Ole Petter Sve - Barlia Fotballklubbs Nummer 6
f. 1980 - d. 2007

-

Ole Petter.


Typisk parkering a la Ole.

 

 
Ole Petter var spelar nummer 6 på BFK Bedrift, og han var med frå den spede begynnelsen i Barlia Fotballklubb på midten av nittitallet.

Både på og utanfor bana var Ole Petter ein ressursperson, med smil og humor, og alltid ei hjelpandes hand.

I oktober 2007 døydde Ole Petter frå oss og vi har derfor valgt å frede draktnummer 6 i Barlia Fotballklubb, samt lage denne sida til minne om han.
 

Vi takkar for minna - så rike vi har,
med glede og smil, og alt som var.
Vi unnar deg kvilen, men saknar deg sårt.
Du gav av deg sjølv i stort og i smått.

Sjølv om du ikkje spelar på bana i dag,
vil du vere med oss når vi er samla ilag,
for dagar kjem og dagar går,
men du er den evige 6'er i klubben vår.

Bilder av og med Ole Petter

Under har vi samla bilder som vekker gode minner. Har du bilder du
meiner bør vere med i denne samlinga? Send dei til Joakim.

Ole Petter var ein framifrå naturfotograf. Vi har
samla eit knippe blinkskot frå Stranda og omegn.



Suksessbandet "The Bedrifters".


Ole Petter på ein av mange jobbturar.


Mekking på Myrstad.


Stranda Ungdomsturlag.


Sommarferie i Barlia.


Martin og Ole Petter poserar.


Ole Petter var engasjert i Røde Kors både sommer som vinter.


Akrobatikk på høgt nivå :)


Ole Petter var alltid ein av hovudpersonane under Camp Stranda.


Karane i heftig motorsagkrig.



Frå bildeserien: "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".


 Barlia Fotballklubb si drakt nummer 6 i glass og ramme.