt av dette: ta kontakt med PR-sjef Christian ”Syltekrukka”. Ein liten beskjed til Bjørnar Nupen som har avfeia oss som Nattcupvinnar: Det er vareteljing på Rema. SPRING!

Vi vil ikkje at nokon av våre svar skal bli sensurert. Det som stend der, stend der. Støyten tek unge Sylte seg av.

STRAM SOM EN GRIS ME EI LØFSE OPPONDE HANDA.