7 siste nyhende frå barliafk.com       Barlia Fotballklubb er eit hobbylag som vart stifta i 1994. Fjorten 10-12 åringar var med den gongen, og i dag består klubben av 12 karar - fleire har vore med sidan starten.


Les meir om Strandalaget
Barlia Fotballklubb
.

 
Visste du at..
?

Barlia Fotballklubb - 20 år!
I 2014 feira BFK 20 årsjubileum. Det vart markert både i januar og i mai. Les og sjå meir her.

Ny klubbsong til 20 årsjubileet
Musikkvideoen til Lyden av Barlia med songen "Barlia" vart lansert under 20 årsjubileumet. Både songen og videoen blei ein stor suksess. Hør og sjå meir her og her.

Innhaldet på sida
Er det tekst, bilder eller film på denne sida du synes ikkje skal vere her, send ein mail til joakimsora@gmail.com.


BFKs Webshop
Kjøp supportareffektar i Barlia Fotballklubb sin offisielle butikk på den store vide veven.

Bli kul - Støtt Barlia!
Delar av kjøpssummen går direkte til klubben. Trykk på reklama
>>>

>>>17.02.26 - KVARTFINALETAP.
BFK vann gruppa under BFK-cup Bergen 2026, men i kvarten blei det stopp mot Besso FC. Les meir og sjå meir på cupsida bfkcup.barliafk.com.


>>>
30.08.25 - TREDJEPLASS I OSLO.
Tredjeplass høyres svært ut, men denne gongen var det berre tre lag som var med på BFK-cup Oslo 2025. Tredjeplass blei derfor sisteplass. Les meir på cupsida bfkcup.barliafk.com.


>>>
15.02.25 - KVART I BERGEN.
Etter nokre cupar der pilene peika nedover, blei det ein opptur under BFK-cup Bergen 2025. Mykje bra spel og tap mot vinnarlaget i kvarten. Les meir på cupsida bfkcup.barliafk.com.
  >>>17.02.24 - KUN TRE KAMPAR.
BFK rauk ut i gruppespelet under BFK-cup Bergen 2024. Ein seier og to tap, samt to scora mål blei fasiten denne gongen. Les meir på cupsida bfkcup.barliafk.com.


>>>
05.02.24 - KLUBBHUS I ORANSJE?
I fjor fekk BFK eige klubbhus i Villaveien 1. No søker huseigar Bergen kommune om godkjenning for å male Villa Karine i oransje i samband med 30-årsjubileet. Meir.


>>>
01.11.23 - COMEBACK-KÅRE.
Etter seks år vender Kåre Martin tilbake til Barlia Fotballklubb. Spelar nummer 12 hadde sin debut tilbake i 2001, og han står med 14 mål for BFK. Velkommen heim Kåre!


>>>
09.09.23 - ALL TIME LOW.
Barlia presterte sin dårlegaste BFK-cup nokon sinne i Oslo i helga. Fire gruppespelkampar enda med fire tap. Les meir om arrangementet på turneringssida bfkcup.barliafk.com.
 

Nyheitsarkiv
Les gammalt nytt i nyheitsarkivet. Arkivet rommar nyhende og artiklar frå i dag og tilbake til 2005. Er det noko du ikkje finn, send ein mail til joakimsora@gmail.com.