Knallhard veke for Barlia F.K. Bedrift - 01.08.2005

Barlia F.K. Bedrift har verkeleg lagt seg i selane foran Nattcup 2006, i veke 30 har laget gjennomført heile 5 treningar. Dette er over vanleg 3. divisjonsnivå!

-Fortsett vi å trene slik må vi inn i seriesystemet, seier talsmann for BFK Bedrift Ole Petter Sve. Det har vore på Helstad Park alle treningstimane har funne stad, og laget har allereie merka formstigning. -Vi føler vi er i rute til turneringa i januar neste år, hevdar Jon David Høyland, medan han tøyer gulleggane som forhåpentlegvis skal gi Bedrift-suksess. Claus Rødset er meir skeptisk og meinar laget ikkje finn bakrommet. -Men ein ting er sikkert, seier Nils Erik Espelund, på Nattcup 2006 skal vi vinne ein kamp!

PS: Etter mange år er Martin på full fart tilbake på fotballbana, og han kan ikkje huske forrige gong han var så sliten som etter desse treningane. -Eg minnes ein liknande følelse i femte eller sjette klasse ein gong, men det heile kan også ha vore ein draum.


         
                     Talentspeiderar?                                               "Eg vil heim!"                                           Teknikk på høgt nivå.