Historie

1994 - Starten.
Det heile starta med at Joakim Sørå sykla rundt på Stranda kvelden 09.10.1994, og samla saman til eit fotballag. Tidlegare på året hadde det vorte starta opp to andre lokale Stranda-lag. Seinare på hausten spelte Barlia F.K. sin første kamp. Det var ein treningskamp, heime på Mona Park, mot Langlo F.K. Stillinga vart 13-8 til BFK, som hadde fått seg oransje drakter med Strakofa a/s.


1995 - Stranda Ligaen vert starta opp.
Ideen om å starte opp klubben var det Brynjulf Frøysa som kom med på hausten i 1994, og på våren 1995 vart Stranda Ligaen starta opp. Ligaen bestod av fem Stranda-lag, og Barlia F.K. vart seriemeister etter 4 heime og 4 bortekampar. Oransjetrøyene var ubesirga gjennom den første sesongen i Stranda Ligaen, og toppscorar for klubben og Stranda Ligaen vart Ole E. "Maradona" Hagen med 54 mål på 6 kampar.


1996 - BFK seriemeister for andre gong.
Våren 1996 starta den andre sesongen med Stranda Ligaen, og Barlia F.K. var sjølvsagt med. Tre lag stilte til start då sesongen byrja, og Barlia F.K. gjekk igjen ubesigra gjennom sesongen. Nokre spelarar slutta, andre kom til, nokre vart for gamle etter regelsystemet i Stranda Ligaen og somme var seld til andre klubbar. Toppscorar i Stranda Ligaen 1996 vart Espen Hove frå Barlia F.K., med 26 mål på 4 kampar.


1997 - Tredje, og siste, sesong i SL.
Tre lag var også med i Stranda Ligaen 1997, Barlia F.K. var eit av dei. Barlia F.K. spelte kun ein kamp på heile sesongen, men vart seriemeister på målforskjell. Barlia F.K. hadde igjen toppscoraren i Stranda Ligaen, denne gongen var det Torgeir S. Hoff som kom øvst på lista. Torgeir scora 16 mål på 3 kampar, men heile 12 mål scorte han på utlån. Etter 3 sesongar med Stranda Ligaen, vart ligaen lagt ned. Det vart også null aktivitet i Barlia Fotballklubb i to år.


1999 - BFK skipar innandørslag.
Men på hausten 1999, vart det liv igjen i klubben. Med ein del av dei spelarane som var med i den tidlegare Stranda Ligaen + nokre heilt nye spelarar, var målet å stille på Nattcup 2000 og seinare Vestborgcup 2000. Fram til jula 1999, hadde Barlia F.K. innandørstreningar i Strandahallen. Klubben kjøpte svarte shortsar frå Comet Sport i Ålesund, og fekk kvite strømper frå G-Sport Stranda i tillegg til dei gamle oransje draktene frå 1994. Barlia Fotballklubb spelte tilsaman 10 kampar på Nattcup 2000 og Vestborgcup 2000, og kom til sluttspel i begge cupane.


2000 - BFK Farmers og FK Barlia blir starta opp.
Til Vestborgcup 2000 vart det laga eit nytt lag i Barlia Fotballklubb, nemleg Barlia F.K. Farmers. Dei stilte i klassa gutar u/16 år, og vann bronsefinalen 5-3, etter å ha ligge under 1-3. Vestborgcup 2000 var den siste cupen Barlia-laga var med på i 2000. Etter ein liten pause på våren/sommaren 2000 begynte forberedelsane til vintersesongen 2001, med bl.a. skipinga av  FK Barlia som det tredje laget i rekka i Barlia Fotballklubb. Internettsida www.barlia.cjb.net vart lagt ut på nettet, og Barlia F.K. og FK Barlia fekk seg nye Umbro-drakter med SOLNYKLÆ' som hovudsponsor. Toppscorar i klubben dette året var Espen Hove med 9 mål.


2001 - FK Barlia sin første cup, sølv til Barlia F.K. på Nordfjordeid.
I år 2001 var Barlia F.K. og FK Barlia med på Nattcup 2001 og Vestborgcup 2001. FK Barlia gjorde det ganske godt på Nattcupen, og dei var ikkje langt ifrå å gå vidare i turneringa. Barlia F.K. vann pulja si, men som året før "rauk" Barlia F.K. ut av turneringa i åttandedelsfinalen. I tillegg til Barlia F.K. og FK Barlia stilte Barlia F.K. Farmers opp på Vestborgcup 2001. Farmerane kom seg ganske enkelt til finalen, og det såg ut som om finalen også skulle bli lett, etter at laget leda 6-3 litt ut i andre omgang. Men i dei siste minutta kollapsa laget, og 7-6-tapet var eit faktum. Barlia F.K. og FK Barlia kom i samme pulje i innleiande spel, og i den første kampen mellom to Barlia-lag nokon gong, vann Barlia F.K. 5-1. FK Barlia kom på tredjeplass i pulja, ein plass ifrå å gå vidare. Barlia F.K. gjekk vidare til kvartfinalen, men som året før måtte Barlia F.K. takke for seg i kvarten. Toppscoarar i klubben i 2001 vart Stian L. Melchior med 16 mål.

I oktober 2001 var Barlia F.K. med på ei bedriftsturnering i Strandahallen. Etter ein del rot frå cup-leiinga, hadde vi etter kvart ikkje nok spelarar, og måtte hente inn nye. Med minimalt av spelarar "rauk" vi i kartfinalen.

Sesongen 2001 vart avslutta med at FK Barlia og Barlia F.K. var med på nattcup på Nordfjordeid rett før jul, ein heilt grei cup der FK Barlia var nær ved å gå vidare. Med 1-0-tap i finalen, gjorde Barlia F.K. sin beste cup-prestasjon nokon gong. Med ein andreplass, kom Barlia-laga tilbake til Stranda i halvsju-tida om morgonen i ei enorm snøkave.


2002 - Aktiv sesong med 3 Barlia-lag.
Året 2002 starta med Expert Nattcup 2002 på Stranda. Denne gongen stillte Barlia Fotballklubb med alle tre laga på Nattcupen. Farmerane imponerte med å gå vidare etter  3-2 siger over O'pris O'pris. I åttandedelsfinalen tapte Barlia F.K. Farmers 4-1 mot Prim, den seinare tapande finalisten. FK Barlia gjekk også vidare frå gruppespelet, og i åttandedelsfinalen tapte dei 1-0 mot Los Caballeros. Eit sterkt resultat i og med at Los Caballeros vann heile turneringa. Barlia F.K. gjorde, slik som dei andre Barlia-laga, eit godt resultat. Med tap 2-1-tap i Bronsefinalen vart Barlia F.K. dei beste Stranda-laget, noko som lova bra for Vestborgcupen to veke seinare.

Og på Vestborgcup 2002 gjekk det så det suste. Farmarane var med i over-16-år-klassa for første gong og kom seg til kvartfinale. Med Barlia F.K. og FK Barlia gjekk det endå betre. Etter kjempespel i gruppespelet og sluttspelet, møttest laga i semifinalen. Barlia F.K vann kampen og gjekk til finalen,  FK Barlia gjor seg klare til bronsefinale. Men slik gjekk det ikkje. Begge laga vart diska pga at cupleiinga meinte at det var avtalt spel i semifinalen. 

Som i 2001, vart året avslutta med Nattcup på Nordfjordeid, der fleire eliteseriespelarar var med. (bl.a. Azar Karadas og Anders Stadheim) Denne gongen var alle tre Barlia-laga med.FK Barlia og Barlia F.K. Farmers kom i samme gruppe, og skulle spele mot kvarandre for første gong. Etter ein jamn kamp vann FK Barlia 2-1. Det var kun Barlia F.K. som gjekk vidare. Dei tapte semifinalen, og i og med at der ikkje var bronsefinale, kunne vi reise heim å ta juleferie etter nok ein artig sesong. Toppscorar i Barlia Fotballklubb dette vart Espen Hove med 14 fulltreffarar.


2003 - FK Barlia vinn Vestborgcup.
Men juleferien varte ikkje lenge, rett etter nyttår var det for 9. gong på rad duka for Nattcup på Stranda. Barlia Fotballklubb hadde med to lag. Barlia F.K. stilte ikkje pga at mange av spelarane var i militæret og på skule andre stader i Norge. Men Farmarane imponerte nok ein gong med gode resultat, og denne gongen gjekk dei heilt til "kvarten", der dei vart slått ut av den tapande finalisten Shadwell. FK Barlia gjorde det like bra. Dei kom seg også til kvartfinalen, der dei møtte fjorårets vinnarar Los Caballeros. Etter ein kamp der FK Barlia heilt klart var det beste laget, klarte Los Caballeros å utligne til 3-3 rett før slutt. Kven som skulle spele i semifinalen, vart avgjort på golden goal. Det var det "heldige" Oslo-laget som trakk det lengste strået.

På Vestborgcupen to veker seinare følgte FK Barlia opp det gode spelet frå Nattcupen, og vann like greit heile cupen!! For første gong gjekk eit Barlia-lag heilt til topps i ein cup, og FK Barlia-spelerane fekk raskt tilnamnet "GULLAGE`". Feiringa var enorm med kolonnekjøring og ville tilstandar i Stranda sentrum. Pga av spelermangel stilte eit svekka Barlia F.K. ôg til cupen, men rauk ut i puljespelet. Farmerane stilte ikkje grunna det samme som Barlia F.K., men det la ingen demper på stemninga i klubben. FK Barlia hadde vunne, og festen tok av!! I år, som i fjor, vart det Espen Hove som stakk av med toppscorartittelen i Barlia Fotballklubb med sine 14 mål.


2004 - Barlia Fotballklubb 10 år!! FK Barlia vinn Vestborgcup igjen, og BFK Babes vert skipa.
Jubileumsåret 2004 vart innleia med Nattcup 04 rett etter nyttår. Barlia F.K., FK Barlia og Farmers var alle med på cupen som Shadwell, noko overraskande, vann. For første gong var det Farmerane som kom lengst av Barlia-laga. Etter cupen var det 10 års-jubileumsfest på Møteplassen i Stranda sentrum med middag og underhaldning. Alle spelarar som spela eller har spelt i klubben vart invitert til fest, og at klubben no var ti år vart skikkeleg markert med 35 personar til middag. (les meir om jubilêet ved å trykke her) Ulike prisar vart udelt på festen, bl.a. fekk Fredrik Malmo prisen for mest trufast spelar. Han har vore med sidan starten, og har aldri svikta. Espen Hove fekk storscorarprisen etter 130 mål på dei 10 åra.

Litt seinare utpå vinteren var det duka for ein ny Vestborgcup, og på grunn av spelarmangel stilte FK Barlia med spelerar både frå Barlia F.K. og frå Farmers. Også dette året vann FK Barlia finalen etter ekstraomgangar, og "GULLAGE`" slo til igjen!! Toppscorar i klubben i 2004 blei Mersad Hodzic med 7 ballar i nettet. Det skjer stadig ting i BFK, og på Vestborgcup 2004 stod eit nytt Barlia-lag klar på startstreken. Barlia F.K. Babes, med Andrea Aaland i spissen, stilte i jenteklassa og debuterte med sølv, ein svært god debut. Babes er det fjerde laget i rekka i Barlia Fotballklubb, men det skulle vise seg at det var ikkje det siste..


2005 - BFK Bedrift kjem til verda.
..for på hausten 2004 vakna det femte, og hittil siste, Barlia-laget til livet. Barlia F.K. Bedrift, med Jens F.D. Langlo, Nils E. Ringstad og John D. Høyland i spissen, skulle debutere på Nattcup 2005 der målsetninga var å score eit mål. Og med ein målforskjell på 1-31 nådde dei målet sitt, neste år er målsetninga ein seier. BFK, FKB og Farmers stilte også på Nattcup 2005, og alle tre laga gjekk vidare til mellomspelet, men det vart stopp der. Etter cupen var det Generalforsamling på Møteplassen med talar og sosialt samvær. Sjølv om ikkje eit Barlia-lag ikkje gjekk til topps i turnerninga, ville mange hevde at Barlia Fotballklubb vann 3 av 4. Bjørnar vann den årlege "Chippen"-konkurransen, og i tillegg til å ha den beste festen, "vann" BFK også dansegolvet på hotellet denne kvelden.

Men det var ikkje berre på dansegolvet Barlia Fotballklubb gjor det godt, BFK Farmers gjekk seirande ut av Vestborgcup 2005. Dette var tredje året på rad at eit Barlia-lag vann cupen på herresida. BFK Babes tok bronsen i jenteklassa med ein bunnsolid 6-1-seier i bronsefinalen.

I løpet av heile sommaren 2005 trente det nye Barlia-laget, BFK Bedrift mykje. Dei hadde mange treningar bl.a. i ballbingen på Helstad skule. Ut i november dette året samla store delar av laget seg i Bergen til fest, moro og fotball. På søndagsmorgonen den 13.11 kl 08.00 var BFK Bedrift klar som nykokte egg. Etter knappast 2 timar søvn, var alle, utanom "Storhønnjskøsen", klar til å spele fotball. Kort oppsummert: 3 solide kampar, 3 solide tap, mykje moro! Toppscorarprisen i klubben vart, for første gong, delt dette året. Storscorar Espen Hove måtte dele tittelen med Håkon M. Dalen, for begge hadde 11 mål når året var omme.


2006 - Ny andre- og fjerdeplass.
Året starta, som vanleg, med Nattcup, som vart arrangert første helga i januar i Strandahallen. Det vart ein av dei største nattcupane som har vore avvikla hittil når ein ser på antall lag. Nytt av året var at det var eiga dameklasse med åtte lag, deriblant BFK Babes. Med ein seier, ein uavgjort og eit tap, holdt det akkurat ikkje til å gå vidare, men ein god debut var det likevel. BFK Bedrift fortsatte tapsrekka med fem nye tap og 0-46 i målforskjell. Så mykje bedre gjekk ikkje det for FK Barlia heller, etter sjukdom og skader gjekk laget ut alt i gruppespelet. Bedre gjekk det for dei to siste Barlia-laga. Barlia F.K. hadde fin flyt og leda 2-0 i sin 8-delsfinale, men når sluttsignalet gjekk, stod det 2-3 på resultattavla. Det var BFK Farmers som redda æra til Barlia Fotballklubb dette året. Med bunnsolid spel og mange mål, kom laget seg heilt til bronsefinalen der Raging Retards vart litt for sterke. Nattcupleiinga kåra Farmers-keeper Aril Ravnøy til årets spelar på cupen. Etter ballen var lagt død, og lysa slokt i Strandahallen, var det klart for Generalforsamling 2006 på Møteplassen i Stranda sentrum. Det vart nok ein gong suksess! (Les meir om arrangementet med bl.a. prisutdeling og konkurransar, under linken Generalforsamlingar i hovudmenyen over).

Ein knapp månad etter Nattcup var det duka for Vestborgcup 2006. BFK Farmers stilte som einaste representant frå Barlia Fotballklubb. Laget var i fin flyt, og hadde få problem med å komme seg til finalen, men måtte ta til takke med sølv. Den grepa karen Robin Aasen, ein nyervervelse frå Stordal, debuterte med stort spel for farmarane dette turneringa. Etter tre år på rad med gull til Barlia Fotballklubb i Vestborgcupen var no ein aldri så liten epoke over, iom at det er 20 års øvre aldersgrense på cupen.

På seinhausten i 2006 bestemte alle liabygdarane i Barlia fotballklubb seg for å skipe eige lag. Laget Team Libya skulle stille til Nattcup 2007. Dette førte til visse omrokeringar i Barlia. Laget Barlia F.K. mista 3 spelarar, FK Barlia mista 2, og BFK Farmers mista 1 spelar. Det vart bestemt at FK Barlia, laget med dei kvite draktene, skulle leggast ned, dei fleste spelarane som var igjen på det laget gjekk til Barlia F.K., Nicolai Græsdal gjekk til Farmers. Barlia Fotballklubb takkar liabygdarane for innsatsen gjennom dei opptil 7 åra dei var i klubben.


2007 - Sølv på Nattcup.
Eit av årets høgdepunkt, Nattcup, vart arrangert 5.-6. januar. Barlia stilte med alle sine fire lag. På BFK Bedrift vart Claus den store helten då han scora det einaste målet deira på cupen. Ein to års måltørke var no over for Bedriftgjengen. Farmarane spelte godt heile vegen, dei slo bl.a. Los Caballeros 2-1, og vann gruppa si. I åttandedelsfinalen møtte dei Ørsta-gjengen Systembolaget (laget som slo ut Barlia F.K. i åttandedelsfinalen i fjor.) BFK Farmers leda lenge 1-0, men Systembolaget utligna minuttet før slutt. I ekstraomgangane hadde Farmers fleire matchballar, men folka frå Ørsta vart igjen for sterke for Barlia. Barlia F.K. rauk også i åttandelesfinalen, dei tapte 2-0 mot Stranda-laget La Caos.

I år var det BFK Babes som skulle redde æra til Barlia Fotballklubb. Med solid spel i begge endar av bana, hadde dei stø kurs mot finalen. Her må ein spesielt trekke fram Karina Løseth i mål, den levandes veggen vart kåra til årets spelar på Nattcup 2007. I den svært jamne finalen vart det 2-1-tap mot Spenstige Lår frå Stranda, eit resultat Barlia-jentene kan være svært stolte over!

Nattcup-helga vart, tradisjon tru, avslutta med Generalforsamling 2007 og fest på Stranda Hotell etterpå. Det som har vore beteikna som årets fest, slo ikkje feil denne gongen heller. Eit ord om kvelden - Fantastisk! (Les meir under linken Generalforsamlingar i hovudmenyen over.)

Rett før julerushet starta for fullt tok BFK Bedrift turen til Bergen og Coca Cola Cup i Vestlandshallen. Sjølv om det blei to 0-8-tap, fekk laget med seg ein positiv opplevelse med 3-6-tap. Tre mål i ei og samme turnering er ikkje kvardagskost for Bedrift-gjeng. Eit anna hyggeleg moment var at Martin Jelle Sylte aksla den oransje trøya etter 10 år på sidelinja. Martin spelte sin siste kamp for Barlia tirsdag 30. mai 1997, men avbrekket kunne knapt merkast, Martin scora i debuten, noko som lova godt for framtida.


2008 - Mål nummer 1000 og lansering av klubbsang.
Allereie før Nattcup 2008 gjekk praten om at det berre var 31 mål til Barlia Fotballklubb hadde scora 1000 mål i si historie. Klokka 09.50 på lørdagsmorgonen spelte BFK Babes mot Frustrerte fruer, då hadde BFK-laga scora 998 mål sidan starten i 1994. Jentene gjekk tidleg opp til 1-0 og det 999. målet var scora, kven ville komme til å score mål nummer 1000? Tonje Berge var hissig på å bli historisk, men stolpen stod i veien, det gjorde den heile tre gongar i kampen. I tillegg spelte den bakerste frustrerte frua utruleg godt, og stoppa skudd frå både Beate og Anna Lina. Kampen enda 1-0.

Neste kamp med Barlia-lag involvert vart ironisk nok Barlia F.K. mot BFK Farmers. Dei to Barlia-laga møttes i mellomspelet, og det skulle ikkje ta langt tid for det historiske målet kom. Etter litt rot i Barlia F.K. sitt forsvar, fekk debutanten Bjørnar Aure frå Skodje komme på fin skothald, sjølv om Sørå fekk ei hand på ballen var det ikkje nok til stoppe farmarane. Mål nummer 1000 var eit faktum, speaker Ole Magnar Kjølås stoppa kampen, og gav Bjørnar t-skjorta til venstre som det synlege beviset. Denne skjorta spelte mannen frå Skodje med resten av kampen.

Etter kampen måtte Bjørnar innrømme at det var litt spesielt å score. "Vi snakka om det før kampen, det ville vore artig at eg som ny på laget kom og scorte jubileumsmålet, og det skjedde jo!", sa Bjørnar. Kampen var ikkje berre historisk på grunn av målet. Det var også første gongen Barlia F.K. tapte mot eit anna Barlia-lag, og det til gangs. Når sluttsignalet gjekk stod det heile 5-0 til BFK Farmers, er det eit troneskifte på gang i Barlia Fotballklubb?

Nattcup blei sånn midt på treet for alle Barlia-laga. Barlia F.K. rauk ut i mellomspelet, Farmerane tapte i kvarten, Bedrift fekk inn eit mål mot sjølvaste Hoggorm, signert Thoro, og Babesa tapte bronsefinalen. Alt i alt ei turnering på det jamne.

Men det var fleire historiske hendingar knytta til Nattcup 2008. Under Generalforsamlinga, som nok ein gong blei ein suksess, lanserte vi Barlia-sangen med musikkvideo. Sangen, som er skrive av Torgeir S. Hoff og Joakim Sørå, blei årets hit utover dei seine nattetimar på dansegolvet på Stranda hotell. (Hør, sjå og syng her).


2009 - Barlia Fotballklubb - 15 år.
Året blei som vanleg innleia på med Nattcup i Strandahallen. Sportsleg blei det nok ein gong BFK Babes som redda klubbens ære. Jentene spelte seg til bronsefinale der det blei, som året før, eit-målstap og fjerdeplass. Farmarane slo ut Barlia F.K. i play-off-kampen, medan Bedrift tapte "berre" 2-4 eine kampen, og scora dermed 2 mål under turneringa.

Under generalforsamlinga på Nattcup-lørdagen, feira klubben seg sjølv med sine 15 år. Det var ekstra stort program, og det heile vart leia av Kim V. og Roger på Møteplassen i Stranda sentrum.

Seinare på året blei 15-årsjubilanten feira med eigen stand under Strandadagane, som vart arrangert fredag 4. og lørdag 5. september 2009. Standen blei ein ubetinga suksess med tombola og triksekonkurranse, der finalen gjekk av stabelen frå hovudscena. (Les meir om arrangementet her). Sunnmøringen skreiv også eit stykke om femtenåringen - les meir her.


2010 - BFK Bedrift vert historiske, før dei blir historie.

Under den 16. utgåva av Nattcup var det BFK Farmers som kom lengst av Barlia-laga med kvartfinaletap. Farmarane gjekk forbi Barlia F.K. på Nattcup sin maratontabell og er pr. dags dato det beste laget i klubben. Nattcup 2010 blei den siste for BFK Bedrift. Etter 29 kampar med kun tap, skulle kamp nummer 30 bli historisk for bedriftgjengen. Då sluttsignalet gjekk stod det 0-0 på måltavla - BFK Bedrift hadde tatt sitt første poeng! Dette blei sjølvsagt feira som eit av høgdepunkta på Generalforsamling 2010. Kampen etter tapte dei glade amatørane 1-9, og Anders Hellevik fekk gleda av å sette inn det siste målet i BFK Bedrift sin 31. og siste kamp. Barlia Fotballklubb står no igjen med tre lag; Barlia F.K., BFK Farmers og BFK Babes. Heile klubben takkar BFK Bedrift for innsatsen og seks fantastiske år.


2011 - Back to basic.
Av Barlia-laga var det kun Barlia F.K. som gjekk vidare frå gruppespelet under Nattcup 2011. Eldstekarane i klubben tok derfor tilbake "tittelen" som det beste laget i klubben i og med at BFK Farmers blei forbigått på Nattcup sin maratontabell. Det må også nevnast at forsvarar Joakim Relling blei årets toppscorer med 6 mål.

Utpå hausten blei det bestemt at jentene i BFK Babes ville gi seg etter åtte år, og etter at lauva hadde forsvunne frå trea, var det også klart at tolv år med BFK Farmers var historie. Barlia Fotballklubb har med andre ord "rykka tilbake til start" og 1994 - ein klubb - eit lag.


2012 - Melch takkar av med å sende ut Melk.
For første gong sidan 1999 var det kun eit lag i oransje. Stian Ljøen Melchior debuterte i BFK-trøya i 99, og etter Nattcup 2012 bestemte han seg for å legge sko på hylla. Men før han gjorde det sørga han for å sende fjorårsvinnar Melk ut av cupen allereie i gruppespelet. I play-off-kampen satsa Stian alt i ekstraomgangane og sendte både seg sjølv og ballen i mål i 1-0-seieren. BFK måtte likevel gi seg i mellomspelet. Vi takkar Stian for 14 fine år i Barlia Fotballklubb. Han blir ståande med 42 mål som ein av dei mestscorande i klubben.


2013 - Nye folk og nye drakter til klubben.
Før Nattcup 2013 fekk BFK inn to nye spelarar. Torjus Aaland og Kristian Klemetzen aksla trøye 13 og 14, men denne gongen var ikkje trøya oransje. Torgeir hadde gått i spissen for å kjøpe inn nye drakter, og svart drakt og shorts med oransje trykk og oransje strømper var blitt valgt. Mest truleg dei finaste draktene klubben nokon gong har hatt.

Nykommaren Kristian slo til med både å bli toppscorer på Nattcup og med bandet Adjunkt Dørums Band. Bandet består rett og sletta av dei to ferskaste spelarane i klubben. Songen "Fra bar til bar til Barlia" blei ein hit frå første sekund. Seinare på året blei songen spelt inn som studioversjon ved hjelp av Mads Arron og Bjørnar Nupen i Bergen. Dette blei ein slags opptakt til alt det som skulle skje i 2014.


2014 - 20 årsjubileum.
I 1994 blei Barlia Fotballklubb stifta. Dette blei feira på beste måte med Generalforsamling/20 årsjubileumsfest etter at Nattcup 2014 var avslutta i Strandahallen lørdag 4. januar. Heile 18 programinnlag stod på tapetet denne kvelden, og festen blei opna av sjølvaste Bård Tufte Johansen. Mellom godbitane denne kvelden var også lanseringa av musikkvideoen til Barlia Fotballklubb sin nye klubbsong "Barlia". Videoen blei også lagt ut på youtube og hadde fleire hundre visningar berre etter kort tid. Jubileet blei rikt dekka i lokale media. Les meir om BFK sitt 20 årsjubileum både under Avisutklipp og under oppsummeringa frå Generalforsamling 2014/20 årsjubileumsfesten.

Seinare på året blei det arrangert 20 årsjubileumstur til London. Det blei ein fantastisk tur i mai-veret, og under opphaldet blei det også spelt jubileumskamp mot Sjømannskirka i den britiske hovudstaden. Det blei kalassiffer, Barlia FK vann heile 13-1, og Hans Martin blei den store helten med heile 4 mål.


2015 - Ny tid med ny cup.

Kort tid før Nattcup 2015 skulle arrangerast fekk vi beskjed om at cupen var avlyst. Etter kort betenkningstid bestemte Barlia Fotballklubb seg for å arrangere ein alternativ cup i samme tidsrommet. Derfor gjekk tidenes første BFK-cup av stabelen lørdag 3. januar 2015. Elleve lag var med i Strandahallen. Vestnes Futsal gjekk av med seieren. Cupen var ein ubetinga suksess, og planlegginga for nye BFK-cupar var allereie igang. Nettsida www.bfkcup.barliafk.com kom fort på plass.

14. mars samme året blei BFK-cup 2015 arrangert. Arrangørklubben BFK tapte finalen på kunstgraset ved Nordahl Grieg VGS ved Lagunen i Bergen, og 19. september såg BFK-cup Oslo dagens lys. Det skjedde på Voldsløkka i Oslo. Denne gongen måtte Barlia FK takke for seg i kvartfinalen etter ekstraomgangar.


2016 - Kun ein cup.

Sjølv om Barlia Fotballklubb frå 2015 arrangerte to BFK-cupar i året (Bergen om våren og Oslo om hausten), klarte vi ikkje i 2016 å få Oslo-cupen opp og gå, så dette året blei det kun BFK-cup Bergen. BFK komt til kvartfinalen der Baune Sand blei for sterke.


2017 - Nok ein gong berre ein cup.

I 2017 klarte BFK igjen å arrangere to cupar. Ein i kvar av dei to største byane i landet, men som deltakar klarte vi berre å stille på Oslo-cupen. Der gjekk det svært bra. Det blei ein knepent 1-2-tap i finalen, men nok ein gong hadde Barlia vist at laget kan nå langt i turneringar.


2018 - To finalar.
Og den gode trenden fortsatte. Under BFK-cup Bergen 2018 stilte heile 18 lag i Vestlandshallen. Bjørnar hadde lagt ned ein stor innsats i å få til ei svært god turnering. BFK kom heilt til finalen igjen, det samme skjedde på hausten under BFK-cup Oslo 2018. Sidan BFK-cup starta opp i 2015 har BFK spelt fire finalar, og alle gongane har laget måtte ta til takke med andreplassen.