T. Hove med gjesteopptreden for FK Barlia - 26.12.2005

Rett før jul fekk klubbleiinga beskjed om at FK Barlia sin eminente keeper Marius Moe ikkje kunne bli med på Nattcup 2006 likevel. Dette grunna eit seminar i samband med skulen.

Det tok ikkje lang tid før ein ny keeper var på plass, og barliafk.com kan i dag bekrefte at Los Caballeros sin tidlegare keeper Thomas Hove skal spele for FK Barlia på 2006-utgåva av Nattcup.

Thomas seier at han gleder seg til Nattcup'06, og reknar med at "besøket" på FK Barlia kjem til å gå over med eit poff og eit smell, han legg også til at han trur det vert mykje å gjere i og med at laget har lave ambisjonar. Ein annan ting han gler seg til er Generalforsamlinga, som det, i følge Thomas, går gjetord om. "Det blir jo kort veg ned til festlokale, berre ein etg faktisk."

Vi ønsker Thomas hjarteleg velkomen til gjesteopptreden i klubben.