Nattcup 2006 for Barlia Fotballklubb - 03.12.2005

I går vart BFK Babes, som femte og siste lag i Barlia Fotballklubb, påmeldt Nattcup'06. Dette er første gongen alle Barlia-laga stiller på ein og samme cup. (Les meir om Nattcup 2006 her). Under kan du lese litt om korleis det står til med dei ulike laga i Barlia Fotballklubb for Nattcup 2006.

Barlia F.K.
For andre gong i historia stiller Barlia F.K. fulltallige til Nattcup. Alle 9 er frisk(??) og klar til cupen, men treningsgrunnlaget er vel så som så med ein del av spelarane. Laget forsvarer ein 11. plass på Maratontabellen til Nattcup, og må gjere det bra for å halde alle Barlia-laga bak seg.

Laget stiller med følgande spelarar (alle 9 er klar!):
Ole Kristian Lied, Joakim Dalen, Geir Magne Lied, Stian L. Melchior, Hans M. Homlong, Brynjulf Frøysa, Joakim Relling, Alexander Græsdal (viss han har knota seg tilbake frå Sverige) og Joakim Sørå.

Målsetting for Barlia F.K.:

Talsmann for BFK Joakim Sørå seier at treningsgrunnlaget på dei spelarane er svært ulikt, men han trekk fram at BFK aldri har spelt så god fotball som i fjor, aldri hatt så få baklengsmål som i fjor(5), og aldri trent så lite som i fjor - så dette kan berre gå ein veg..


FK Barlia
Laget puster Barlia F.K. i nakken når det gjeld Maratontabellen på Nattcup sine sider (www.nattcup.net), det er berre 8 poeng opp til "storebror", men FKB lid nok, på samme måte som BFK, av sviktande trening og samspel.

Laget stiller med følgande spelarar:
Kåre M. Ringset, Marius Moe, Torgeir S. Hoff, Espen Hove, Bjørnar Nupen, Odd S. Hareide, Nicolai Græsdal og Jogeir Veiberg. Lars Thore Søvik blir ikkje med denne gongen, då han går skule i USA, så FK Barlia kan kanskje komme til å merke at dei manglar ein solid forsvarspelar.

Målsetting for FK Barlia:

Talsmann for FK Barlia Torgeir S. Hoff seier at laget har stor fokus på å ha det moro, og at det å kose seg i nærvær av gamle kjente er veldig godt og viktig. Sportleg er målet å komme seg vidare frå gruppespelet, alt anna er ein bonus, seier Torgeir og avsluttar med at viss FK Barlia møter BFK Bedrift, så er det ei heilt klart eit mål å ikkje sleppe inn mål - noko anna vil være ei skandale.


Barlia F.K. Farmers
Dei fire siste åra har BFK Farmers vore med på Nattcup, og alle fire åra har laget gått vidare til sluttspelet, men aldri komt til semifinalen. Farmers er dei desidert best trente gutane i Barlia Fotballklubb, vil det gjer utslag på Nattcup 2006? Som Barlia F.K., stiller også BFK Farmers fulltallige til 2006-utgaven av Nattcup, så dei 5 poenga laget ligg bak FK Barlia på Maratontabellen til Nattcup, kan fort bli knappa inn på.

Laget stiller med følgande spelarar (alle 10 er klar!):
Mersad Hodzic, Roger Skarbø, Aril Ravnøy, Kim Vangen, Fredrik Malmo, Stig Tore Lied, Kato Vangen, Fredrik Fausa, Ronnie Furset og Håkon M. Dalen.

Målsetting for Barlia F.K. Farmers:
Talsmann for BFK Farmers Fredrik "Fredde" Malmo fortel at han ikkje er heilt sikker på kva målsettinga er. -Det er jo viktig å komme så langt som mogleg, men det viktigaste er at vi får kose oss, ta litt på kvarandre og ha det gøy. Vi skal tross alt lade opp til Generalforsamlinga på lørdagskvelden.


Barlia F.K. Babes
For første gong skal BFK Babes spele Nattcup, og i år blir sannsynlegvis cupen delt i to med dameserie og herreserie. Babesa, som til dagleg spelar ilag og er godt trent, kan gjere det sterkt på Nattcup 2006.

Laget stiller med følgande spelarar:
Bente K. Hovlid, Karina Løseth, Malin Mathiesen, Monika Årdal, Merete Hungnes, Stine Verpeide, Kamilla Åsen, Andrea Aaland og Tonje Berge. (Det kan hende det kjem ein spelar til seinare).

Målsetting Barlia F.K. Babes:

Talskvinne for BFK Babes Hege Varsi fortel at jentene gler seg til sin første nattcup, og at dei skal gjere sitt beste. -Vi skal ha det gøy og ikkje tape stort i alle fall, og viss det kjem lag frå Brattvåg skal vi gruse dei..


Barlia F.K. Bedrift
Bedrift er det herrelaget i Barlia Fotballklubb som har trena mest saman sidan Nattcup 2005. Dei hadde mange treningar i sommar, men dei bar ikkje særleg store frukter, i alle fall ikkje viss ein legg Coca Cola Cupen i Vestlandshallen utanfor Bergen til grunn. Med 0-29 etter tre kampar, har laget faktisk hatt ein tilbakegang. Men kan det snu seg til Nattcup 2006?

Laget stiller med følgande spelarar (alle 10 er klar!):
Jon D. Høyland, Ole P. Sve, Nils E. Espelund, Jens F. Langlo, Claus Rødseth, Anders Hellevik, Nils E. Ringstad, Anders Fjørstad, Per K. Vågsæter og Henrik Bjørdal.

Målsetting for Barlia F.K. Bedrift:
Talsmann for BFK Bedrift Jens Fredrik Langlo seier at laget har store mål. Dei skal ha progressiv utvikling gjennom heile turneringa, og dei skal score meir mål enn i fjor, då dei scorte eit mål! Møter Bedrift eit jentelag, er det heilt klart eit mål å vinne.