I 1994 blei
Barlia
Fotballklubb stifta. Dette blei feira på beste måte med
Generalforsamling/20 årsjubileumsfest etter at Nattcup 2014 var
avslutta i Strandahallen lørdag 4. januar. Heile 18 programinnlag stod på tapetet denne kvelden, og
festen blei opna av sjølvaste
Bård Tufte Johansen.
Det var
Harald Eia som opna Barlia Fotballklubb sitt 10 årsjubileum
i 2004. Ti år etter tok altså
Bård Tufte Johansen over stafettpinnen og
opna 20 årsfesten med beskjed om at det kun er Atle Antonsen som kan
opne 30 årsfesten om ti år. Det var fleire kjendisar som ville gratulere
jubilanten, og gratulasjonane kan du høre under.
>>>HØR
Bård Tufte Johansen opne festen.
>>>HØR
Davy Wathne sin gratulasjonsmelding.
>>>HØR
Ivar Morten Nordmark gratulere BFK.
>>>HØR
Jan Ove Tryggestad sin gratulasjon.
Den årlege innveginga viste at
gjennomsnittsvekta på laget er høgare enn nokon gong. I 2013 var
gjennomsnittet i Barlia Fotballklubb 90,54 kilo, og i 2014 har talet
auka til 91,38. Det var ingen grunn til å deppe over tala, så då var det
berre å sette seg til bords og innta den tradisjonsrike
stroganoff-gryta a la Barlia.
Odd Sveinung sin takk for maten-tale oppsummerte laget og maten i
ett. Kvar person i klubben vart ein ingrediens i retten. Djupt og
rørande frå unge Hareide. Odd Sveinung kunne også informere om
jubileumsturen klubben skal gjennomføre i mai. Han er reiseleiar når
Barlia Fotballklubb vender nasen mot London der vi blant anna skal både
skal sjå og sjølv spele fotball. Dette gler vi oss enormt til. Hans
Martin fulgte opp med å lese Ronny Ødegård sitt gratulasjonstelegram:
>>>Les
telegrammet frå Ronny her.

Utdeling av prisar
For at en fotballklubb skal henge saman må den fungere på mange plan.
Prisen 20 års hederspris ville framheve ein person som har stått på for
klubben heilt sidan starten. Når det gjeld mat, transport og overnatting
har prisvinnaren vore uvurderleg for klubben. Samtlege i Barlia
Fotballklubb takkar deg Margot for alt du har gjort for oss.
Det var tid for å avsløre kven som skulle bli Årets spelar (prisen er
også kjent som Årets
sjampis). Det er spelarane sjølv som bestemmer kven som skal vinne via
avstemning. Vinnaren frå 2012 slo til igjen og Alexander vann prisen og
kunne sprette champisen med sine 31 poeng. Han vann med minst muleg
margin, for Hans Martin tok andreplassen med 30 poeng. Joakim R. fekk,
for andre året på rad, Årets
kaktus med beskjed om å skjerpe seg til neste år.
Les meir om kåringa her.
Årets Sjampis - Årets Spelar
2014:
Alexander Græsdal
Årets Kaktus - Årets
Skjerpings 2014:
Joakim
Relling
|
Verdspremiere og dansefilm
Klokka 22.00 var det klart for verdspremiere i kjellarstua i Barlia 45.
Barlia Fotballklubb sin nye klubbsong "Barlia" hadde fått musikkvideo.
Sangen blei lansert før jul, men videoen hadde ingen sett før.
Musikkvideoen blei også lagt ut på
youtube og hadde fleire hundre treff
berre etter kort tid.
Enda ein film skulle sjå dagens lys under festen. Torgeir hadde brukt
store delar av juleferien på å lage ein dansefilm til Darf Punk og
Pharrel Williams sin Get lucky. Ein fantastisk film og ein fabelaktig
innsats av Torgeir gjorde sitt til at youtube-klikka strøymde på frå
første sekund. Det er vert å sjekke ut
denne youtube-linken.
Etter at den festlege gjengen hadde fått eit gjenhør med sin eigen Minttu-sang
var det klart for Adjunkt Dørums Band. Røyken låg tjukk i lokalet då
gutane hamra laus på trommer og gitar. Nok ei super forestilling frå dei
to yngste på laget med blant anna framføring av diktet "Det vil skje" og
allsong av hiten "Fra
bar til bar til Barlia".
Etterkvart var vi over i den meir uformelle delen av programmet, og det
var fleire som hadde innslag på sparket utan at vi skal komme nærmare
inn på det her. Det vart ein svært kjekt jubileumsfest som blei avslutta
med tur til Stranda hotell og mingling med resten av Nattcup-laga.
Vi ser fram til jubileumstur til England i mai.
|

Tradisjonsmat i Barlia 45.

Foring.

Takk for maten-taleren.

20 års-hedersprisen gjekk til Margot.

Spenninga blir utløyst om kven som vinn
prisen
Årets spelar 2014.

Alexander har nettopp blitt Årets spelar
2014.

Det blei ein meget populær
vinnar.

Joakim R. "stakk av" med prisen Årets
kaktus.

Karane klar for verdspremiere.

Hans Martin med riverdance-innslag.

Adjunkt Dørums Band i aksjon.

"Fra bar til bra til Barlia".

Allsang!
|